Her er en kommentar du ikke se i våre medier.La oss alle respektere internasjonal lov: Det har ikke USA/Nato gjort på mange tiår.

Derimot.no

Vi offentliggjør denne bemerkningen fra redaktører av nettstedet Voltaire.net som sier det stikk motsatte av hva våre medier nå skriker seg hese om: Det Russland nettopp har gjort er av stor betydning for verdensfreden. Enhver får tenke hva en vil om akkurat det, men det er avgjørende at også slike stemmer slipper til, slik at folk får motstridende informasjon å tenke og diskutere ut fra.

For hvis alle sier det samme blir det ingen diskusjon og heller ingen utveksling av ulike tanker. Det er gjennom kontrastene vi sanser verden og forståelsen vokser.

Knut Lindtner
Redaktør.

av Thierry Meyssan

VOLTAIRE NETWORK | PARIS (FRANKRIKE) | 27. FEBRUAR 2022

Thierry Meyssan: God dag!

Thierry Meyysan

For nokre timar sidan føretok den russiske arméen luftåtak mot den sektoren av dei ukrainske væpna styrkane som er knytte til NATO. På tre timar slo dei ut heile det ukrainske antiluftskytsforsvaret og vil fortsette operasjonen med å i neste omgang gå til angrep på Azov-bataljonen og alle nazi-tenestemennene som USA og Storbritannia fekk plassert inn i det ukrainske maktapparatet.

Dette burde vere godt nytt for alle, men her i Frankrike blir denne operasjonen framstilt som ein invasjon mot Ukraina og som eit varsel om at Den russiske bjørnen også kjem til Paris. Så ikkje la dokker lure, for her er det svært viktige element som vi ikkje blir fortalde om.

Berre dei aspekta som direkte refererer til Ukraina blir det rapportert om; den generelle konteksten blir ignorert. Og den konteksten beviser at Russland har rett, som eg no skal forklare nærare.

I oktober reiste Victoria Nuland, viseutanriksminister (USA), til Russland , og i Moskva kom ho med truslar om å knuse Russland sin økonomi og kravde at president Vladimir Putin skulle gå av. Men du fekk aldri høyre om det. Søk det opp på nettet. Det er svært enkelt å verifisere.

Etterpå drog ho til Ukraina og fekk plassert inn Dimitro Yarosh, ein NATO-agent kjend for at han i 2007 initierte det store møtet i Mariupol [i Ukraina] som samla i hop europeiske nazi-organisasjonar og jihadistar frå alle leirar som skulle av stad og kjempe mot Russland i Tsjetsjenia. Det var den same Dimitro Yarosh som i 2014 – med støtte frå troppane sine i Høgre Sektor [Pravy Sektor] – organiserte hendingane på Maidanplassen og «regimeskiftet» i Ukraina. Han vart seinare skadd og forsvann for ei stund. No er han tilbake.

Dimitro Yarosh

Så ho installerte Dimitro Yarosh som spesialrådgivar for den ukrainske arméens øvstekommanderande [1], som er ein skikkeleg demokratisk og normal mann, men no har han blitt flankert av denne karakteren. Og no har denne karakteren inkorporert Azov-bataljonen – som er ei ekte nazistisk gruppe, med nazisymbol og heile pakka, og som er leidd av «Den kvite føraren» [Andrey ‎Biletsky] [2] – i den ukrainske arméen.

Dette er eigentleg sjokkerande nyheiter … men media i Frankrike har aldri rapportert om det.

Så russarane planla sin repons.

I desember sende dei USA  ‎eit utkastforslag til ein avtale for å sikre freden. I dette blir det bede om respekt for internasjonal lov – slik denne har blitt utarbeidd over tid, først av franske styresmakter og den russiske tsarens imperium, ved Haag-konferansen i 1899, og seinare med FN-pakta frå 1945 og Tredjeverdsland i 1955, med Bandung-prinsippa.

Denne avtalen er openbert uakseptabel for USA, fordi USA over 70 år har forbrote seg mot internasjonal lov på dagleg basis, og later som om dei erstattar den med eit sett eigne reglar, og sjølverklærer seg – saman med sine allierte – å stå for «det internasjonale samfunnet». Vel… [desse landa] utgjer ikkje ein gong halvparten av verdsbefolkninga, men dei krev å styre verda.

USA/Nato har brutt avtalen om ikke å ekspandere østover da Sovjetunionen gikk i oppløsning

Russarane ber først og fremst om at NATO skal trekke seg tilbake frå landa i sentral- og aust-Europa, som aldri skulle ha gått med i denne blokka dersom avtalane frå Potsdam-konferansen hadde blitt repekterte: avtalane frå 1945, på slutten av Andre verdskrig, som fastsette at US-amerikanske styrkar berre kunne etablere seg vest for Oder-Neisse-grensa, som skil Polen og Tyskland. Seinare, på den tida Tyskland vart gjenforeint, insisterte Frankrike kraftig på at NATO ikkje skulle ekspandere mot aust, og det var til og med ein lang debatt på spørsmålet om NATO-styrkar skulle skulle få sette sin fot i den austre delen av Tyskland – tidlegare DDR – eller halde seg i den vestlege delen – den gong Forbundsrepublikken Tyskland.

