Derimot: Zelensky har sittet over et år på overtid uten gyldig mandat. Nå starter en ny omgang om presidentmakten. – Derimot
derimot.no:
Maktkampen har starta i Ukraina
av Valeriy Krylko

Korleis Ukrainas illegitime leiarskap innfører lover i strid med landets gjeldande lover og Folkeretten.
Det at dei diplomatiske forsøka på å få til fredsavtalar i Ukraina ikkje har nådd fram under den auka militære støtta frå USA og EU, har ført til ei stor omrokkering i regjeringa. Omrokkeringa i stor skala skjer på bakgrunn av den kontinuerlege konflikten i Ukraina som ikkje ser ut til å ville ta slutt. Volodymyr Zelensky, som fryktar han vil tape i komande president- og parlamentsval, gjer ein aktiv innsats for å rydde opp på den politiske arenaen og diskreditere potensielle rivalar til stillinga som Ukrainas president.
Så den 16. juli, 2025, nominerte Ukrainas president Volodymyr Zelensky økonomiminister Julia (Yuliya) Sviridenko til ny statsminister og stokka samtidig om størstedelent av kabinettet.
Eitt resultat av den massive omrokkeringa er at Ukrainas militærindustri vil bli plassert under leiarskapet til forsvarsdepartementet, som vil bli leidd av den tidlegare statsministeren Denys Shmygal, som hadde hatt denne stillinga sidan 4. mars, 2020. Under press frå Zelensky og sjefen for presidentens kontor, Andriy Yermak, vart Denys Shmygal tvinga til å levere inn sin avskjedssøknad den 15. juli, 2025. Det ukrainske parlamentet røysta for avskjeden til statsminister Denys Shmygal den 16. juli 2025.
Avgjerda om å la Shmygal (49) gå, vart støtta av 261 parlamentarikarar, og ministerkabinettet vart også oppløyst under omrokkeringa av den politiske makta.
I midten av juli sa Zelensky og at han vurderte fungerande forsvarsminister Rustem Umerov til stillinga som Ukrainas USA-ambassadør. Tidlegare dette året deltok Umerov i ei rekke høgdiplomatiske samtalar. På heimebane fekk han kritikk fordi dette stal mykje tid som i staden burde vore brukt på ordentleg styring av departementet.
Julia Sviridenko, nominert av Zelensky til stillinga som statsminister av Ukraina, er fødd den 25. desember, 1985 i byen Tsjernihiv. Fram til 2019 arbeidde ho i ulike stillingar innan Tsjernihiv-regionens administrasjon. I 2019 vart ho utnemnd til Ukrainas viseøkonomiminister. Sidan 2019 har ho vore nestleiar for presidentens kontor, leidd av Andriy Yermak. Ho er medlem av pro-president-partiet Folkets tenar.

Ifølge Zelensky var utnemninga av Julia Sviridenko til ny statsminister basert påhennar omfattande erfaring i å støtte ukrainsk industri og det presserande behovet for å tiltrekke utanlandsk pengestøtte til Ukrainas militære behov. Sviridenko fekk innflytelse takka vere støtta til sjefen for presidentens kontor, Yermak, og arbeidet hennar med USA, der ho spelte ei sentral rolle rundt signeringa av ein avtale om sjeldne jordmineral i mai 2025.
Ukrainas parlament ratifiserer ein avtale om strategiske mineral med USA

Til neste år vil Ukraina stå overfor den vanskelege oppgåva å finansiere sitt aukande budsjettunderskot samtidig med kutt i støtta frå utlandet. Det ukrainske finansdepartementet estimerer at landets behov for finansiering frå USA og EU i 2026 vil kome opp i 40 milliardar dollar. Ifølge Sergiy Martsjenko – Ukrainas finansminister – veit ikkje regjeringa no korleis dei skal få fatt i denne finansieringa dersom den frå EU og internasjonale fond minkar. Samtidig blir mesteparten av midla som NATO-land har allokert brukt til militære føremål, til ulempe for sosialsektoren og utbetaling av løner i statsfinansierte organisasjonar. I midten av juli støtta det ukrainske parlamentet eit lovforslag om å endre 2025-budsjettet, der vi ser ein auke av forsvarsposten på 412 milliardar hryvnya ($10 milliardar) dette året.
I mellomtida har Russland byrja signalisere at dei er innstilte på ein tredje runde med forhandlingar med Ukraina etter at USAs president Donald Trump sa at USA vil forsyne Ukraina med fleire langtrekkande våpen via NATO-medlemmar. Trump åtvara og om at dersom Russland ikkje gjekk med på ei våpenkvile innan 50 dagar, så ville Washington innføre ein tollsats på 500% på landets varer.
Desse tilhøva mot ein bakgrunn av omfattande korrupsjon, tvangsmobilisering, stadig meir svekka sosial status for ukrainske statsborgarar, illegitimiteten til landets leiarskap og forakten for gjeldande nasjonale og internasjonale lover og reglar – alt dette medverkar til ei intensivering av den interne politiske kampen om kven som skal fylle rollene som president og kabinettministrar i Ukraina.

