Oppfinneren av mRNA-teknologien: Ikke gi barna vaksinen!

Derimot.no

derimot.no:

Før barnet ditt får sprøyta, sjå kva dr. Robert Malone seier om COVID-vaksinering av barn

av Dr. Robert Malone

Global Research, 15. desember, 2021

The Unity Project

Før du vaksinerer barnet ditt, irreversibelt og potensielt med permanente skadar, finn ut korfor 15 000 legar og vitskapsfolk innan medisin frå heile verda har signert ei kunngjering som offentleg erklærer at friske barn IKKJE bør vaksinerast mot Covid-19.

På vegner av desse legane (MD) og doktorane (PhD) tilbyr doktor Robert Malone, som har via karrieren sin til utvikling av vaksinar, nokre klare og tydelege vitskapelege faktum som foreldre bør ta omsyn til før dei tar avgjerda.

Her er en link til videoen hvor Robert Malone fremfører sitt budskap.

Malone si kunngjering – den fulle teksten

Namnet mitt er Robert Malone, og eg talar til dykk som forelder, besteforelder, lege og vitskapsmann. Eg brukar ikkje vanlegvis å lese opp frå ein ferdigskriven tale, men dette er så viktig at eg ville forvisse meg om at eg får lagt fram kvart ord og kvart vitskapelege faktum korrekt.

Eg står ved denne erklæringa med ein karriere dedikert til vaksineforkning og -utvikling. Eg er sjølv vaksinert mot Covid, og eg er generelt for vaksinering. Eg har via heile karrieren min til utvikling av trygge og velfungerande måtar å hindre og behandle smittesjukdommar.

Etter dette vil eg publisere teksten til denne erklæringa, slik at du kan dele den med vener og familie.

Før du injiserer barnet ditt – ei avgjerd som er irreversibel – ville eg la deg få kunnskap om dei vitskapelege fakta rundt denne genetiske vaksinen, som er basert på mRNA-vaksineteknologien som eg skapte:

Det er tre ting foreldre må forstå:

For det første at eit viralt gen vil bli sprøyta inn i barnet ditt sine celler. Desse gena tvingar kroppen til barnet ditt til å danne giftige piggprotein. Desse proteina forårsakar ofte permanent skade i barns vitale organ, inkludert

  • hjernen og nervesystemet deira
  • hjartet og blodkara deira, inkludert blodproppar
  • forplantningssystemet deira, og
  • denne vaksinen kan utløyse fundamentale endringar i immunsystemet deira.

Det mest alarmerande poenget er at når skadane først har skjedd, så er dei ureparerbare

  • Du kan ikkje fikse skadane inne i hjernen deira
  • Du kan ikkje reparere arr i hjartevevet
  • Du kan ikkje reparere eit genetisk nullstilt immunsystem, og
  • Denne vaksinen kan føre til forplantningsskadar som kan innverke på familien din sine framtidige generasjonar.

For det andre treng du å vite at denne nye teknologien ikkje har blitt tilstrekkeleg uttesta.

  • Vi treng minst fem år med testing/forskning før vi verkeleg kan forstå risikomomenta
  • Skadar og risiko ved nye medisinar blir ofte ikkje avslørt før mange år seinare

Spør deg sjølv om du verkeleg vil at barnet ditt skal ta del i det mest djuptgåande medisinske eksperimentet i menneskets historie.

Og eit siste poeng: grunnen dei gir deg for at du skal vaksinere barnet ditt, er ei løgn.

  • Barna representerer ingen fare for foreldra eller besteforeldra sine.
  • Det er faktisk tvert imot. Immuniteten deira, etter å ha fått Covid, er heilt nødvendig for å redde familien din, om ikkje heile verda, frå denne sjukdommen.

Oppsummert: Det gagnar ikkje verken barnet ditt eller familien din å vaksinere barnet mot dei små farane ved viruset, når vaksinen har kjende helserisikoar som du, som forelder, og barna dine kan måtte leve med resten av livet.

Risk/nytte-analysen er ikkje ein gong i nærleiken.

Som far og bestefar vil eg råde deg til å stå imot og ta opp kampen for å verne barna dine.

Denne kunngjeringa vart levert i ei livestream-hending den 12. desember, med Unity Project and Global Covid Summit som vert.

YouTube har blokkert videoen hvor Dr. Mallone uttaler seg. (Så mye for ytringsfriheten, NB! Red.)

Dr. Robert Malone og andre leiande legar diskuterte si siste  Physicians’ Declaration update, korfor friske barn skal vaksinerast, og risikomomenta som er knytte til det. Les bevismateriale  her.

Dr Robert  Malone er oppfinnaren av mRNA-teknologien.

***

Om Unity Project

The Unity Project, ein upolitisk, non-profitt opplærande organisasjon, promoterer «barna-først-agendaen» som fokuserer på integritet, omsorg, fornuft og bevisbasert motivasjon. For meir informasjon, besøk www.UnityProjectOnline.com.

Om Global Covid Summit

Global Covid Summit er produktet av ein internasjonal allianse mellom legar og medisinske vitskapsfolk som har via seg til å tale sanninga til makta om Covid-pandemi-forskning og -behandling. Ver så snill å lese, og vurder å skrive under på, erklæringa vår  HER.

Original kjelda for denne artikkelen: The Unity Project

Copyright © Dr. Robert MaloneThe Unity Project, 2021

Omsett av Monica Sortland

Tidligere publisert på derimot.no

Forsidebilde: Tyler Nix

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 639 ganger.

Post Views: 2 028

Les artikkelen direkte på derimot.no