Kan krigen også ha en skjult hensikt? Er angrepene i Ukraina målrettet mot USAs biolaboratorier i Ukraina?

Derimot.no

Går Putin etter amerikanske biolaboratorium i Ukraina?

24.februar 2022, same dag som Putins styrkar «invaderte» Ukraina, dukka det opp ein tråd på Twitter av ein viss «Clandestine» (engelsk for hemmeleg). Tråden er no sletta, men er bevart i ein artikkel av Rhoda Wilson på Daily Exposé. Der kjem det fram at Putins åtak fyrst og fremst har skjedd på stader der USA har biolaboratorium, der dei forskar mellom anna på bruk av biologiske våpen. Laboratoria er å finne i Odessa, Vinnytsia, Uzhgorod, Lviv (tre stykke), Kiev (tre stykke), Kherson, Ternopil og i nærleiken av Krim-halvøya og Luhansk. To andre moglege stader er Kharkiv og Mykolaiv.

______________________________________________________________________
Innlegget er hentet fra Saksyndig
______________________________________________________________________

Den ukrainske presidenten Zelensky sa at russarane gjekk til åtak på «militære installasjonar». Kan desse biolaboratoria vere del av desse installasjonane?

USA har biolaboratorium i Ukraina som del av sitt Biological Threat Reduction Program in Ukraine. Den amerikanske ambassaden i Ukraina kallar dette for «forsvar». 8.april 2021 skulda Putin USA for å utvikle biologiske våpen nær grensa til Russland – altso i Ukraina. Det er no bekrefta (gjennom e-post-korrespondanse mellom Fauci og Collins i NIH) at USA finansierte sokalla gain of function-forsking i Wuhan i Kina, sjølve opphavsstaden til Covid-19. 8.oktober 2021 bad Russland og Kina FN om at USA og deira allierte måtte bli «sett grenser for» når det gjaldt sokalla bio capabilities (evna til å lage biologiske våpen).

Eit av punkta i den no sletta Twitter-tråden seier at Kina og Russland indirekte (og korrekt) skulda USA for Covid-19-utbrotet, og er redde for at USA og deira allierte har fleire virus (biovåpen) å sleppe ut. Fleire av åtaka på Ukraina har skjedd på motsett side av landet i forhold til grensa mot Russland, blant anna i Lutsk i vestlege Ukraina, og i hovudstaden Kiev, der den amerikanske regjeringa har bekrefta at USA har bygt biolaboratorium.

I tillegg kallar Putin åtaket for «ein spesiell militæroperasjon», og at han ønskjer å avmilitarisere og «de-nazifisere» landet, men ikkje okkupere det. Kan han vere redd for at USA, NATO og Ukraina har tenkt å sleppe laus biologiske våpen mot Russland? Det kan på noverande tidspunkt forklare den plutselege (?) anerkjenninga av to utbrytar-regionar og det «uprovoserte» åtaket på heile Ukraina – til og med delar av landet som ligg langt unna grensa.

Hovudstraumsmedia kallar skuldingane om at USA har skapt biovåpen nær den russiske grensa for «feilinformasjon» og «konspirasjonsteoriar».

Utifrå informasjonen som er å finne i den sletta Twitter-tråden, ser det no ut som at Putin gjekk til åtak på byar og stader der det er amerikanske biolaboratorium. Utifrå den informasjonen kan det difor tyde på at Putin ikkje har som mål å «invadere» Ukraina, men rett og slett fjerne den openberre trugselen som slike installasjonar utgjer for hans eige land.

7 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 7 ganger.

Post Views: 51

Les artikkelen direkte på derimot.no