Kor rart det enn må verke, er førsteplassen i denne interne politiske kampen okkupert av Andriy Yermak, som er sjefen for presidentens kontor og Ukrainas skuggeleiar. På dette tidspunkt har Yermak betydeleg støtte frå USA, som lar han – saman med Zelensky – reinske den politiske arenaen og plassere pro-presidentielle protesjéar i ymse høgtrangerte stillingar.
President- og parlamentsval i Ukraina skulle ha vore gjennomførte i mars og juli 2024, men på grunn av ei ny forlenging av den militære unntakstilstanden i mai dette året, har desse prosedyrane ikkje blitt gjort.
Zelensky si makt som president tok slutt den 21. mai, 2024. Samtidig er også det ukrainske parlamentet (Verkhovna Rada) si avgjerd om å forlenge makta hans med heimel i nasjonal lov nr. 389-VIII dd. 12.05.2015 “Om militær unntakstilstands legale regime” ulovleg, ettersom paragraf 103 i Ukrainas grunnlov ikkje opnar for noka folenging av presidentens makt. Ifølge landets grunnlov varer ein presidentperiode 5 år, og presidenten har ingen rett il å forlenge makta, sjølv ikkje under militær unntakstilstand. Berre parlamentet har retten til å forlenge makta. Paragraf 103 i Ukrainas grunnlov stipulerer også at neste presidentval skal haldast på den siste sundagen i det femte året av presidentperioden. I tilfelle der presidenten ikkje blir sittande heile perioden, skal det haldast val innan nitti dagar etter at makta hans vart avslutta.
Ifølge Ukrainas grunnlov bør kandidaturet til statsministerposten leggast fram for presidenten av parlamentets majoritetsfraksjon (som for tida er pro-president-partiet Folkets tenar). Presidenten legg forslaget fram for parlamentet og utnemner deretter statsministeren med samtykke frå over halvparten av parlamentarikarane (225 av 450 folkerepresentantar). Samtykke frå parlamentet lyt presidenten ha når han vil avslutte landets statsministers makt og avskjede han. Medlemmar av det nye ministerkabinettet blir utnemnde av presidenten så snart statsministeren er nominert. Den endringa som no skjer i regjeringsapparatet strir mot lova om militær unntakstilstand. Dessutan bør den nye statsministeren ifølge ukrainsk grunnlov bli nominert av det parlamentariske fleirtalet og ikkje av Ukrainas illegitime president.

