Militære realiteter: USAs hangaskipsflåte er utdatert.

Derimot.no

Denne artikkelen som er uforståelig for mange handler om det militære styrkeforholet mellom USA og Russland. Bakgrunnen er at Russland har utviklet en rekke nye våpen (særlige av missil-typen) som i praksis har overflødig-gjort USAs militære ryggrad (De store hangarskipsgrppene).

Artikkelen handler om særlig et av disse våpnene, det hypersoniske missilet Zircon som kan fly med en fart av nærmere 10 ganger lydens hastighet og har en svært lang rekkevidde. Våpenet er allerede utplassert på fly og skal åpenbart nå også utplasseres på ubåter og mindre overflatefartøy.

Da Putin annonserte disse våpnene for over tre år siden (sammen med en rekke andre), ble de møtt med stillhet i vest og tildels benektelse. Men dette er harde realiteter. Hvis de eksisterer, noe de nå åpenbart gjør, endrer de den militære maktbalansen fordi de tvinger USAs hangarskips-grupper ut i åpne farvann langt fra land. Plassert på ubåter endrer de det militære styrkeforholdet mellom USA og Russland dramatisk.

Zirkon

Men det tar tid før disse realitetene siger inn hos den militære og ikke minst politiske ledelsen i USA. Særlig den sistnevnte har ruset seg i flere ti-år på sin militære styrke og overlegenhet, men det går nå mot slutten.

Andrei Marytanov er sovjetisk-født ekspert på russiske militære og særlig sjømilitære tema. På midten av 1990-tallet flyttet han til USA hvor han har arbeidet som leder i en kommersielt aero-space-gruppe. Vi har omtalt hans først bok (Loosing military supermacy: Å miste det militære overtaket) her på derimot.

Artikkelen til Martyanov er holdt i en lett ironisk tone åpenbart et resultat av langvarige diskusjoner i USA med militære og politisk eksperter som lenge har stukket hodet i sanden og ikke har fulgt med i de dramatiske endringene som skjer i verden. Selv om artikkelen er et år gammel er den fortsatt hyperaktuell. Faktisk mer aktuell enn for et år siden, noe USAs dramatiske flukt fra Afghanistan forteller om.

En skal være temmelig ruset av USA-propaganda for ikke å skjønner at dette vil få store negative militære og politiske konsekvenser for USA og deres medløpere (f.eks. Norge). Tar vi med at Nato nå trekker seg fra en evt. militær konfrontasjon i Ukraina mot Russland, trer det frem et stadig tydeligere bilde av en militærallianse med oppblåst selvbilde, men hvor den reelle makten ikke er i nærheten av den grandiose retorikken til f.eks Nato-sjefen Stoltenberg.

Knut Lindtner (redaktør derimot.no)

Om Zircon, igjen.

Andrei Martyanov’s Blog

Friday, October 9, 2020

Om ein skal døme etter nyhenda om siste utskyting av 3M22 Zirkon frå Admiral Gorsjkov, har testane vore svært vellykka, og, som TASS rapporterer (på russisk), er det planlagt tre nye utskytingar frå Gorsjkov innan året er omme. Testane inkluderer skyting på mål som imiterer hangarskip. 

Iblant desse utskytingane er det tenkt å skje ei undervassutskyting frå ein av Jasen-klasse (prosjekt 885) SSGN’ane, førre gong var det Severdovinsk, trur eg. Som venta, og folk i diskusjonsfora har allereie påpeika dette faktum, er det mange krokodilletårer og mykje spinn i dei vestlege media kring denne utskytinga. Men hugs den første reaksjonen og deretter den pinefulle (for Vesten) ferda gjennom Kubler-Ross sin modell for sorg-syklusar. 

David Axe er en militærkorrespondent i USA.

Det enda sjølvsagt med at USA kravde å inkludere dei ikkje-eksisterande våpena i START-avtalen. Eg lurer på korfor eg enno ikkje har høyrt noko frå vår store «strategikar», prognosemakaren over alle prognosemakarar, det eksemplariske, militære flogvettet David Axe, men eg er sikker på han kjem til å låne ut sin ekspertise på sovjetiske/russiske våpenprogram kvar augneblink som helst no.

Eg har konsekvent sagt at det å gå inn i det hypersoniske paradigmet ER ein verkeleg revolusjon, det kan ikkje bli meir verkeleg enn det. Det er ein revolusjon fordi det endrar krigens natur. Putin var utvetydig då han snakka med Valery Gerasimov om Zirkon-utskytinga – det er ei hending av massiv skala for Russland. Vel, for verda og. Ein annan «ekspert», Kyle Mizokami, som skriv om Zirkon, har misforstått heile greia.

Kyle Mizokami skriver om forsvars- og sikkerhetstema, særlig i Japan

Zircon er designa for å bruke kvitglødande fart for å treffe målet før det kan mobilisere eit effektivt forsvar. Dersom eit forsvarande skip har sin søkeradar montert 100 fot over havoverflata, og Zirkon flyg i ei høgd på 1000 fot (det verkelege talet kan vere mykje lågare), så bør radaren oppdage missilet når det er kring 8 mil unna. Med ein fart på over 2,7 km per sekund vil Zirkon fylle ut tidsgapet på berre 29 sekund. Det betyr at det forsvarande skipet vil måtte oppdage, spore, identifisere, skyte ut forsvarande missilar og avskjere angrepet på under eit halvt minutt.

