Derimot: Wien-konvensjonen bombet i filler av Israel. USA, UK og Frankrike sørget for jordfestingen ved å blokkere fordømmelsen. – Derimot

derimot.no:

av Larry Johnson, 12. april 2024

Larry Johnson er tidligere CIA-analytiker

Trass i Israels tøffe språk og Bidens gjentatte løfte om å forsvare Israel, går Israels militærkampanje mot Hamas, Hizbollah og Iran eit stort nederlag i møte. Og ting ser ikkje mykje betre ut for USA. Verda står, bona fide, på nåler – dvs. dei ventar nervøst på Irans lova militære represaliar for Israels ulovlege bombing av det iranske konsulatet i Damaskus for ei veke sidan.  Wien-konvensjonen om diplomatisk samkvem er utvetydig:

Og Artikkel 30 slår fast at det også gjeld privatbustadane til diplomatiske representantar:

«The premises of a diplomatic mission are inviolable and must not be entered by the host country except by permission of the head of the mission; likewise, the host country must never search the premises, may not seize its documents or property, and must protect the mission from intrusion or damage (Article 22). Article 30 extends this provision to the private residence of diplomatic agents.«

Og så snakkar dei om ein «internasjonal regelbasert orden». I FNs Sikkerheitsråd blokkerte USA, Storbritannia og Frankrike eit russisk utkast til ei erklæring som ville ha fordømd Israels ulovlege handlingar. Dette sende ei klar og tydeleg melding til verda – Wien-konvensjonen er verdilaus. Berre nokre dagar etter at Sikkerheitsrådet feila i å forsvare konvensjonen, storma Ecuador ambassaden til Mexico i Quito og kidnappa ein ecuadoriansk politikar som Mexico hadde innvilga diplomatisk asyl.

Det at USA, UK og Frankrike nekta å godkjenne denne grunnsetninga innan Folkeretten, gjorde at Iran berre hadde to alternativ att – å ikkje gjere gjengjeld eller å gjere det. Det ser ut for at militær gjengjeld i ei eller anna form ligg i korta. Eg trur ikkje at Iran kjem til å te seg slik Israel gjer og angripe ein israelsk diplomatisk fasilitet. Eg trur at dei i staden vil gå for militære mål.

1. april 2024 ødela et israelsk luftangrep den iranske konsulatbygningen ved siden av den iranske ambassaden i Damaskus, Syria, og drepte 16 mennesker, inkludert en senior Quds Force-sjef for Islamic Revolutionary Guard Corps (IRGC), brigadegeneral Mohammad Reza Zahedi og syv andre IRGC-offiserer. (Foto: Wikipedia)

Visse ting tyder på at Iran førebur seg på militær respons:

På onsdag vart einingar frå den iranske arméen og Revolusjonsgarden sette i brakketeneste, og permisjonar kansellerte.

Washington har oppdaga at Iran flyttar på militærutstyr, inkludert kryssarmissil og luftfarty, sa to US-amerikanske kjelder til CNN.

Flyselskap unngår no aktivt israelsk luftrom, og dei som framleis er der forlet det (sjå kartet over). Air France har til dømes gitt pilotane sine ordre om å ikkje flyge over iransk luftrom.

Eit stigande tal land evakuerer borgarane sine frå Israel og Iran, og det blir spreidd åtvaringar:

Canada og Nederland gir statsborgarane sine ordre om å ikkje reise til Israel og å bruke alle nødvendige middel for å kome seg ut derifrå.

Tyskland har oppfordra alle sine statsborgarar til å forlate Iran.

Noreg legg ut reiseråd for nordmenn som skal til Israel.

Frankrike evakuerer alle sine diplomatar og slektningane deira frå Iran. (Reuters)

India, Storbritannia og Russland har åtvara sine statsborgarar mot å reise til Iran eller Israel.

Joe Biden har sendt sjefen for U.S. Central Command til Israel for å koordinere forsvaret og moglege responsar på eit iransk angrep. Men USA og Israel si evne til å svare med ein luftkampanje, har møtt på hinder i vegen:

Qatar og Kuwait gav USA beskjed om at dei ikkje vil tillate basane på sitt territorium å bli brukte til angrep mot Iran. (Diplomatiske kjelder)

Tyrkia informerte USA om at dei ikkje vil få lov til å bruke tyrkisk luftrom mot Iran.

