New Public Management herjar vidare: Drama i Åbo.

Derimot.no

New Public Management svekkjer universiteta bl.a. gjennom sin autoritære leiarstil.

Av Edvard Mogstad, historiker

Det svenskspråklege universitetet i Finland, Åbo Akademi, vart i november skaka av ei dramatisk hending, – den kvinnelege rektoren, Moira von Wright, vart sparka med omedelbar verkan, samrøystes!

Årsaka var ein arrogant og kjenslelaus leiarstil.

Åbo Akademi… – alle med sans for universitetas historie i Norden får ei ærbødig kjensle.

Alt i 1640 fekk Finland sitt første universitet, Kungliga Akademien i Åbo. Om lag samstundes byrja nordmennene å mase på danskekongen om universitet i Norge. Dette vart innvilga først i 1811, som kjent, sia danskane var redde for at eit universitet i Norge ville bli ein arnestad for nasjonalistisk agitasjon.

Slik frykt hyste ikkje svenskane for den finske riksdelen sin. Tvert imot, fram til tapet av Finland til Russland i 1809 var finnane blant svenskekongens mest lojale støtter, og universitet vart det alt i 1640.

_______________________________________________________________________
“Modernisering” er ei omskriving av forstokka leiarmodellar frå 1800-talet eller tidlegare.
_______________________________________________________________________

Rett nok kom ein mellomperiode under den russiske tida der universitetet, etter Åbos bybrann i 1827, vart flytta til Helsingfors, den nye hovudstaden, men i 1918 gjenoppsto det under sitt noverande namn.

Åbo Akademi sia 1918

Åbo Akademi er Svenskfinlands flaggskip. (Åbo Universitet er finskspråkleg.) Men nya tider kom også til Finland, i form av moderne leiarideologiar. I røynda er denne «moderniseringa» ei omskriving, ein eufemisme, av ein attergang til gamle, forstokka modellar frå 1800-talet og tidlegare, som så mykje anna modernisering. (I Norge har vi til og med fjolla oss med ein «moderniseringsminister»!)

Tyrannosaurus Rex og Regina

I Norden er det ikkje noko nytt med tyrannosaurar av båe kjønn som rektorar og inspektørar. Men vi er vande med ein nordisk leiingsmodell, der vi strevar etter konsensus, og der dei tilsette blir respektert og lytta til. Men ein ny, effektiv forretningsmodell har pressa seg inn i alle forvaltingsområde, som høgskular og sjukehus. Sjefar blir utnemnde, ofte heilt utan røynsle frå skuleslaget eller hospitalet dei skal leia.

Dette er ei kjent sak for dei som har arbeidt i systemet. Det verkeleg forfriskande i denne saka, er at styret endeleg lytta til dei tilsette, følgt opp av den grundige kommentaren i Hufvudstadsbladet, Svenskfinlands hovudorgan, som er ei liberal avis som lèt kritiske røyster sleppe til i så godt som alle aktuelle samfunnsspørsmål, som økonomi, klima, vaksine, den russiske fare, osb.

Vi siterer frå kommentaren til Torsten Fagerholm (3.11.2021):

«Här

Nettopp! Att forska eller undervisa er ikkje som å produsere korv eller tannkrem!

Kjernen i misèren er ikkje ein tilfeldig tyrannosaurus, men sjølve det autoritære systemet, New Public Management kalla, som gir spelerom til slike tyrannøgler.

Så lat oss få halde fram med ein demokratisk, nordisk modell, eller som Fagerholm rundar av kommentaren med:

«Frihet (…) utgör den akademiska kärnan.»

46 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 49 ganger.

Post Views: 64

Les artikkelen direkte på derimot.no