Som med alle Russland sine missilar for mål til sjøs (eller lands), så har også Zirkon multivariante flygeruter, og den kan nå målet sitt i ulike baner, inkludert «dykke» inn i den koneforma blindsona til radaren og angripe nært vertikalt, som X-32. Men dette er utanfor poenget; avskjering av eit M=8+ missil i manøver handlar ikkje om «29» sekund (gitt at det ville blitt oppdaga i det heile – og det finst grunn til å anta at sjølv oppdaging av denne typen missil er ekstremt vanskeleg), det er fysisk umogleg å gjere noko, sjølv under dei beste tilhøve. Ein salve på 4 eller 6 Zirkon-missilar – det er over kapasiteten til dei mest avanserte anti-luft/missil-system å ein gong reagere, og slik vil det bli i lange tider framover.

Det finst inga teknologisk løysing for stopping av denne typen våpen i USA på noverande tidspunkt. Forgreiningane er kolossale: generelt blir dei ei treg, vanskeleg omdanning av overflateflåtane til mindre (fregattstorleik) plattformar. For den russiske marinen frigjer Zirkon hender på området havkontroll, ikkje berre langs kysten eller grøne soner, men om nødvendig i fjerne farvatn eller langt til havs. Det lar dei vakte overflateangrepsgrupper mot eventuelle forsøk frå US Navy på å bruke sitt CBG-skyts. (CBG er USAs hangaskipsgrupper, red.)

Abraham Lincoln hangskipsgruppe

Så hangarskipa blir endeleg flytta til den nisjen der dei høyrer heime – primært eit maktoppvisningsverkty mot ustabile einingar. Openberrt vil ein gigantisk pengebruk på bygging og drift av CGB reise det seriøse spørsmålet: er det å ha for rundt 20 milliardar dollar i utstyr (CVN+eskorte, skip+luftfarty) i rimelig samsvar med den svært avgrensa yteevna til dette sinnsjukt dyre utstyret, slik forholda no er? Det er for dyrt til å bombe eit lite, tilfeldig drittland, men å angripe Russland?

Med eit Russland som offisielt har kunngjort sine planar om å utstyre 7 ubåtar og 5 frigattar med Zirkon, pluss potensielt 6 andre, moderniserte Udaloy’ar (prosjekt 1155M) utstyrt med ein fullversjon (1000+ km rekkevidd), for ikkje å snakke om ein massiv flåte av Russlands små missilskip (pr. 21631 og 22800) klare for å motta versjonen Zirkon Light (rundt 500+ km rekkevidd), ja, då lyt ein spørje: Kva no? 

Marshall Billingslea

No vil Marshall Billingslea prøve å atter late som om Russland vil forhandle om sitt nyaste arsenal, og han vil «presse» russarar som sannsynlegvis vil le i smug av å bli «pressa» inn i ei slags ettergivenheit for … kva som enn måtte vere månadens smak i D.C.. Det mest skremmande som kan skje for USA er sjølvsagt om noko liknande våpen skulle ende opp i Kina sine hender. Ikkje at det nødvendigvis vil skje, men kven veit – Russland vil ikkje la Kina falle militært om det verste skulle skje (Gud forby) og nokre galningar (og det finst rikeleg av dei) i D.C. bestemmer seg for å rette Amerikas implosjon utover ved å starte ein «liten, sigersrik» krig. 

Sjølv gamle Kissinger sa:

USA treng å revurdere sitt hegemoni og snakke med Kina om avgrensing av rivaliseringa deira, for alternativet er danninga av tilhøve som liknar dei som var rett før Første verdskrig, åtvara Henry Kissinger. “Leiarane våre og leiarane deira lyt diskutere grensene for truslar, og korleis ein skal definere det,” sa Kissinger, ein toppdiplomat under Nixon-administrasjonen som har fått æra for å organisere USA si tilnærming til Kina. “Du kan seie det er totalt umogleg, men om det stemmer vil vi gli inn i ein situasjon lik Første verdskrig,” åtvara han.

USA har rett og slett ikkje noko godt alternativ no. Ingen. Men eit mindre vonde er å snakke med russarane – og ikkje i form av geopolitisk bullshit og våte draumar om at USA på ein eller annan måte kan overtyde Russland til å «gi opp» Kina, USA har ingenting, null, å tilby Russland til gjengjeld for noko slikt. Men i det minste kan russarane og amerikanarane kanskje til slutt forlikast fredeleg om dette «hegemoni»-tullet og deretter overtyde Kina om å endeleg sette seg, som ein av Dei store tre, ved bordet og endeleg avgjere korleis verda bør styrast. Det er USA sin einaste sjanse til å framleis halde seg relevante i den nye verda. USA kan enten forhandle og akseptere grensene for sin innverknad, eller landet vil forsvinne på ein eller annan måte. Uansett er det mykje å tenke gjennom kring dette spørsmålet, for verda endrar seg med den sinnsjuke farten.

Omsett og lett bearbeida og noke forkorta av Monica Sortland

Tidligere publisert på derimot.no

93 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 465 ganger.

Post Views: 2 475

Les artikkelen direkte på derimot.no