Hvem skal vi ikke vaksinere? Barn, gravide, friske, ungdom og alle som har viruset.

Derimot.no

Dr. Mike Yeadons vitnesbyrd — del II: Vaksineskadar

av UK COLUMN REPORTERS

Dette er del 3 av av andre del av ein transkripsjon av dr. Mike Yeadon sitt vitnesbyrd på den 86 sesjonen til Stiftung Corona Ausschuss, som vart halden den 7. januar, 2022. Del I er her.

Barn

Så når det gjeld vaksinar, ville du ikkje forvente at dei blei brukt ikkje berre først, men også berre, på folk som har ein uvanleg høg risiko for å tole patogenet dårleg? I dette tilfellet veit vi det gjeld eldre folk som allereie er skjøre. Og det var også slik dei starta – men svært raskt gjekk dei ned til folk i arbeidsfør alder: folk i femtiåra, førtiåra. Og, som de kanskje veit, vi har no byrja prøve å oppmode folk til å vaksinere barna sine.

No kjenner eg ikkje til korleis det er i dykkar del av verda, men for Sverige og Tyskland sin del såg eg på dei offisielle statistikkane: ikkje eit einaste sunt barn hadde døydd som konsekvens av infeksjon med dette viruset. Ikkje eitt. Så korleis ville du reagert om eg fortalde deg at det finst ny-teknologiske agentar dei føreslår skal sprøytast inn i barnet ditt – eit barn som ikkje har nokon risiko frå viruset, og som også er svært dårleg til å overføre det til andre folk, fordi barn generelt sett ikkje får symptom?

Og eg har fortald dykk tidlegare om at asymptomatisk overføring er ei løgn, så ver så snille, eg ber dykk: uansett kva naboane dykkar seier, eller læraren eller rådgivarane frå styresmaktene, eg er redd dei lyg eller tar feil; de må ikkje vaksinere barna dykkar.

Så vi burde målrette desse intervensjonane mot dei som kanskje kan ha nytte av dei, for dei vil generelt vere villige til å halde ut mange slags biverknadar, i byte mot den nytten. Så sunne, yngre folk, i alle fall seksten og yngre, burde verkeleg ikkje ein gong ha stått på kartet for vaksinasjon, for det første fordi dei overlever infeksjonen, for det andre fordi det finst verkeleg gode behandlingar, som eg har nemnt. Så med god terapi og folks sterke immunsystem, om dei er yngre og sunne, var det ikkje noko behov for å vaksinere verda.

Gravide kvinner

Og så dei gravide kvinnene. Dette har eg granska spesielt, utifrå min toksikologiske bakgrunn. Eg vart rysta då eg høyrde ein leiande doktor – frå Royal College of Obstetrics and Gynaecology i London, trur eg – tale for det. Royal Collage skal liksom vere toppen av medisinsk kvalitet. Likevel stod denne kvinna fram på riksradio og argumenterte for at gravide “verkeleg bør vaksinere seg. Og ikkje ver bekymra; desse er fullstendig trygge.”

Og eg vil sjå deg i auga no og fortelje deg at studiane som skal utforske tryggleiken til desse vaksinane for gravide, er ikkje gjort. Det har ikkje blitt gjort nokon formell studie, og det finst ingen ferdig toksikologipakke for reproduksjonssystemet i industrien. Eg arbeidde i industrien i 32 år, og eg kan fortelje dykk at vi ikkje hadde lov til å gi doser til sunne, kvinnelege frivillige i fruktbar alder utan å insistere på at dei brukte høgeffektive prevensjonsmiddel, og vanlegvis gjorde vi det ikkje i det heile. Vi gjorde det berre ikkje før vi hadde resultat innan reproduktiv toksikologi, for vi var alle, med rette, redde for potensielle fosterskadar.

Så det er bokstaveleg talt nonsens: dette er ein av dei tinga som bør få deg til å vakne opp. Thalodomid endra landskapet for forholdsreglar for medisinering av gravide kvinner, av grunnar vi forstår. Så viss politikken i landet ditt inkluderer å oppmode gravide kvinner til å vaksinere seg, når dei per definisjon er relativt unge og relativt friske – dei ville sannsynlevis ikkje ha blitt gravide om ikkje, og har dermed heller ikkje noko høgt sannsyn for å få alvorlege verknadar av viruset – korfor skulle det vere klokt å gi dei denne eksperimentelle terapien?

Folkehelse?

Og så, endå verre enn dét: eg har skrive eidsvorne erklæringar og innlegg for å få sagt at det er to eller tre bevislinjer som får meg til å bli ekstremt bekymra for skadepotensialet, og diverre ser det faktisk ut som vi hadde rett. Men eg skal ikkje pushe det lengre.

girl getting vaccine
Skal ikke ha koronavaksiner.

Hovudpoenget mitt er berre det eg no har sagt: det er berre å få sagt at dersom dette hadde vore eit folkehelsetiltak, så hadde dei berre gitt desse vaksinane til folk som kunne ha mest nytte av dei, dei folka som har høgast sannsyn for å bli sjuke og døy. Og dét ville ekskludere sunne, unge folk; det ville visseleg ekskludere barn; det ville definitivt ekskludere gravide kvinner; og – og her er den andre tingen – det ville definitivt ekskludere alle som har hatt viruset og blitt friske igjen.

Det finst mengder av forskning som viser at folk som har hatt viruset og tilfriskna, har eit fullt komplement av T-celler av fleire typar. Det betyr at dei vil kjenne igjen viruset og allskens variantar av det, og vil halde seg friske – og dét er faktisk den empiriske observasjonen.

Så når de ser at regjeringane dykkar truar dei uvaksinerte, inkludert folk som har blitt friske etter infeksjonen, hugs at déi er meir immune enn dei folka som har blitt vaksinerte. Så eg skjøner berre ikkje korleis nokon framleis kan drive på med å seie “Du er anti-vaxx.” Nei, nei; eg er anti-konspirasjonsteori; eg er faktisk for konspirasjons-fakta. Det er det som er på gang.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Gemma Evans

5 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 5 ganger.

Post Views: 59

Les artikkelen direkte på derimot.no