Til sist var det ein avtale – som Frankrike støtta – som sa at tidlegare Aust-Tyskland, innanfor rammene av gjenforeininga, kunne bli medlem av NATO, men at det ikkje skulle finne stad nokon NATO-ekspansjon utover det.

Og dette vart repetert gong på gong, først innan OSSE – Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa, eit barn av Helsingfors-avtalane – der 57 statar signerte 2 deklarasjonar. Femtisju statar! Samtlege av statane på det europeiske kontinentet, og sjølv andre, sidan til dømes USA og Canada også er medlemmar!

For det første anerkjende OSSE i 1999 Istanbul-deklarasjonen og i 2010 Astana-deklarasjonen, om at kvar stat fritt kan melde seg inn i den militæralliansen den vil – Frankrike er t.d. medlem av den nord-atlantiske pakta som gjer landet alliert med USA.

China Air Force: China reduces army by half, increases size of navy and air force in big way | World News - Times of India
Sikkerheten til et land kan ikke oppnås på andre lands bekostning. Raketter på Russlands grense er det samme som raketter på Cuba for USA.

Men for det andre vart det også anerkjent at ingen stat – absolutt ingen stat! – kan garantere sin eigen tryggleik om det medfører skade for andre statar sin tryggleik. Og utifrå dette synspunktet er det illegalt å gå med i NATO, ja, illegalt! Fordi NATO ikkje er ein konføderasjon, der alle har likeverdig status; det er ein føderasjon under USA og Storbritannia sin kommando, og det gjer dei andre statane til vasallar under USA og Storbritannia.

Og Frankrike returnerte diverre til NATO, med [president] Nicolas Sarkozy, som dei hadde trekt seg frå under general de Gaulle, i 1966. General de Gaulle hadde kasta ut frå fransk territorium alle okkupasjonsstyrkane til USA… det var uttrykket han brukte: «okkupasjonsstyrkane til USA». Det er ikkje eg som seier det! Men vi [franskmenn] har enno ein gong villig omfamna vasallstatusen vår under USA.

Så Russland har bede om at NATO trekk tilbake sine styrkar frå heile det sentral- og aust-europeiske territoriet. Dei kan framleis signere avtale med NATO. Det er ikkje det som er problemet.

Og internasjonal lov vil også måtte bli handheva i vest-Europa. Internasjonal lov forbyr mellom anna installasjon av atomvåpen i land som ikkje har slike våpen sjølv.

Unlocking nuclear arms control in the time of the coronavirus disease 2019 (COVID-19) crisis: Change and continuity | SIPRI
USA har atomvåpen i Italia som er et brudd på ikke-spredningsavtalen

Så kva gjer t.d. USA sine våpen i Italia eller i Nederland? Det er eit direkte brot på internasjonal lov. Og det må det bli slutt på.

Vi må innsjå at USA ikkje lenger er den leiande økonomiske makta i verda. Det er no Kina.

Og dei er heller ikkje først i militær makt. Det er Russland. Under krigen i Syria – ein krig som NATO-styrkane tapte – testa Russland allslags nye våpen som NATO ikkje kan konkurrere med. Berre førre helg viste Russland at dei har kapasitet til å kjernefysisk øydelegge mål kor som helst i verda utan å bli avskorne, fordi – som demonstrert – dei har plassert utskytningsramper for hypersoniske våpen på ubåtar, overflatefartøy, bombefly og mobile bakkeeiningar. Dei kan fyre av og øydelegge alt dei vil kor som helst i verda. Det er umogleg å avleie dei, for dei flyg for raskt. På noverande tidspunkt finst det ingen måte å avskjere dei på. På få minuttar kan dei øydelegge alt dei vil, og vi bør lure på kva som skulle skje dersom Russland ein dag kan kome til å måtte bruke slike våpen mot Pentagon, Det kvite hus eller USAs Kongress.

Eg seier det ikkje som ein provokasjon. Det eg seier er at viss Russland skulle gjere det, så ville USA ikkje ha tid til å avskjere dei, dei ville ikkje ein gong ha tid til å bruke sine eigne atomvåpen.

La oss ta ting seriøst og respektere Internasjonal lov. Det er alt vi vil. Og det i alles interesse. Så: bravo for det Russland nett gjorde i dag!

Thierry Meyssan

[1] “Dmitro Yarosh returns as adviser of Ukrainian Army commander”, Voltaire Network, 21. februar, 2022.

[2] “Blackwater is in Donbass with the Azov battalion“, by Manlio Dinucci, Voltaire Network, 1. februar, 2022.

Omsett av 

Monica Sortland

https://www.voltairenet.org/article215849.html

39 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 39 ganger.

Post Views: 75

Les artikkelen direkte på derimot.no