Hvem styrer inntrykkene våre? Del 3.Propagandaen vinn alltid… om du lar den vinne.
Dette er del 3 av en lengre oversatt artikkel om dette tema. De to første delene er allerede publisert på derimot.no. Dette temaet er ekstremt viktig fordi det tar opp spørsmålet om hvem som bestemmer hvordan vi tenker og hva vi skal tenke. Det handler altså om hvem som umerkelig smyger på oss de brillene vi sanser verden gjennom, hvem som siler de inntrykkene/informasjonen vi skal få og dermed hvordan vi tenker/handler.
Hvis vi ikke blir oss dette mer bevisst ender vi i større eller mindre grad opp som uvitende redskap for storselskapene, pengemakten – altså makten bak makten.
Knut Lindtner
Gjere verda trygg for plutokratiet
I den stadig meir dysfunksjonelle politiske økonomien vi befolkar, enten det gjeld krimskrams eller krigar eller kva som helst i mellom, er det få som forstår i kor stor grad meiningane, persepsjonane, emosjonane og synspunkta våre blir forma og manipulerte av propaganda (og dens ‘vonde tvilling’, sensur).
Det er no litt over hundre år sidan praktiseringa av propaganda tok eit gigantisk sprang framover, då dei trong overtyde tydeleg tilbakehaldande amerikanarar om at krigen som rasa i Europa var også deira krig. På denne tida hadde amerikanarane nett valt omatt presidenten sin, Woodrow Wilson, til ein ny periode. Sigeren hadde han fått mykje på grunn av løftet om å «halde oss utanfor krigen». Amerikanarane var i ei av sine mest isolasjonistiske faser, så Wilson sitt løfte gav god gjenklang hos dei.
Men med tida – og ein heilt forskjellig appell til deira politiske kjensler – vart dei overtydde om behovet for å bli involverte. Denne «appellen» dempa også den isolasjonistiske stemninga, som ikkje var omfemna av dei fleste politiske, bank- og forretningselitane på den tida. Dei fleste av desse kunne få store tap dersom tyskarane vann og/eller dei profitterte allereie på krigen.
_______________________________________________________________________
«Trygge verda for demokratiet»… har sidan blitt USAs posisjonerings-ytring, deira «patriotiske» samlingsrop og frikort for krigane deira…
_______________________________________________________________________
For ein president som «heldt oss utanfor krigen» ville ikkje dette bli eit enkelt trekk. For å kunne selje krigen, etablerte presidenten Committee on Public Information (alias Creel-kommitteen) som skulle promotere krigen og sanke støtte til den frå folket. Dit kom Edward Bernays, Sigmund Freuds nevø og rekna for å vere moderne PR sin far. Bernays laga ein ny vitskap som han kalla «public relations», PR.
Creel-kommitteen for sin del sleit med oppgåva heilt frå starten av, men Bernay arbeidde med dei for å overtyde amerikanarane om at krigsengasjementet deira var rettvist – ja, nødvendig – og til det føremålet fann han på det fantastisk banale slagordet «trygge verda for demokratiet». Såleis var det kanskje første store propaganda-slagordet i moderne tid fødd. I alle fall eit av dei mest høgtidelege. Følgande sitat summerer opp Bernays’ tygleslause tenkemåte:
«Den medvitne, intelligente manipulasjonen av dei organiserte vanane og haldningane til massane er eit viktig element i eit demokratisk samfunn. Dei som manipulerer denne usette samfunnsmekanismen utgjer ei usynleg regjering som er den sanne herkande makta i landet vårt.»
Resten er historie (på ein måte), med amerikanarar som ikkje berre blei meir villige til å støtte krigstiltak, men også oppmoda til å sjå på tyskarane og deira allierte som ondsinna råskinn som trua demokratiet og fridommen og «Den amerikanske livsstilen». Frå eit geopolitisk og historisk perspektiv, var det sjølvsagt eit tåpeleg premiss, men ikkje desto mindre eit godt døme på korleis nokre få, velvalde ord plassert inn i den kollektive psyka i eit land som var klart imot ei US-amerikansk innblanding i krigen, snudde denne haldninga heilt på hovudet.
