Derimot: Voldsbruk fra innvandrer gjeng-miljø er et økende problem i mange vestlige land. En video fra Tyskland skaper stor uro i befolkningen.
derimot.no:
Tysk politi trugar med å straffeforfølgje alle som deler ein urovekkjande video om innvandrarvald
Innlegget er hentet fra Saksyndig
ReMix News melder at tysk politi seier dei kjem til å arrestere alle som publiserer ein bestemt video om innvandrarvald – samstundes meiner sjefen i den tyske politiforeininga at videoen burde vere offentleg tilgjengeleg. Er dette eit forsøk frå politiet på å sensurere all valden som enkelte innvandrarar utfører i vertslandet?
I mange europeiske byar er vald utført av innvandrarar eit alvorleg og aukande problem, inkludert i den tyske byen Lübeck i delstaten Schleswig-Holstein. Byen ligg nokre korte timar med toget frå danskegrensa, og er ein av mange vakre, historiske byar i Nord-Tyskland. Denne opphavleg fredelege byen er diverre berre éin av tallause andre byar i Europa og Skandinavia som blir forsøkt øydelagt av innvandrarvald.
Valdsbruk og slåstkampar blant den veksande innvandrarbefolkninga blir stadig vanlegare, og innvandrarar er overrepresenterte i valdsstatistikken. Nyleg oppstod det ein slåstkamp i Lübeck midt på høglyse dag, og sjølv om politiet rykte ut til hendinga, skreiv dei ingenting om det eller gav ut ei pressemelding, ei heller vart det laga ein notis av det til avisene. Ein video frå hendinga lak derimot ut til sosiale media – og då tok politiet det uvanlege steget å truge med strafferettsleg påtale. Dei meinte det var «forbode» å dele videoen.
Nemnde video (over) viser menn som sparkar ein ung person i hovudet, medan ein annan innvandrar hiv eit metallsøppelspann på ein eldre tysk fotgjengar. Den eldre personen, som hadde ingenting med slåstkampen å gjere, fall i bakken av dette. Politiet dukka opp på staden med heile ti køyretøy for å få kontroll på desse mennene, som blir omtala som arabarar.
Videoen vart sidan lasta opp på Facebook. Like etter tok ein tenesteperson som jobbar under minister Sabine Sütterlin-Waack i Schleswig-Holstein skreiv følgjande som respons på videoen (mi omsetjing):
«Politiet åtvarar mot vidare deling av denne videoen og ber om at de straks slettar videoen frå dykkar apparat og under ingen omstende deler den vidare. Dette kan resultere i strafferettsleg påtale.»
Nokon skreiv som svar til politimeldinga på Facebook:
«Får ikkje nokon lov til å sjå sanninga?»
På det svarte vedkomande tenesteperson:
«Det er nok dersom dei rette instansane ser sanninga og etterforskar.»
Vel, sanninga er jo å sjå i videoen. Kvifor vil ikkje politiet at den skal delast? Ein bekymrar seg no for om styresmaktene trugar med straffeforfølging for å stilne folket, spesielt med tanke på overrepresentasjonen til innvandrarar i tysk kriminalstatistikk. Det har nyleg vore fleire andre tilfelle av slåstkampar i tyske byar, der fleire dusin personar har vore involvert. Dette har skapt vesentleg forstyrring av ro og orden.
Leiaren i den tyske politiforeininga, Rainer Wendt, har på den andre sida teke til motmæle mot dette forsøket på sensur. Han sa:
«Dette er ei særs merkeleg tilnærming frå deira side, og ingen burde bli overraska at det no blir spekulert i kva motivet kan vere. Politiet er definitivt ikkje dei som bestemmer kva som er og ikkje er av offentleg interesse.»
Det florerer av videoar som dokumenterer innvandrarvald, men dette skal visstnok vere fyrste gong politiet har truga folk med straffeforfølging dersom dei deler dei.
Forsidebilde: Luz Fuertes