Parlamentsmedlem: Statsminister, hvorfor lyger du til meg?
Gideon van Meijeren er ein ung mann som nyleg har fått eit sete i det nederlandske parlamentet. I sitt aller fyrste møte i parlamentet konfronterte han statsminister Rutte om hans kjennskap (og vennskap?) til Klaus Schwab, grunnleggjar og leiar av World Economic Forum, som har fått «æra» av å lansere konseptet The Great Reset, Den store nullstillinga, der du skal eige ingenting og vere lykkeleg.
________________________________________________________________________
Innlegget er hentet fra Saksyndig
________________________________________________________________________
Van Meijeren byrjar med å snakke om Schwab si berykta bok Covid-19: The Great Reset, som «tilfeldigvis» kom ut i 2020, berre månader etter at regjeringar over heile verda samstundes erklærte pandemi og ein haug tiltak som aldri hadde vore del av dei opphavlege pandemiførebuingsplanane til vestlege land. Van Meijeren spør korleis statsminister Rutte vurderer innhaldet i denne boka. Rutte nektar kvar ein kjennskap til boka, og anklagar van Meijeren for å kome med konspirasjonsteoriar.
Den modige unge mannen seier deretter:
«Det overraskar meg at det fyrste spørsmålet eg stiller herr Rutte sidan eg vart svoren inn som medlem av parlamentet […] vart svart med ei løgn.»
Han presenterer so eit brev datert 26.november 2020, som herr Rutte sendte til Klaus Schwab, der Rutte takkar Schwab for å ha sendt han boka si (som Rutte nettopp påstod at han ikkje kjende til). I brevet kallar Rutte boka «ein håpefull analyse for ei betre framtid».
Rutte svarer at han sendte brevet av rein høflegheit, og påstod at han ikkje hadde hatt tid til å lese boka. Van Meijeren spør difor om det er tilfelle at Rutte dermed ikkje laug til han, men til Schwab i staden for. Van Meijeren kjem med følgjande briljante spørsmål, medan den unge dama bak han faktisk knekk saman i latter:
«Eg har eit spørsmål til: Herr Schwab ber i boka si om at vi nullstiller verda vår. Han ønskjer å erstatte vårt parlamentariske demokrati med eit globalt teknokrati. Han ber om slutten på privat eigedom (!) og openbert er ikkje herr Rutte eingong klar over at han kalla dette: Ein håpefull analyse for ei betre framtid. Korleis er det mogleg at herr Rutte gjev verdi til ei bok som har ein nykommunistisk bodskap medan han ikkje eingong las denne boka?»
Statsminister Rutte vart med andre ord teken i løgn av ein ung mann som hadde sin fyrste dag i parlamentet. Kunne audmjukinga av ein vondsinna globalist ha vore meir komplett? Det er ikkje for tidleg at dei meir vakne og oppegåande innan politikken byrjar å setje denne «eliten» til veggs og avkreve svar på kvifor dei gjennom sine utvitskaplege tiltak og ukritiske massevaksinering forårsakar massedød og kollaps av samfunn og økonomi.
Forsidebilde: Brett Jordan
En kort bemerkning fra redaktøren: Denne sekvensen i det nederlandske parlamentet finnes på video. Her er en link:
7 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 7 ganger.
Post Views: 66