«Trygge verda for demokratiet» (eller nokon slags cover-versjon av det) har sidan blitt USAs posisjoneringsytring, deira «patriotiske» samlingsrop og frikort både for krigane deira og for den kriminelle klikken av kvitsnippsforbrytarar.
I alle fall var det eit genialt trekk av Bernays; ved å appellere til folks grunnleggande frykt og begjær kunne han konstruere samtykke i masseskala. Det er unødvedig å seie at det endra historia sin gang på meir enn éin måte. At USA den dag i dag bruker eit liknande slagord for å rettferdiggjere sine infiltrasjonar utanriks vitnar om både nytteverdi og haldbarheit. Røynda var, som vi no veit, heilt noko anna. Dei har nesten alltid handla om makt, imperium, kontroll, overherredøme, ressursar, rikdom, moglegheiter, profitt, røveri, oppretthalding av eksisterande kapitalistiske strukturar og knusing av meiningsavvik og opposisjon.
Den villfarne flokken
Det er opplysande å merke seg at malen for «å skape samtykke» til krig allereie hadde blitt smidd av britane. Og europearane gjekk ikkje i sømne som ein villfaren buskap inn i denne storbrannen. I tjue år før Første verdskrig braut ut hadde forvaltarane av det britiske imperiet flittig lagt grunnlaget for det dei såg på som ein forutbestemt samanstøyt med rivalane sine om imperiet, tyskarane.
Til å byrje med, i motsetning til kva dei fleste trur over hundre år seinare, var det ikkje den mykje omtalte tyske aggresjonen og militarismen, heller ikkje deira imperialistiske ambisjonar, som framskunda utbrotet.
_______________________________________________________________________
Det var Storbritannia (med støtte frå Frankrike og Russland), og ikkje Tyskland, som var hovudaggressoren i hendingane og gjerningane som førte til at krigen braut ut
_______________________________________________________________________
Forvaltarane av det britiske imperiet hadde ingen planar om å la dei germanske oppkomlingane ete deira imperielle lunch og dei sette seg føre å på eiga hand kome dei i forkjøpet og knuse Tyskland og alle deira ambisjonar om å skape sitt eige imperium i konkurranse med imperiet som sola aldri går ned for.
«Den store krigen» er verdt å nemne her av andre grunnar. Som dokumentert av Jim MacGregor og Gerry Docherty i deira to bøker som dekkar perioden 1890-1920, lærer vi mykje om propaganda og den veldige makta den har, spesielt til å forvrenge realiteten i stor skala på langvarige og nedbrytande måtar. I røynda var det einaste «store» med Første verdskrig den graden som massane som kjempa for Storbritannia v.h.a. propaganda og sensur blei bedradde til å tru at krigen var nødvendig.
Så omfattande var den langvarige makta til propagandaen, at dei fleste i dag vanskeleg kan akseptere det følgande som er ei kort oppsummering av historiske sanningar avslørt av Macgregor og Docherty – og som strir fullstendig mot den offisielle fortellinga, den politiske diskursen og skulen sine lærebøker:
- Det var Storbritannia (med støtte frå Frankrike og Russland), og ikkje Tyskland, som var hovudaggressoren i hendingane og gjerningane som førte til at krigen braut ut;
- Britane hadde i tjue år før 1914 sett på Tyskland som sin farlegaste økonomiske og imperielle rival, og dei meinte fullt og fast at ein krig var uunngåeleg;
- I Storbritannia og USA arbeidde ulike fraksjonar febrilt med å sikre at krigen skulle vare så lenge som mogleg, og dei saboterte alle forsøk på å skape fred heilt frå starten av;
- Nøkkelsanningar om denne geopolitiske konflikten, som fekk større konsekvensar enn nokon annan konflikt, har blitt haldne skjult i godt over hundre år, utan teikn på at det vil endre seg;
- Svært mektige krefter (inkludert ein framtidig US-amerikansk president) blant dei politiske, medie- og økonomiske elitane i USA konspirerte om å overtyde eit elles uvillig publikum i Amerika om at det var nødvendig at USA gjekk inn i krigen;
- Dei same kreftene og mange liknande grupper i Storbritannia og Europa engasjerte seg i alt frå krigsprofittering, øydelegging/forfalsking av dokumentasjon, falskt flagg-operasjonar, forræderi, konspirasjon om aggressiv krigføring og direkte tiltak for å forlenge krigen med alle nødvendige middel – mange av ein type som skulle ryste folk langt inn i ryggmargen.
