Derimot.no

Militærindustrien på kne: “Takk, kjære gud for krigen i Ukraina!”

AV KARL EVERS-HILLSTROM OG ELLEN MITCHELL –

THE HILL15. MARS 2022

Konflikten mellom Russland og Ukraina er ei velsigning for USAs forsvarskontraktørar, som vil profittere på at Vestens aukar sine militære utgifter for å støtte opp under Kiev («Kyiv») sine styrkar og tilpasse seg ustabiliteten i regionen.

I vekene etter Russlands invasjon godkjende Kongressen [i Washington] ei historisk høg løyving til forsvar, medan USAs allierte i Europa lova å dramatisk auke sine forsvarsutgifter for å stå imot den russiske trusselen, tiltak som vil bringe nye, lukrative kontraktar til våpenindustrien.

«Det finst mange moglege måtar for kontraktørane å profittere på, og på kort sikt snakkar vi kanskje om titals milliardar dollar, noko som ikkje er småtteri sjølv for desse storselskapa,» seier William Hartung, senior forsknings-fellow ved Quincy Institute for Responsible Statecraft.

Noen tjener grovt på kriger og kriser.

President Biden signerte på tysdag ein pakke på 1,5 billionar dollar [$1500 milliardar] som allokerer $782 mrd. til forsvar, rundt $30 mrd. meir enn det han før har bede om, og nær 6 prosent meir enn fjorårspakken. Løyvinga gir også $6,5 mrd. i militær støtte til aust-europeiske land, inkludert $3,5 mrd. til endå fleire våpen til Ukraina.

Den ekstra Ukraina-støtta kjem på toppen av over $1 mrd. som USA allereie har brukt det siste året på væpning av ukrainske soldatar med moderne våpen, inkludert anti-tank-missilet Javelin, som blir produsert av Lockheed Martin og Raytheon Technologies, og Raytheon sitt antiluftskyts Stinger-missil.

«Det finst eit gamalt ordtak som seier ’Flo hevar alle skip’. Så eg trur at når det er kanalisert så mykje pengar, så vil vi sjølvsagt at våre selskap skal konkurrere om desse,» seier Arnold Punaro, pensjonert trestjerners general og tidlegare stabssjef for Senatets  Armed Services Committee, som no arbeider som konsulent for forsvarsindustrien.

Ein forsvarslobbyist fortalde The Hill at ein kortsiktig verknad av å raskt sende meir av utstyr og forsvarssystem til ukrainarane, blir at «vi vil måtte fylle opp igjen noko av det sjølve, så det vil tvinge Pentagon til å kjøpe meir frå nokre av forsvarsselskapa.»

Og på lengre sikt, seier lobbyisten, ventar Demokratane og Republikanarane eit auka forsvarsbudsjett til neste år òg.

«Så det vil pumpe meir pengar inn i anskaffing og [forsking og utvikling].»

Kontraktørane augnar også tilleggssal i Europa, der fleire land – inkludert Tyskland, Polen, Sverige og Italia – har kunngjort at dei vil auke forsvarsbudsjetta sine.

Krigspropagandaen har den underlige effekten at den fører til større bevilgninger til krig, ikke til det motsatte.

Visande til russisk aggresjon, sa Tyskland på måndag at dei ville kjøpe opptil 35 US-amerikanske Lockheed Martin F-35-kampfly, ei nær heilomvending i høve til dei tidlegare planane om å pusseopp sin aldrande flåte med ein kombinasjon av eldre, billigare jetfly laga i USA og Europa.

Det kjem etter at Tysklands kanslar Olaf Scholz i slutten av førre månad kunngjorde at nasjonen ville investere $111 mrd. i eit nytt militært investeringsfond, og auke forsvarsutgiftene til over 2 prosent av brutto nasjonalprodukt.

«Vi er stolte av tilliten som det tyske føderale Forsvarsdepartementet og Luftwaffe-embetsmenn har vist oss med valet av F-35,» sa Lockheed Martin.

Sidan starten på nyåret har Lockheed Martin-aksjane auka med nesten 25 prosent, medan Raytheon, General Dynamics og Northrop Grumman kvar auka aksjeprisen med rundt 12 prosent.

