Derimot: X-CIA Larry Johnson:Tiden fremover mot USA-valget vil bli skjebnesvanger. – Derimot
derimot.no:
Putin har vore eit problem i førti år? Nei, det er Joe Biden.
Eg blir ikkje lenger overraska når Joe “Alzheimers” Biden driv av garde inn i sitt imaginære univers, men det er framleis rystande å vere vitne til. Sjekk ut tidsmarkøren 2:40 i denne videoen. Biden påstår han har kjent Putin i førti år. Eg er ingen matematisk trollmann, men det ville innebere at senator Biden møtte ein nyutnemnd KGB-offiser på lågt nivå i Dresden, Tyskland. Eg syner bløffen. Og nøyaktig korleis var Putin eit problem? Han kom ikkje til prominens før Boris Yeltsin utpeika Vladimir til etterfølgaren sin.
Den siste Biden-flausa er endå eit teikn på at Biden har den mentale smidigheita til ein trehest, og han ser ut til å bli verre for kvar dag som går. Dette reiser det breiare spørsmålet – vil han eigentleg vere kompetent til å stille mot Trump? Eg har nokre venner med gode forbindelsar som insisterer på at det var eit møte i New York for to år sidan, der Michelle Obama vart overtalt til å erstatte Biden som Demokratanes kandidat når Biden går av før Demokratanes kongress no i sommar.
Men, tidlegare House Speaker Newt Gingrich framfører overbevisande argumentasjon for at fru Obama ikkje er villig til å gi opp det søte livet på strendene i New York og Hawaii for å påta seg oppgåva med å bli ein presidentpiñata.


Eg er einig med Newt i dette tilfellet. Det avgjerande poenget er at hovudstraumsmedia byrjar presentere mimet om Bidens avtakande mentale evner og førebu den politiske slagmarka for at han blir erstatta før novembervalget. Eg trur oddsa er høge for at visepresident Kamala Harris vil avslutte Bidens periode. Bidens mentale forvirring vil berre bli verre, og han vil kome under meir stress, utover dei normale presidentoppgåvene, når Hunter Bidens skattesviksak går til retten i september. Med tanke på at Hunter vart dømd for å ha brote ei føderal lov då han laug på søknaden om å kjøpe eit våpen, mistenker eg at Biden-teamet vil legge press på Hunter for å inngå ein avtale heller enn å risikere å avsløre alle Joe Bidens tvilsame forretningstransaksjonar i løpet av dei siste månadane av presidentvalkampanjen.
Så det er det første binære problemet – vil Biden vere i stand til å stille til val og overleve fram til valdagen, eller vil han bli erstatta? For det andre, viss han blir erstatta, vil Kamala Harris klare å bli Demokratanes kandidat, eller vil det bli nokon andre, som til dømes Michelle Obama eller Hillary Clinton? No når det innanrikspolitiske dramaet utspelar seg i Bananrepublikken kjend som Amerikas foreinte statar, trur eg at internasjonale hendingar vil bli den avgjerande variabelen. Eg vil presentere tre scenarier og be deg vurdere kva for eit du trur er mest sannsynleg.
Scenario 1 – USA og nokre NATO-land grip direkte inn i krigen i Ukraina og angrip Russland. Russland slår tilbake ved å angripe militærbasar og viktig infrastruktur i Europa og USA med konvensjonelle våpen. Vesten står overfor valet – trekke seg tilbake eller eskalere med atomvåpen. I begge tilfelle blir det ikke noko val i USA.
Scenario 2 – Ukrainas militær kollapsar og Zelensky blir styrta i eit kupp før slutten av august. Vesten er sjokkert, men uvillig til å eskalere og gå til krig med Russland. Dette blir av dei fleste amerikanske velgarane sett på som eit Biden-nederlag, noko som ytterlegare styrkar Donald Trumps sjansar for siger i november.
Scenario 3 – Israel lanserer ein offensiv mot Hizbollah sør i Libanon og lir store tap. Som følge av den israelske operasjonen sender Irak og Tyrkia styrkar for å hjelpe Hizbollah. Biden-administrasjonen møter enormt innanlandsk press om å gripe inn og kome Israel til unnsetning ved å gjennomføre luftangrep i Libanon og Syria.
Eg presenterer berre generelle scenarier. Eg ville gi deg moglegheita til å bygge vidare på desse og kome med eigne spekulasjonar. Eg er sikker på éin ting – dei neste fire månadane fram til presidentvalet i USA vil vere den farlegaste, mest skjebnesvangre tida i mitt liv, og eg nærmar meg 70 år.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Astrid Schaffner