Alt dette skjer medan Tel Aviv og Washington stadig meir innser at deira taktikk for å takle høvesvis Hamas og Houthiane har vore ein katastrofe. Den israelske skribenten Chaim Levinson sleppte denne bomba på sidene til Haaretz — Saying What Can’t Be Said: Israel Has Been Defeated – a Total Defeat. (Seie det useielege: Israel er slått – eit totalt nederlag)

Vi har tapt. Sanninga må seiast. Den manglande evna til å innrømme det, summerer opp alt ein treng vite om Israels person- og massepsykologi. Det er ein tydeleg, skarp, føreseieleg realitet som vi burde byrje fatte, prosessere, forstå og trekke konklusjonar frå for framtida. Det er ikkje moro å innrømme at vi har tapt, så vi lyg til oss sjølve. …

Heile tida snakkar vi om ein imaginær tidsfrist – første april, mai, september – og viss Hizbollah held ut så lenge, vil vi gi dei ei grundig overhaling. Tidsfristen blir stadig flytta. 

Grenseregionen  er framleis tom. Bedraget held fram. Det verkar no svært sannsynleg at i fleire år framover vil alle som køyrer langs grensa bli utpeikte som mål. Tel Hai vil atter falle.

Chaim Levinson

Og det stemmer på alle frontar: ikkje alle gissel vil returnere, verken i live eller daude. Nokre av dei er sakna, og lagnaden deira vil forbli uviss. Dei vil bli som den nedskotne luftstyrkenavigatøren Ron Arad. Slektningane deira vil engste seg sjuke av uro og frykt. Innimellom vil vi sleppe til himmels ballongar til minne om dei. …

Di meir talerøra ropar at «vi vinn,» dess klarare er det at vi tapar. Løgn er faget deira. Vi må berre venne oss til det. Livet er mindre trygt enn det var før 7. oktober. Slaget vi fekk vil svi i åra som kjem. Den internasjonale utfrysinga vil ikkje forsvinne, dei døde kjem ikkje tilbake. Det gjer heller ikkje mange av gislane.

Pluss på med den fullstendige fadesen til Operasjon Prosperity Guardian («velferdsvaktar»), då U.S. Navy og ei handfull «allierte» ikkje greidde gjenopne Raudehavet for maritim trafikk og hindre at Houthiane skaut missil på skip som prøvde å ta seg til Israel. Franskmennene viste sin sanne natur –  dei trekk seg:

Franske kjelder avslørte at den franske FREMM-fregatten Alsace har tatt seg ut av Raudehavet og Adenbukta, skreiv den franske avisa  

Le Figaro på torsdag.

FREMM-fregatten Alsace

Fregattens kommandant, Jerome Henry, erkjente at dei væpna styrkane til Jemen «ikkje nøler med å ta i bruk dronar og ballistiske missil på overraskande og slagkraftig måte.»

«Det var lenge sidan vi sist stod overfor eit slikt nivå av våpen og vald,» påpeika han.

Ord til Macron: viss sjøstyrkane dykkar ikkje kan stå imot Houthiane sin «vreide», korleis i helvete trur du dei kan hevde seg på slagmarka i Ukraina mot russarane? Dette hadde vore god komedie om det ikkje var for at ein ny verdskrig spøkar i horisonten.

Medan Israels og USAs militære og politiske leiarskikt fantaserer om å gi iranarane inn dersom Teheran vel å gjere gjengjeld, så lyt dei hugse på dette: Iran har i over fire år hatt felles militærøvingar med Russland og Kina. Med eit angrep på Iran, er sjansen stor for at Russland og Kina vil kome landet til hjelp. Kanskje ville dei då blitt edrue, desse krigshissarane som er rusa på blodet til palestinske sivile. 

Eit siste poeng. Hizbollah fyrte ein sperreeld av 50 rakettar inn i Israel på fredag. Israel, som brukte sin Iron Dome, skal ha skote ned ein god del, men ikkje alle. Var dette rakettangrepet ein del av ein breiare iransk strategi om å lense Israel for Iron Dome-ammunisjon? Israel har ikkje eit uavgrensa tal Iron Dome-missil. Å bruke dei missila til å skyte ned relativt billige Hizbollah-rakettar, kan sette Israel i ein posisjon der dei har brukt opp alt dei har før det verkelege angrepet kjem.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde fra Wikipedia: «En bondebegravelse» er et maleri av den norske tegneren, illustratøren og maleren Erik Werenskiold (1855–1938) fra perioden 18831885.

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...