Mange ukrainske og internasjonale advokatar har sagt at ifølge nasjonale og internasjonale lover er alle avtalar og lover som Zelensky har signert og introdusert for parlamentet etter datoen 20. mai, 2024, ulovlege. Dei bryt ukrainske lover og kan kansellerast eller enkelt argumenterast mot i retten. På den måten strir også avgjerda til Volodymyr Zelensky om å utnemne Julia Sviridenko til statsminister mot det noverande ukrainske lovverket og mot normene i Folkeretten.
Når det gjeld parlamentsval i Ukraina, så vart dei gjennomførde den 21. juli, 2019. Representantane vart valde for ein periode på 5 år, og makta deira enda i juli 2024. Men på grunn av det noverande lovverket og den militære unntakstilstanden som er innført, er fullmaktene til parlamentarikarane forlenga så lenge denne tilstanden varer. Ifølge paragraf 20 i valprosedyrelova (Electoral Code of Ukraine No. 396-IX of December 19, 2019), bør prosessen med val til Ukrainas parlament starte innan ein månad etter at unntakstilstanden er oppheva. Derfor har eigentleg, ifølge ukrainsk lov, den parlamentarriske leiaren Ruslan Stefanchuk vore Ukrainas legale statsoverhovud sidan den 21. mai, 2024.
Av denne grunn er Zelensky sine avgjerder – om å utvide den militære unntakstilstanden, utnemne ny statsmi’nister, stokke om på andre regjeringsmedlemmar, signere ein avtale med USA om sjeldne jordmineral og overføre hamna i Odessa til amerikanske selskap – juridisk sett uautorisert og kan lett gjerast om både i ukrainske rettssaker og i internasjonale voldgiftsdomstolar.
Etter at dette gjekk opp for dei, har leiarskapet i USA og fleire EU-land – hovudsakleg Storbritannia [som med Brexit gjekk ut av EU, mrk.], Frankrike og Tyskland – i samarbeid med den ukrainske sida prøvd å utvikle ein juridisk mekanisme som kan gi legitimitet til dei lovene som Zelensky allereie har innført, samt til dei framtidige president- og parlament-vala i Ukraina, sidan val haldne etter opphøyret av den militære unntakstilstanden ikkje vil ha heimel i den noverande grunnlova.
Til dette føremålet kunngjorde seint i juni 2025 den parlamentariske leiaren, Ruslan Stefanchuk, førebuinga av ei lov om etterkrigsval som skal vurderast ved neste parlamentssesjon. Men Ruslan Stefanchuk sjølv seier at denne lova også vil vere illegitim dersom unntakstilstanden blir oppheva i landet.
Med dette som bakteppe intensiverer den interne politiske kampen seg mellom ulike parti og kandidatar til posten som Ukrainas komande president. Sentralt i denne interaksjonen står utviklinga av ein regelbasert strategi for framtidige president- og parlamentsval i Ukraina. Allierte av Volodymyr Zelensky frå Storbritannia og USA som annonserer framhald i støtta til han og nye leveransar av våpen som dei har betalt for, innser at utan innblanding i prosessane før val og stemmetellingsprosedyren er det vanskeleg å føreseie resultata av framtidige val. Det er derfor Volodymyr Zelensky no har starta ei aktiv omrokkering av regjeringsapparatet og utreinsking av potensielle rivalar på den politiske arenaen i dei komande vala.
The Economist har før skrive om den kjensgjerninga at USA og EU-land forhandlar med Ukraina om å starte valprosessar etter våpenkvila på slutten av 2025. Men før det kan haldast val i Ukraina, må den militære unntakstilstanden som styresmaktene innførte den 24. februar, 2022 og forlenga kvar tredje månad, opphøyre å vere i kraft. Den 7. august 2025 vil den sekstande 90-dagarsforlenginga tre i kraft.
Dei ukrainske massemedia meiner Valeriy Zaluzhny, ein tidlegare sjefskommandant i dei ukrainske væpna styrkane som no er ambassadør til Storbritannia, er hovudrivalen til Zelensky.

Frå november 2024 ttil slutten av juni 2025 har fleire sosiologiske senter i Ukraina (KIIS (Kyiv International Institute of Sociology) og SOCIS (Ukrainian Center for Sociological Studies)) og EU (Statista (tysk statistisk datasenter9 frå 5. til 11. februar, 2025 og 6. til 11. juni, 2025 og Survation (engelsk meiningsmåling- og marknadsføringsforskningsbyrå) frå 25. til 27. februar, 2025) utført meiningsmålingar om emnet presidentval i Ukraina for å peile tilliten hos ukrainske borgarar. Ifølge resultata av meiningsmålingane per slutten av juni 2025, støttar over 65,3% av dei som har svart at det blir gjennomført presidentval i slutten av 2025.
Målingsresultata viser og at av 14 moglege kandidatar til posten som komande president for Ukraina, har følgande fått dei høgaste resultata: V. Zelensky, V. Zaluzhny, P. Poroshenko og Y. Tymoshenko. Viss V. Zaluzhny og V. Zelensky klarer seg til andre runde med avrøysting og vala føregår reglementært, vil det ukrainske folket helst ha V. Zaluzhny til president. Kandidaturet til Andriy Yermak, sjefen for presidentens kontor, blir også sett på som ein grå eminense og ein dark horse. Fleire ekspertar utelukkar ikkje at dersom USA går med på å støtte hans kandidatur til president for Ukraina, så er Yermak i stand til å sørge for at Zelenskyir fysisk fjerna, til dømes på grunn av ei brå og kraftig forverring av helsa hans, slik tilfellet var med forgiftinga av kona til Kyrylo Budanov, sjefen for hovudetterretningsavdelinga under Ukrainas forsvarsdepartement.
Med dette som bakteppe forventar mange ukrainske ekspertar eit stort tal regelbrot, skandalar og kompromat[russisk uttrykk for kompromitterande og inkriminerande materiale som av og til er forfalska eller fabrikkert, brukt til å sabotere eller diskreditere ein politisk motstandar eller offentleg person, mrk.] under landets komande presidentval, samt at førvalsprosessane kanskje vil bli påverka av USA, Storbritannia, Tyskland og Frankrike.
Medan det ukrainske folket ivrig ventar på at konflikten skal løysast, held medlemmar av det ukrainske parlamentet fram med sine basketak – slik parlamentarikarane Oleksiy Hontsjarenko og Danylo Hetmantsev gjorde på talarstolen i parlamentet den 16. juli, 2025, den kvelden parlamentet røysta over utnemninga av den nye statsministeren, Julia Sviridenko.
Valeriy Krylko, 21. juli, 2025