En form for kollektivt selvmord? Mobilisere en utrent befolkning mot en moderne hær.

Derimot.no

Dette facebook-innlegget til Asgeir Bjørkedal tar for seg det utrolige forslaget og den helt hodeløse beslutningen om at Ukrainas bybefolkning (menn/voksne gutter) skal utstyres med håndvåpen og Molotow-cocktails for å bekjempe en hypermoderne russisk hær.

Det har medført at menn ikke får forlate landet, men bare utlendinger, kvinner og barn. Det minner om hva som skjedde i Tyskland mot slutten av andre verdenskrig hvor hele den mannlige befolkningen ble mobilisert til den «totalen Krieg», helt nytteløst, men med store menneskelige omkostninger i tap av menneskeliv, skader og ødeleggelser.

Carl Phillip Gottfried von Clausewitz var en general og intellektuell. Clausewitz er mest kjent for sitt ufullendte verk Vom Kriege, som beskjeftiger seg med krigsteori. (Fra Wikipedia)

En skal være glad for at Russland bruker Clausewiz krigstaktikk som effektivt ble brukt i Syria: isolere byene og forhandlinger om overgivelse. Samtidig diplomatiske forhandlinger for å oppnå krigsmålene. Det militære blir slik et middel for politiske endringer uten at landet ødelegges fullstendig.

Fordi en i mediene våre ikke forstår eller ikke ønsker å forstå det som skjer militært i Ukraina blir en rekke av meldingene om utviklingen av krigen der virkelighetsfjerne og preget av ønsketenkning: Store russiske tap, deserteringer og et mulig militært nederlag. Det er det motsatte som er tilfelle. Ukraina hadde i praksis tapt krigen etter få timer slik FNs våpeninspektør Scott Ritter og tidligere rådgiver for USAs forsvarminister oberst MacGregor hevder.

Redaksjonen.

Om å mobilisere en utrent befolkning mot en moderne hær.

Men her er Bjørkedals innlegg:

Nokre kjem med brune insinuasjonar mot mitt perspektiv på krigen om Ukraina og påstår eg ville hamna på feil side 9.april 1940. Men burde regjeringa 9.april kommandert alle styrkar inn i  Oslo og andre byar? Burde dei be alle bønder om å ta med seg haglene og byfolket om å lage bensinbomber for å kjempe og døy i heroisk kamp frå gatehjørne til gatehørne?

Burde titusenvis og hundretusenvis av dei mest anti-fascistiske og antityske nordmenn kjempe seg til døde før april var omme?

Kven ville tene på det?

Burde kongen og krompen bli sitjande på slottet og drikke seg opp og sende sinte propaganda-meldingar over radioen om at Hitler var ein lumpen type og at folkeforbundet ville kome etter han når som helst?

Warum?

Qui bono? (Kven tenar på det? Red.)

Eller var det trass alt rett at Stortinget og regjeringa evakuerte, med kongefamilien på slep. At ein kjempa der ein kunne for å stanse invasjonen, men heldt beina på jorda og tenkte realistisk når ein planla korleis ein skulle få tyskarane raskast mogleg ut av landet igjen?

Eg har ingen fasit. Kanskje kunne ein slik sjølvofrande og  heroisk motstand blitt eit skinande eksempel internasjonalt. Eit sterkare “look to Norway”. Med regjeringa og kongefamilien delvis fengsla og delvis drepne etter ein plettfri motstandskamp i opptil fleire dagar.

Kanskje kunne eit slikt blodbad ha svekka tysk moral og bunde endå fleire tyske soldatar til Festung Norwegen. Kanskje kunne det ha korta ned krigen med fleire dagar, veker eller til og med månader?Kanskje det kunne føre til at litt færre måtte døy i Russland for å knekke nakken på Nazi-Tyskland?

Blodbadet og dei øydelagde byane hadde iallfall blitt kraftfull propaganda, slik dei ukrainske krampetrekningane i dei forskansa byane blir det no.

Men er det sannsynleg at det ville vere verdt det? Ville det norske offeret inspirere andre til sterkare motstandskamp? Eller ville det blitt eit skremmande døme på kva som skjer med dei som stritta imot?

Eg veit ikkje.

Men eg trur det beste var å halde hovudet kaldt og handle rasjonelt ut frå dei faktiske styrkeforholdet. At det var betre å kjempe tolmodig i 5 år enn å la flest mogleg døy forgjeves i aprildagane.

The Battle for Mosul: How fight for the city unfolded | World News | Sky News

Slik så Mosul ut etter at USA hadde befridd byen med bomber. Er dette noe å trakte etter?

Halen mellom beina og krum nakke for ein lang og seig kamp, i staden for blitzkrik med sjølvmordstroppar i gatene. Tolmod og kaldt hovud nettopp for å få okkupanten raskast mogleg ut igjen. Og for at flest mogleg nordmenn skulle kome velberga gjennom okkupasjonen.

Slik tenker eg altså om Ukraina også, sjølv om desse to krigane har lite til felles. Eg ser dei hovudlause sjølvmordskampane forskansa i byane som rein galskap. Eg skjønnar sjølvsagt propaganda-verdien av martyrar som ofrar seg sjølve og andre rundt seg, og av alle øydeleggingane som slike kampar fører til.

Men kva skal du bruke desse heroiske propagandasigrane til når du har kjempa til siste soldat og siste sivile og ikkje kontrollerer noko av landet lenger?

Det er ei uforsvarleg blodig linje, spesielt når dei russiske krava for å avslutte krigen er så moderate som dei faktisk framleis er.

Korfor velje totaler krieg og totalt nederlag når kostnadane ved ei fredsløysing er så uendeleg mykje mindre? Det er inga sak å legge landet i grus. Men kva skal det tene til?

Forsidebilde: Raqqa i Syria etter at byen bl.a. var befridd av USA gjennom massiv bombing.

26 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 26 ganger.

Post Views: 70

Les artikkelen direkte på derimot.no