Moon of Alabama: Konsekvenser av Ukraina-krigen: Vi får en ny verdensorden.

Derimot.no

av Arnaud Bertrand

@RnaudBertrand den 26.mars, 2022

Kva er dei viktigaste vendingane i Ukraina-krigen så langt?

Eg ser tre:
1) Frysinga av verdiane til Russlands sentralbank
2) At Kina og India har nærma seg kvarandre
3) Sementeringa av EUs vasall-status overfor USA

Eg er einig i desse, men vil legge til at krigen sannsynlegvis også vil medføre 4) NATOs bortgang på lengre sikt og 5) at USA får ei stadig mindre rolle å spele i Midtausten på grunn av krigen.

1) Frysinga av Russlands (og Irans, Venezuelas, Afghanistans) tilgangar vil få alvorlege konsekvensar for US-dollaren. USA mislegheldt tillitsforholdet då dei heldt tilbake russiske bankinnskot og andre verdiar som dei hadde ei moralsk plikt til å gi tilbake. Kina og alle andre vil flytte reservane sine over til land eller inn i handelsvarer som ikkje er under USA sin kontroll. Sjå Michael Hudson-intervjua her og her:

«Det betyr at andre land brått ser at det dei hadde trudd var ei trygg hamn, det dei hadde trudd var deira sikraste sparemåte, kapitalinnskot i US-amerikanske bankar, US-amerikanske statskassevekslar, med eitt held dei som gislar og er ein høg risiko. Sjølv Financial Times i London har skrive om dette. Avisa spør: korleis kan USA – som var gratispassasjer pga dollarstandarden dei siste 50 åra, heilt sidan 1971, medan andre land sparte på dollar i staden for gull (og å halde på dollar betyr at ein kjøper US-amerikanske statsobligasjonar som finansierer USA sitt budsjettunderskot og eksportunderskotet) – korleis kan USA drepe gåsa som legg gullegget, som har gitt gratispassasjerstatus? Vel, svaret er at andre land berre kan gå over til gull, og der er det eit alternativ til dollar fordi alle landa i verda har blitt einige om at gull er ein verdi, ikkje ein risiko. Viss du sit på utlandsk valuta, er den valutaen eit anna land si gjeld, og viss du sit på gull, så er det ein rein verdi.»

2) Det har lenge lege i korta at Kina og India ville nærme seg kvarandre. Grensekjeklinga om nokre få tusen kvadratmeter fjellstein dei siste åra, verka aldri særleg fornuftig. Ukraina-krisa har vist at India og Kina har felles interesser. Dei kjem til å finne ei løysing for grensa, og dei vil atter gå for fullt samarbeid. Dette betyr slutten for Quad’en, den USA-konstruerte anti-Kina-koalisjonen av dei fire landa Australia, India, Japan og USA sjølv.

3) Sementeringa av EUs vasallstatus overfor USA vil berre vere midlertidig. Europeiske selskap har sine eigne interesser, og dei vil presse sine politikarar til å innta meir realistiske standpunkt:

Det sit langt inne for Europa å klare seg utan russisk gass. Serbias president Aleksandar Vucic sa i går: «Det er mangel på gass, og det er grunnen til at treng å snakke med russarane. Europa vil gå for å redusere avhengigheita si av russisk gass, men kan det skje i åra som kjem? Dette er veldig vanskeleg.»

«Europa forbruker 500 milliardar kubikkmeter gass, medan Amerika og Qatar kan tilby 15 milliardar, opptil siste molekyl… Det var derfor tyske og austerrikske politikarar fortalde meg: ’Vi kan ikkje øydelegge oss sjølve. Om vi legg sanksjonar på Russland innan olje- og gassdomenet, vil vi øydelegge oss sjølve. Det blir som å skyte seg i foten før ein skal i kamp.’ Slik er det visse rasjonelle folk i Vesten ser det i dag.»

4) Når det gjeld NATO: Så snart Russland har fullført sin operasjon i Ukraina, så vil det bli klart og tydeleg at dei absolutt ikkje har interesse av å angripe noko NATO-land. Den komande perioden med høg inflasjon vil medføre krympande forsvarsbudsjett. Eit NATO som kjem med lovnadar, slik dei gjorde til Ukraina, men som manglar både vilje og middel til å halde løfta, er på villspor og har ikkje nokon seriøs hensikt. Organisasjonen vil visne bort.

For oljestatane i Midt-Austen dreiar dette seg om pengar – ikkje moral

5) I Midtausten har USA vist seg som ein upåliteleg alliert. Saudi-arabarane og andre treng nokon andre til å verne om sikkerheita:

Den russiske intervensjonen i Ukraina overraska Golf-regjeringane og forårsaka ein god del uro. Her var det regjeringar som dei siste åra hadde prøvd å balansere sin primære lojalitet til USA med eit nytt forsøk på å betre relasjonane til Kina og Russland.

Sjølv om Putin intervenerte i Syria mot viljen til Golf-regima – desse såg heller at den syriske herskaren Bashar al-Asad skulle miste makta – så godkjende dei løysinga og målmedvitet til den russiske regjeringa. Brutalitet under russisk eller US-amerikansk intervensjon betyr fint lite for Golf-despotar. Dei verdset først og fremst Putin-administrasjonen sin vilje til å stå last og brast med sin allierte i Damaskus, i motsetning til det dei ser som manglande målmedvit i USA sitt forholdet til klientane i Golfen.

Golf-regima føler at Putin er meir lojal enn USA, og den skadefro åtferda til UAE og Saudi-Arabia dei siste vekene er eit uttrykk for frustrasjonen dei kjenner m.o.t. USA si rolle i regionen. (Riyadh forhandlar t.d. med Kina om å gjere noko av oljehandelen sin i den kinesiske valutaen yuan, noko som i så fall vil vere eit slag mot US-dollaren som blir brukt i 80 prosent av oljesala i verda. Fram til no har saudiane utelukkande brukt dollar. Og emiratiske og saudiske leiarar har nekta å svare på telefonanrop frå Biden.)

Kina og Russland kjem sannsynlegvis til å samarbeide om å bygge opp ein del ny sikkerheitsarkitektur i Midtausten.

Etterkvart som alt dette utspelar seg, kan det godt ende opp med at USA sin politikk med å presse og sette Russland ut av balanse ikkje vil ha fungert, men i staden har skapt eit tilbakeslag som kraftig har skada USAs eigne strategiske posisjon.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Mộc Đăng Khoa

https://www.moonofalabama.org/2022/03/some-likely-longterm-effects-of-the-war-in-ukraine.html#more

120 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 120 ganger.

Post Views: 139

Les artikkelen direkte på derimot.no