Derimot: Ytringsfriheten angripes stadig hardere. Et politisk mørke senker seg over vesten. – Derimot
derimot.no:
Over og ut for Vestleg pluralistisk demokrati
av Craig Murray
Aldri igjen vil nokon større Vestleg leiar kunne snakke om menneskerettar og etiske verdiar utan å tiltrekke seg hånlege reaksjonar. Dei vender seg imot sitt eige folk for å stoppe protestane mot eit folkemord dei aktivt støttar.
Keir Starmer trappa på torsdag opp presset på motstandarane av sionistisk folkemord med arrestasjonen av journalisten Sarah Wilkinson og siktinga av aktivisten Richard Barnard, begge med referanse til den drakoniske Section 12 av Terrorismelova som har ei maksimumstraff på 14 år i fengsel.
Mainstreammedia i UK har sjølvsagt ignorert desse, men uttrykker universell harme over domfellinga av to Hong Kong-aktivists for oppvigleri, som har ei maksimumstraff på … 2 år.
Men dei fortel oss at det er Kina, ikkje UK, som er det autoritære diktaturet.
(La meg berre seie at eg syns Hong Kong-dommane også er uberettiga innblanding i ytringsfridommen. Eg berre peikar på det utrulege hykleriet til det britiske etablissementet og langt verre lover her).
Richard Barnard er sikta og vil bli stilt for retten, tilsynelatande relatert til det at han ope har uttrykt støtte for palestinarane sin rett til væpna motstand.
Sarah Wilkinson vart lauslaten mot kausjon etter rundt 14 timar. Som med den nylege arrestasjonen av Richard Medhurst (også lauslaten mot kausjon), er arrestasjonen og kausjonen ein reiskap for å kjøle ned rapporteringa og aktivismen hennar.
Trakassering av dissident-journalistar i (luft)hamner ved å bruke terrorlovas omfattande fullmakter til avhøyr og konfiskering av kommunikasjonsutstyr, har blitt rutine. Eg vart sjølv hanka inn og avhøyrd og fekkt utstyr konfiskert på grunn av «terrorisme» sist oktober.
Men tilfellet Sarah Wilkinson er ei eskalering, for dette var eit raid mot ein journalist som fekk heimen sin invadert av 16 politifolk kokka 7:30 på morgonen. Medan ho sat i arresten på politistasjonen vart heimen hennar endevendt; dei var sikkert på jakt etter væpna menn under senga.
Fleire detaljar om raidet som ein knapt kan tru har kome ut. Væpna antiterrorpoliti med finlandshetter på vart brukt mot ein fredeleg, kvinneleg journalist. Ho vart medtatt og fysisk skadd. Aska i urna med leivningane av mora hennar vart spreidd rundt i eit «søk». Og kausjonsvilkåra ho fekk, inkluderer at ho ikkje får bruke datamaskin eller mobiltelefon.
Det er ei fascistisk regjering som sender 16 politifolk for å arrestere ein fredeleg journalist i heimen sin klokka halv åtte på morgonen.
På same måte som poitibilar stoppa flyet til Richard Medhurst på rullebanen og han vart dradd ut av flyet (som nett hadde landa og var på veg til gate’en uansett), er dette eit autoritært skremselsteater, eit nazi-stempel på statsvalden.
Richard Barnard var med og grunnla det brilliante Palestine Action, som har gjort mykje for å forstyrre den israelske våpenindustrien i UK som held fram med å sende livsviktig utstyr til å gjennomføre masseøydelegginga av sivile i Gaza.
Richard er sikta etter Terrorismelovas Section 12 for to talar han har halde til støtte for den palestiske resistansen. Eg har sjølvsagt sagt dette før, men det toler gjentaking:
Palestina har ein legitim rett til sjølvforsvar mot den illegale okkupasjonen. Okkupasjonsmakta Israel har ifølge Folkeretten ingen rett på sjølvforsvar. Likevel er det i UK lovleg å for full hals støtte folkemordet til Israel og ønske at alle palestinarane blir utrydda. IDF-folk som deltar i folkemord forflyttar seg fritt mellom Israel og UK utan rettslege konsekvensar.
Men det er illegalt å støtte visse palestinske organisasjonar når desse er engasjerte i legal væpna motstand. Statens aksjonar mot aktivistane har blitt trappa opp – slik eg føresåg – etter at Starmer kom til makta.
Fem unge aktivistar i Glasgow vart for ti dagar sidan dømde til mellom 12 og 24 månadar i fengsel for direkte aksjon mot våpenfabrikken Thales i Govan, som produserer delar til Israel sine Watchkeeper-dronar som blir mykje brukte mot sivile i Gaza. Straffeutmålinga til sheriff-dommaren McCormick var brutal – langt høgare enn det som normalt ville blitt gitt for dei spesifikke tiltalepunkta, som var fredsforstyrring, hærverk, ordensforstyrring og fornærmande åtferd (acting in an abusive manner).