Men fred var ikkje på agendaen. Då dei militære feiltaka i 1916 hadde blitt så audmjukande og dyre, var det nokre nøkkelspelarar i den britiske regjeringa som sa seg villige til å snakke om fred. Dette kunne ikkje tolererast. Dei potensielle fredsmakarane måtte kastast under ein buss. Dei ikkje-valde europeiske leiarane hadde eitt sams band: Dei skulle kjempe mot Tyskland til landet var knust.
Propagandaen vinn alltid
Men på same sett som pionerane frå den gong aldri kunne ha drøymt om kor sofistikert og altomfemnande propagandabruken skulle bli, hadde heller ikkje innbyggarane generelt venta det omfanget som industrien har forenkla og forankra eit rovgriskt plutokrati på, med hjem av propaganda.
Vi lever no i Big Shill-alderen – i ein kokong av underdanig tomrom – ein æra der ein ikkje kan lite på at ting er som dei ser ut til å vere. Der få kan takast på ordet. Der påstander blir realitetar. Der utdanning handlar om uniformitet, funksjon, form og konformitet osb.
Og vi kan ikkje lenger stole på at våre valde representantar ærleg skal representere oss og interessene våre. Enten desse avgjerdene blir tatt innanfor eller utanfor lovlege rammer, er desse prosessane sikkert og visst i kloa på bankane og finansinstitusjonane og transnasjonale organisasjonar.
Kven sine interesser vil dei bry seg med? Vi såg alt dette rett etter den globale finanskrisa, då nett dei same folka som bragte systemet til randa av undergang tente milliardar for bankane sine og millionar for seg sjølve, og slo hundretusentals amerikanske familiar konkurs, vart bedne av USAs regjering om å rydde opp i rotet, og i praksis gitt ein uutfylt sjekk til å gjere det. At USA no er i endå større fare for økonomisk implosjon, er det få seriøse lærde som vil motseie, og det vitnar om effektiviteten til løgna som amerikanarane blei utsette for om årsaker, verknad og implikasjonane til nedsmeltinga i 2008.
________________________________________________________________________
Vi lever no i Big Shill-alderen – i ein kokong av underdanig tomrom – ein æra der ein ikkje kan lite på at ting er som dei ser ut til å vere.
________________________________________________________________________
I dei fleste tilfelle aksepterer ein nærmast per definisjon at slike skjulte agendaer er regelen, heller enn unntaket. I det aller minste vart industriveksten sikra så snart korporasjonane oppdaga korleis overtalingspsykologi kunne utnyttast til å manipulere konsumentar, og politikarar det same med sine medborgarar og arbeidarar.
Som Riefenstahl (propagandafilskaparen til Hitler, red.) sa under praten sin med Pilger, etter at han spurde om dei som finns i «det underdanige tomrommet» også var dei liberale, utdanna mellomlaga? «Alle», sa ho.
Som for å understreke poenget sitt, la ho gåtefullt til: «Propagandaen vinn alltid … om du lar den vinne».
Omsett, forkorta og bearbeid av Monica Sortland
Tidligere publisert på derimot.no
Tidligere publisert på derimot.no
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 563 ganger.
Post Views: 980