Nato-toppmøtet en svanesang. Nato er på vei mot undergangen.
derimot.no:
Vestens pine
Av Thierry Meyssan.
Sergej Lavrov brukte å samanlikne Vesten med eit såra rovdyr. Ifølgje han burde det ikkje bli provosert fordi det kunne bli gripen av galskap og øydeleggje alt. Det er betre å følgje det til gravlunden. Vesten har ikkje det synet. Washington og London fører eit korstog mot Moskva og Beijing. Dei brøler og er klare for alt. Men kva kan dei verkeleg gjere?
G7-toppmøtet i Bayeren og NATO-toppmøtet i Madrid skulle opphavleg erklære Vestens straff av Kreml for sin «spesialmilitære operasjon i Ukraina». Men, dersom vestleg sameining var biletet som vart gjeve, attesterer realiteten at dei er fråkopla røynda, tapet deira av publikum og til slutt enden på overtaket deira.
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Medan Vesten er overtydd om at det som står på spel er i Ukraina, ser verda dei stå overfor «Thucydides-fella»(1) [omgrepet tydar at når ei stormakt sin leiande posisjon er truga av ei anna makt som vil erstatte den, er krig eit sannsynleg utfall; oms.komm.]. Vil internasjonale relasjonar halde fram med å bli organiserte rundt dei, eller vil dei bli fleirsidige? Vil folka som har blitt undertrykt framtil no bryte laus og oppnå suverenitet? Vil det vere mogleg å tenkje annleis enn i termane global dominans, og å vie seg sjølve til utviklinga av kvart individ?
Vesten har dikta opp ei forteljing om den russiske «spesialmilitære operasjonen» i Ukraina som ser over deira eigne handlingar sidan oppløysinga av Sovjetunionen. Dei har gløymt at dei skreiv under på Charter for European Security (òg kjent som OSCE Instanbul-erklæringa), og måten dei bryt den på ved å få nesten alle dei tidlegare medlemmane av Warszawa-pakta og nokre av dei nye tidlegare sovjetstatane til å slutte seg til dei éin etter éin. Dei har gløymt korleis dei endra den ukrainske regjeringa i 2004, og statskuppet i 2014 som dei brukte til å setje banderitt-nasjonalistar til makta i Kiev i 2014. No når dei har gjort reint bord rundt fortida, skuldar dei på Russland for alt som er gale. Dei nektar å stille spørsmålsteikn ved eigne handlingar og vurderer, for tida, at dei vart tvinga til makt. For dei lagar sigrane lova.
For å bevare denne innbilte forteljinga har dei allereie teia russisk media heime.
Same kor mykje dei hevdar at dei er «demokratar», er det betre å sensurere dissident-stemmer før dei lyg.
So dei tilnærmar seg Ukraina-konflikten, utan motseiing, ved å overtyde seg sjølve om at dei har plikt til å dømme åleine, å fordømme og sanksjonere mot Russland. Ved å utpresse små statar, greidde dei å få tak i ein tekst frå FN-generalforsamlinga som ser ut til å vise at dei har rett. Dei planlegg no å plukke Russland frå kvarandre som dei gjorde med Jugoslavia og prøvde å gjere i Irak, Libya, Syria og Jemen (Rumsfeld/Cebrowski-strategien).
For å gjere dette, byrja dei å isolere Russland frå verdas finans og handel. Dei stengde deira tilgang til SWIFT-systemet og Lloyds, noko som hindra dei i å kjøpe og selje, so vel som overføre varer. Dei trudde dette ville føre til Russlands økonomiske kollaps. Faktisk, 27. juni 2022 var Russland ute av stand til å betale ei gjeld på 100 millionar dollar og kredittvurderingsbyrået Moody’s erklærte dei insolvent. (2)
Men dette hadde ikkje den ønskte verknaden: alle veit at reservane i den russiske sentralbanken er fulle av utanlandsk valuta og gull. Kreml betale dei 100 millionane, men kunne ikkje overføre dei til Vesten på grunn av vestlege sanksjonar. Dei har plassert dei på ein depositumskonto [escrow account på engelsk; oms.an.] der dei ventar på sine debitorar.