På eit møte (’earnings call’) i januar sa Lockheed Martin-sjefen James Taiclet at «den fornya rivaliseringa mellom stormaktene» ville føre til oppblåste forsvarsbudsjett og ekstrasal. Same dag fortalde Raytheon Technologies-sjefen Greg Hayes investorane at selskapet venta å sjå gode «sjansar for internasjonale sal» no midt i den russiske trusselen.

«Spenningane i aust-Europa, spenningane i Sørkinahavet, alle desse tinga legg press på noko av forsvarsutgiftene over der,» sa Hayes. «Så eg har fulle forventningar til at vi vil sjå nokre fordelar av det.»

Forsvarslobbyisten spådde også stor vinst for US-amerikanske forsvarsfirma takka vere auka europeiske forsvarsutgifter.

«Sjølv om mange land har sitt eige forsvarsindustrielle grunnlag, så lagar dei ikkje alt dei treng sjølve. Så dei vil i mange tilfelle stole på oss for missilar, luftfartøy, bakkefartøy,» sa dei.

Forsvarsindustrigrupper viste også til stigande spenningar då dei pressa lovgivarar i USA til å vedta ein utgiftspakke, heller enn å gå for eit vedtak som ville gitt langt mindre forsvarsfinansiering.

National Defense Industrial Association (NDIA) åtvara lovgivarane i januar om at dersom dei ikkje vedtok kostnadspakken, så «risikerte dei å signalisere ein mangel på seriøsitet og evne til å stå imot russisk aggresjon i Ukraina og kinesiske aksjonar i aust-Asia og Sørkinahavet.»

Lovgivarane har sagt at krigen og den humanitære krisa i Ukraina frambragt av Russlands president Vladimir Putin, pressa dei til å finne saman og vedta ein generell utgiftspakke etter månadar med trenerte forhandlingar. Kongressen endte med å løyve langt meir hjelp til Ukraina enn Biden hadde bede om.

HistoryExtra on Twitter:
Krigspropaganda fører til større velvillighet i befolkningen til å godta opprustning og krigsforberedelser

«Utifrå eit juridisk standpunkt har vårt rettspolitiske team fokus på tillegget i budsjettet utover den støtta det var bede om for Ukraina og det faktum at det ser ut til å ha hjelpt folk å skjøne forsvarsprioritetar for avskrekking,» sa Kea Matory, NDIAs direktør for juridiske retningslinjer, i ein e-post.

Lovgivarane har indikert at den store utgiftsauken ikkje er temporær. Medlem av House Armed Services CommitteeAdam Smith (D-Wash.), sa tidlegare denne månaden at 2023-budsjettet kjem til å auke endå meir fordi Kreml sin invasjon «fundamentalt [har] endra kva vår posisjoninnan nasjonal tryggleik, kva vår forsvarsposisjon treng å vere.»

Regjeringas 2022 utgiftssvedtak, som blei vedtatt i begge kammera med overveldande støtte frå begge partia sist veke, inkluderte milliardar av dollar til skip og fly som Pentagon ikkje har bede om – noko som er ganske vanleg i Kongressen.

Kongressen autoriserte $27 mrd. til marineskip, inkludert $4 mrd. til fleire fartøy som Marinen ikkje hadde bede om, og $900 mill. til nye Boeing F/A-18 Super Hornet kampjetfly som Marinen hadde håpa å fase ut. Pakken inneheld også milliardar til kjøp av 20 fleire Lockheed Martin C-130J transportfly enn det Pentagon hadde bede om.

Lovgivarar som representerer distrikt med eit stort antal forsvarsindustrijobbar, ofte toppmottakarar av kontraktørars politiske donasjonar, pressar oftast på for desse innkjøpa. Senator Roy Blunt (R-Mo.) og representant Vicky Hartzler (R-Mo.), medlem av House Armed Service Tactical Air and Land Forces Committee, kjempa for at F/A-18-flya og andre fartøy som blir produserte i St. Louis skulle inkluderast. 

«Dette handlar eigentleg om økonomi og innanrikspolitikk,» sa Hartung.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Chris Liverani

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 49

Les artikkelen direkte på derimot.no