Dr. Paul Craig Roberts: Big Pharma ler hele veien til banken over hvor lettlurte vi er.
Ein orkestrert falsk «covid-pandemi» vart brukt for å øydeleggje helse, borgarrettar og doktor/pasient-forholdet
Av Paul Craig Roberts
Kjære lesarar, gje det ekstraordinært påtvingande vaksineprogrammet ein augneblinks tanke. Kva forklarer presset, sjølv bruken av tyranniske metodar i frie samfunn, for å tvinge vaksinasjon på befolkninga når sjølv Big Pharma og det korrupte medisinske etablissement berre kan vise til ein kortsiktig og raskt fallande beskyttelse mot vaksinen? Ifølgje det medisinske etablissementet sjølv, er ikkje dobbelt-vaksinerte lenger beskytta. Oppfriskningsdosar trengst kvar sjette månad resten av livet ditt.
Dette er spesielt merkverdig når ein vurderer kjende fakta slik som:
1) Dødelegheita til covid er veldig låg. Det drep i hovudsak dei med underliggjande tilstandar og dei som er ubehandla eller feilbehandla.
2) Vaksinen reduserer vår naturlege immunitet.
3) Vaksinen forårsakar eit stort tal biverknader inkludert død og livslange mein. CDC og WHO innrømmer at biverknadsrapporteringssystemet grovt underrapporterer dødsfall og biverknader frå vaksinen. Ingen vaksine eller medisin nokosinne i historia har halde fram å vere i bruk som medverka til sjølv ein liten bit av dei rapporterte dødsfalla og skadane.
4) Vaksinen forårsakar variantar som er immune mot vaksinen og mot det svekka immunforsvaret til dei vaksinerte. Ein treng nye vaksinar for å handtere dei nye variantane, noko som i sin tur produserer nye variantar.
5) Det medisinske etablissement har etter beste evne blokkert behandlinga av Covid med to kjende, trygge, effektive og billege medisinar – Ivermektin og HCQ [hydroksyklorokin, oms.an.]. Legar som har redda liv med desse medisinane har fått sparken for å bruke dei.
6) Distingverte og anerkjende vitskaplege og medisinske ekspertar, inkludert Nobelprisvinnarar, har blitt sensurert og kasta ut av sosiale media for å åtvare mot dei farlege vaksinane og for å vere forkjemparar for effektiv behandling i staden.
7) Media talar med éi lygande stemme at vaksinering er vårt einaste håp.
8) Bevis frå fleire land (eg har rapportert det) demonstrerer at Covid-tilfelle og dødsfall stig med vaksinering og at majoriteten av tilfelle og dødsfall for dei fleste aldersgrupper består av dei vaksinerte.
9) Vitskapen er klar på at dei vaksinerte spreier viruset like lett, eller til og med lettare, enn dei uvaksinerte.
10) Faktisk er det klart bevis for at dei uvaksinerte som lit på naturleg immunitet, er betre beskytta enn dei uvaksinerte.
Med desse kjende, etablerte vitskaplege fakta, korleis rettferdiggjer ein massevaksineringa? Kvifor er det so viktig å vaksinere barn når det er kjent at piggproteinet går til åtak på eggstokkar og testiklar, med mindre planen er å redusere fruktbarheit? Kvifor kan uvetande «snakkehovud» på TV som knapt kan stave sine eigne namn føle seg trygge i å gå til åtak på anerkjende vitskapsfolk som fortel oss sanninga?
Det er vitterleg mange gode grunnar til å konkludere at «Covid-pandemien» er eit orkestrert komplott.
Kva er dei openberre elementa i komplottet?
1) Evig forteneste for Big Pharma, dei medisinske skulane som tek i mot økonomisk støtte frå Big Pharma, fortenesta frå patent delte med NIH og NIH-personale, kampanjebidrag for senatorar, representantar og presidentkandidatar.
2) Bruken av frykt for å fjerne beskyttelsen til borgarrettar og utvide kontroll over folk. Desse to elementa er openberre.
Det tredje elementet i komplottet er nesten like openbert, men mykje vanskelegare for mange folk å tru – folketalsreduksjon. Før du ler hånleg, spør deg sjølv:
1) Kvifor vaksinere barn, som er essensielt upåverka av Covid, med ein vaksine kjend for å gå til åtak på reproduksjonssystemet og for å forårsake abortar?
2) Kvifor vaksinere nokon i det heile, når det er kjende, trygge og billege kurar?
3) Kvifor angripe desse kurane som farlege og kjempe for å hindre at dei blir brukt? Korleis kan det medisinske etablissement hevde at det er trygt og føre var å blokkere Ivermektin og HCQ når det har sluppe laus ein farleg eksperimentell vaksine på verdas befolkning?
4) Kvifor undertrykkje åtvaringane frå anerkjende ekspertar? Dersom vaksinen var den einaste løysinga eller ei løysing i det heile, burde den tole offentleg diskusjon.
Ta til etterretning at World Economic Forum (WEF) har hatt eit halvt hundreår på å indoktrinere og hjernevaske business og andre leiarar. Grunnlagt 24.januar 1971, har det årlege møtet i Davos blitt ei prestisjehending. Leiarar konkurrerer for invitasjonar ettersom det å vere til stade der er eit teikn på prestisje. WEF er finansiert av 1000 mange-milliardar-dollar globale selskap, der deira leiarar har blitt selt «the Great Reset» [«Den store nullstillinga»], som omfattar folketalsreduksjon og avsluttinga av nasjonal suverenitet og menneskeleg sjølvstyre. «Great Reset» er ei oppskrift på tyranni.
Det orkestrerte presset for universell vaksinasjon er so ekstremt at land som ein tidlegare rekna som del av den «frie verda» no er totalitære statar – berre sjå på Australia, New Zealand, Canada, Italia. Innsatsen i å utvide tyranniet til Frankrike og Tyskland blir møtt med sterk folkeleg motstand. I USA kjem hovudmotstanden frå sjukepleiarar og anna medisinsk-relatert personale som har vore vitne til dei øydeleggjande utfalla av vaksinen på dei injiserte.
Kvart menneske treng å vurdere konsekvensen av å teie uavhengige ekspertar som veit sanninga medan uvetande «snakkehovud» dikterer den offisielle forteljinga.
Når sanninga blir myrda, skjer det same med all fridom, all moral, all rettferd. Skal du berre sitje der og late det skje?
PCR-«covid-testen» vart brukt for å skape førestellinga om ein pandemi
Nobelpris-vinnar Kary B. Mullis var oppfinnaren av polymerasekjedereaksjons-teknikken, som er analysert i denne artikkelen. Dr. Kary B. Mullis, som gjekk bort 7.august 2019 i ein alder av 74, understreka på det sterkaste at ingen infeksjon eller sjukdom kunne bli nøyaktig diagnostisert med PCR-RT. «PCR er ein prosess. Den fortel deg ikkje om du er sjuk. … Metoden er ikkje nøyaktig.» Mullis skildra PCR-RT som ein «teknikk» snarare enn ein «test».
Omsett av HFANoreg.
Tidligere publisert på derimot.no
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 941 ganger.
Post Views: 1 285