I mellomtida har Kreml, som ikkje lenger blir betalt av Vesten, byrja å selje produksjonen sin, spesielt sine hydrokarbon, til andre kjøparar, spesielt Kina. Transaksjonane som ikkje lenger kan utførast i dollar blir gjort i andre valutaer. Som eit resultat flyt dollarane som kundane deira brukte før, tilbake til USA. Denne prosessen hadde allereie byrja fleire år tidlegare. Men vestlege einsidige sanksjonar har akselerert den betydeleg. Den digre mengda dollarar som samlar seg opp i USA skaper ein massiv prisauke. Sentralbanken gjer alt den kan å dele det med eurosona. Prisauken spreier seg i høg fart over heile det vesteuropeiske kontinentet.
Den europeiske sentralbanken er ikkje eit byrå for økonomisk utvikling. Deira hovudoppgåve er å handtere inflasjon innåt i EU. Dei kan ikkje saktne den plutselege prisauken i det heile, so dei prøver å bruke den til å redusere gjelda si. Medlemsstatane i EU blir difor invitert til å kompensere for fallet i kjøpekraft blant sine «borgarar» ved å lågne skattane og dele ut trygdeytingar. Den dette er ein endelaus sirkel: ved å hjelpe sine borgarar, bind dei hendene og føtene sine til den europeiske sentralbanken, dei lenkjer seg sjølve litt meir til dei amerikanske gjeldene og blir endå fattigare.
Der finst ingen kur for denne inflasjonen. Dette er fyrste gong at Vesten har måtte feie opp dollarane som Washington har trykt uforsvarleg i årevis. Auken i prisar i Vesten korresponderer til kostnaden til imperiepengebruk dei siste tretti åra. I dag og berre i dag betaler Vesten for sine krigar i Jugoslavia, Afghanistan, Irak, Libya, Syria og Jemen.
Framtil no drap USA alle som truga overherredømmet til dollaren. Dei hengde president Saddam Hussein for å nekte den, og plyndra den irakiske sentralbanken. Dei torturerte og lynsja leiaren Muamar el-Gaddafi som var i ferd med å førebu ein ny pan-afrikansk valuta, og plyndra dei libyske sentralbanken. Dei gigantiske summane samla av desse oljestatane forsvann sporlaust. Det einaste vi såg var amerikanske soldatar som tok fleire titals milliardar dollar pakka inn i store søppelposar. Ved å ekskludere Russland frå dollarhandelen, har sjølve Washington forårsaka det som dei frykta sånn: dollaren er ikkje lenger den internasjonale referansevalutaen.
Fleirtalet av resten av verda er ikkje blinde. Dei har forstått kva som skjer og har hasta i veg til St.Petersburg økonomisk forum, for deretter å prøve å melde seg på det virtuelle Brics-toppmøtet. Dei innser – litt for seint – at Russland lanserte sitt «Partnerskap for Stor-Eurasia» i 2015, og at deira utanriksminister, Sergej Lavrov, har høgtideleg erklært det på FN-generalforsamlinga i september 2018. (3) I løpet av fire år vart det bygd massar av vegar og jarnbaner for å integrere Russland i nettverket til den nye «Silkevegen», land og sjø, som Kina førestiller seg. Det var difor mogleg å forskyve vareflyten på nokre få månader.
Fallet i verdi av dollaren og forskyvinga i vareflyten skaper ein endå større auke i energiprisar. Russland, som er ein av verdas leiande eksportørar av hydrokarbon, har sett ein betydeleg auke i inntekter. Valutaen deira, rubelen, har aldri hatt det betre. Som respons har G7 sett eit pristak for russisk olje og gass. Dei beordra det «internasjonale samfunnet» om å ikkje betale meir.
Men Russland kjem openbert ikkje til å late Vesten setje prisane på produkta deira. Dei som ikkje ønskjer å betale marknadsprisar vil ikkje vere i stand til å kjøpe dei, og ingen kundar har tenkt å gå utan dei for å tilfredsstille Vesten.
G7 prøve å organisere, i det minste intellektuelt, sitt overherredømme. (4) Dette fungerer ikkje lenger. Vinden har endra retning. Dei fire hundreåra med vestleg dominans er forbi.
I desperasjon har G7 via seg sjølv til å løyse den globale matkrisa som deira politikk har forårsaka. Dei landa det gjeld veit at kva G7-pliktene tydar. Dei ventar framleis på den store afrikanske utviklingsplanen og andre luftslott. Dei veit at Vesten ikkje kan produsere nitrogengjødsel og at dei hindrar Russland i å selje sin. G7-hjelpa er berre eit plaster for å få dei til å vente meir, og ikkje stille spørsmål ved dei heilage prinsippa til fri handel.