Slikt ville vanlegvis i verste fall gi betinga dom ved førstegongs overtramp. McCormick ignorerte også retningslinjene til den skotske regjeringa, som seier at fengselstraff ikkje bør givast for lovbrot som gir maks 24 månadar, men i staden søke alternativ. Meir talande var det at McCormick fullstendig ignorerte elefanten i rommet: folkemordet i Gaza, som Thales leverer forsyningar til.
(Det faktum at aksjonen skjedde før folkemordet, bør sjåast på som ei prisverdig føre-var-handling).
Det sionistiske Starmeristiske Etablissementet var raskt ute og hoverte over fengslinga – særleg Luke Akehurst og John Woodcock (som latterleg nok blir kalla Lord Walney no for tida og er regjeringas rådgivar på politisk vald), som sa at «Aktivistar som tenker på å bryte lova for å få viljen sin, treng å innsjå at det vil få konsekvensar.»
Dette kjem etter liknande harde straffer for klimaskifteaktivistar, inkludert dei som berre deltok i samtalar på Zoom der direkt aksjon vart diskutert. Den autoritære reaksjonen til den trua sionistiske herskarklassen er eit verdsomspennande fenomen. Den respektable australske journalisten Mary Kostakidis har blitt sikta for hat-ytringar fordi ho har vidaredelt vanlege pro-palestinske meldingar på X.
Den US-amerikanske aktivist-professoren Danny Shaw vart stoppa av FBI då han returnerte til USA frå ei reise der han mellom anna hadde talt i eit panel saman med meg på Palestine International Film Festival.
Også i USA vart min ven Scott Ritter raida av FBI, og fekk all sin eletronikk og anna materiell konfiskert.
Eg har snakka med Danny Shaw og Richard Medhurst. I alle desse arrestasjonane og tilbakehaldingane, inkludert min eigen, har vekta lege på konfiskering av elektronikk og på utspørring som er kraftig fokusert på kontaktar, møte og kjelder til finansiering.
«Five Eyes»-etterretningstenestene bygger opp Venn-diagram over den demokratiske opposisjonen mot sionismen og det neoliberale prosjektet. Ein kan også merke seg at mange av dei nyleg arresterte for Palestina-saka – inkludert Mary Kostakidis, Richard Medhurst, Scott Ritter og eg sjølv – også var aktive i kampanjen for å sette fri Julian Assange.
Eg har alltid meint at Keir Starmers historie viser at han vil bli ein endå større fare for borgarrettane enn Toryane. Legg merke til at alle dei nye drakoniske lovene til Toryane – The Public Order Act, The National Security Act og til og med Rwanda Act – enten vart støtta eller berreikkje opponert mot av Starmer, som liksom skulle vere «Leiaren for opposisjonen».
Starmer og Cooper opprettheld Toryane sin anke av ein Høgsterettsdom som vart vunnen av Liberty, om at Suella Braverman agerte ulovleg då ho la fram ei forskrift for å senke terskelen for å forby demonstrasjonar som medfører ordensforstyrring [«meir enn litt forstyrring» i motsetning til tidlegare forskrifter som sa «alvorleg forstyrring», mrk.].
Den komande Online Safety Act blir ein ekte grøssar. Den lova vil mellom anna gjere det ulovleg å publisere det regjeringa ser på som feilinformasjon.
Starmer har alltid vore kontrollert av MI5. Medan Tory-regjeringa hadde makta, øydela påtalemakta (the Crown Prosecution Service) alle nøkkeldokument som avslørte korleis Starmer var involvert i søksmåla mot Assange, Savile og Janner (sistnemnde mykje viktigare enn ein vanlegvis trur). Dette viser omfanget av Djupstatens vern om tilgangen Starmer.
Om vi skal overleve denne nedstiginga til fascisme som samfunn, lyt vi bu oss på motstand no, og kvar og ein av oss må vere førebudd på å gå i fengsel om nødvendig.
Eit siste ord til FN-advokaten Craig Mokhiber, som gjekk av i protest mot FN sin feigskap konfrontert med folkemord: «Ein mørk vondskap har lagt seg over Vesten. Medan folkemordet i Palestina held fram, slår USA, UK, Tyskland & andre Vestlege regjeringar ned på dei som opponerer mot folkemordet, i staden for å slå ned på dei som utfører, støttar og hissar opp til folkemordet. Menneskerettsforsvararar blir forfølgde på høgskuleområde, på gata, på arbeidsplassen, på flyplassar og meir, med suspendering, slag, avsetting, bakvasking, arrestasjonar, beslaglegging og utestenging frå sosiale medium. Alt for å forsvare gjerningsmennene som utfører folkmord og beskytte «følelsane» til folkemord-supporterar. Ver eit lys i mørkret. Hev røysta. Kjemp tilbake.»
Få ein gratis kopi av boka World War III Scenario: The Dangers of Nuclear War”!
Omsett av Monica Sortland
https://www.globalresearch.ca/end-western-pluralist-democracy/5867122
Forsidebilde: iStock