Det einaste moglege valet som kan redde vestleg dominans, er krig. NATO må lykkast i å øydeleggje Russland militært, som Roma eingong raserte Kartago. Men det er for seint: den russiske hæren har langt meir sofistikerte våpen enn Vesten. Dei har allereie eksperimentert med dei sidan 2014 i Syria. Dei kan knuse sine fiendar når som helst. President Vladimir Putin eksponerte den oppsiktsvekkjande framgangen til sitt arsenal til sine parlamentarikarar i 2018. (5)
NATO-toppmøtet i Madrid var ein fin kommunikasjonsoperasjon. (6) Men det var berre ein svanesong. Dei 32 medlemsstatane erklærte si sameining med desperasjonen til dei som fryktar å døy. Som om ingenting hadde skjedd, la dei fyrst fram ein strategi for å dominere verda dei neste ti åra, og nemnde Kina sin «vekst» som eit bekymringsmoment. (7) Ved å gjere det, innrømte dei at målet deira ikkje er å sikre sin eigen tryggleik, men å dominere verda. Deretter opna dei tiltredingssprosessen for Sverige og Finland, og vurderte å nærme seg Kina med, som eit fyrste steg, den moglege tiltredinga av Japan.
Den einaste hendinga, som raskt vart teken kontroll på, var det tyrkiske presset som tvinga Finland og Sverige til å fordømme PKK. (8) USA, som var ute av stand til å motsetje seg, droppa sine allierte, dei kurdiske leigesoldatane i Syria og deira leiarar i utlandet.
Med dette valde dei å auke NATO Rapid Reaction Force frå 40 000 til 300 000 menn, 7,5 gonger, og stasjonere dei på den russiske grensa. Ved å gjere det har dei nok ein gong brote sin eigen signatur, den på Charter for Security in Europe, ved å direkte truge Russland. Russland har inga moglegheit til å forsvare sine digre grenser, og kan berre sikre sin tryggleik ved å sikre seg at inga utanlandsk makt installerer ein militærbase på grensa deira (den brende jords taktikk). Allereie set Pentagon i omløp framtidige kart av oppløysinga av Russland, som dei håper å innføre.
Den tidlegare russiske ambassadøren til NATO og noverande direktør i Roscosmos, Dmitry Rogozin, har respondert ved å publisere på sin Telegram-konto koordinatane til NATO sine avgjerdstakande senter, inkludert Madrid-toppmøterommet. (9) Russland har hypersoniske oppskytingsverktøy, for tida umoglege å avbryte, som kan bere eit atomstridshovud på nokre få minutt til NATO-hovudkvarteret i Brüssel og Pentagon i Washington. For å unngå misforståingar spesifiserte Sergej Lavrov, og alluderte til Straussianarane, at krigsavgjerdene til Vesten ikkje vart tekne av militæret, men av det amerikanske statsdepartementet. Dei kjem til å bli det fyrste målet.
So spørsmålet er: vil Vesten spele for alt det er verdt? Vil dei ta risikoen for ein Tredje verdskrig, sjølv om den allereie har blitt tapt, berre for å unngå å døy åleine?
[1] Destined For War: Can America and China escape Thucydides’s Trap?, Graham T. Allison, Houghton Mifflin Harcourt (2017).
[2] « Government of Russia : Missed coupon payment constitutes a default », Moody’s, June 27, 2022.
[3] “Remarks by Sergey Lavrov to the 73rd Session of the United Nations General Assembly”, by Sergey Lavrov, Voltaire Network, 28 September 2018. “UNO : birth of the post-Western world”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 2 October 2018.
[4] « Communiqué des chefs d’Etat et de gouvernement du G7 d’Elmau », Réseau Voltaire, 28 juin 2022.
[5] “Vladimir Putin Address to the Russian Federal Assembly” by Vladimir Putin, Voltaire Network, 1 March 2018. “The new Russian nuclear arsenal restores world bipolarity”, by Thierry Meyssan, Translation Pete Kimberley, Voltaire Network, 6 March 2018.
[6] “What to remember from the 2022 NATO Summit in Madrid”, Voltaire Network, 29 June 2022.
[7] 2022 NATO’s Strategic Concept.
[8] “Turkiye, Sweden, Finland Memorandum”, Voltaire Network, 28 June 2022.
[9] “Russia threatens Western decision-making centers”, Voltaire Network, 29 June 2022.
Omsett av saksyndig.
Henta frå VoltaireNet.org.
Forsidebilde: Robert Woeger
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 1