Derimot: Vil det føre til borgerkrig?USA faller fra hverandre.
derimot.no:
Grunnar til ein ny amerikansk borgarkrig
av Dmitry Orlov for the Saker blog
Vil USA halde seg samla gjennom 2024? Tidlegare i år tok covid-relaterte komplikasjonar livet av Vladimir Zhirinovsky, den bombastiske politikaren som i eit årtal var leiar for Russlands liberaldemokratiske parti. Han var ikkje berre kjend for sine uetterliknelege taleevner, men også for sine nesten nifse ’spådommar’. Til dømes føresa han Russlands Spesielle militæroperasjon nesten på dagen nøyaktig – fleire månadar før den var eit faktum, og på eit tidspunkt då ingen andre hadde særleg peiling på kva som skulle skje. Ein annan av prognosane hans lyder slik: «Det kjem ikkje til å bli noko presidentval i USA i 2024, for det vil ikkje lenger finnast eit USA.» Vil det vise seg at han også i denne saka var framtenkt? Lat oss sjå!
Zhirinovsky er ikkje på nokon måte aleine om å kome med slike prognosar. Nylege meiningsmålingar viser at over 40% av det folket i USA fryktar det er sannsynleg at ein ny borgarkrig vil bryte ut innan komande tiår. Gløym tanken om at dei gode borgarane som har blitt spurde kan ha utført ein uavhengig analyse, som dei har brukt som grunnlag for å kalkulere sannsynet for ein borgarkrig! Den store majoriteten av folket i USA har blitt forma til å oppfatte røynda som ein mosaikk komponert av korte nyheitsinnslag og lydspor, scener som ikkje er lengre enn at dei passar inn mellom to tv-reklamepausar, og miniforteljingar som presenterer eitt eller anna imaginært objekt i eit positivt eller negativt lys. Dei trur ein ny borgarkrig er sannsynleg fordi det er det dei har blitt fortalde, gjennom massemedia eller gjennom dei usynleg, men ubøyeleg medfølgande sosiale media.
Oligarkiet, som kontrollerer alt det ovanfor nemnde, leikar med to alternative forretningsplanar. Plan A, som er meir profitabel og mindre risikabel, inkluderer ikkje ein borgarkrig. Plan B, risikabel, men framleis profitabel, gjer det. I begge tilfelle flyt profitten inn frå konfiskering av verdiar frå folket. Med Plan A vil mindre del av desse verdiane bli blåst i filler, altså meir profitt. Men Plan A krev at ein sikrar total lydigheit og føyelegheit frå ei stadig meir utpint og vrangvillig befolkning. For å bruke Klaus Schwab sine ord: dei må tole å eige ingenting og late som dei er glade (som vilkår for å ha tak over hovudet og mat på bordet).
For å halde folkemassane i taumane, må oligarkiet halde dei forsynte med svære mengder søppelmat, sprit, narkotika og porno. Og trass i all propagandaen som pressar folk til å velje kategori innan regnbogen av kjønn, dei fleste av desse sterile, finst det framleis nokre kvinner som greier å bli gravide, nektar å ta abort og faktisk føder barn, og med dét hindrar at folkestanden skrumpar inn like raskt som den svinnande ressursbasen. «Høyr, kvinner blir gravide kvar dag i Amerika, og dette er ei reell sak,» mælte visepresident Kamala Harris. Trass den politisk ukorrekte termen «kvinner» – wombed men, menn/menneske med mage – er meldinga hennar krystallklar: hennar medborgarar av USA bør steriliserast som dei husdyra dei er. Kjæledyra dykkar er ikkje steriliserte, veit de vel; dei er transkjønna! Høyrest ikkje det finare ut?
Men enn om røyrleidningane for søppelmaten, spriten, narkoen og pornoen tørkar inn raskare enn folkestanden smuldrar opp med LGBT-propaganda og rikeleg med frie abortar? Då vil tida vere inne for Plan B, der amerikanarane får skyte på kvarandre med alle sine småvåpen. Ein kombinasjon av Plan A og Plan B er også teoretisk mogleg, der dei blå, Demokratiske statane blir haldne blidgjorte og pasifiserte og i frykt for dei raude, Republikanske statane, der borgarkrig rasar og lik forsøplar grøftene, medan borgarane av dei raude statane på si side blir haldne livredde for å forville seg inn på blått territorium, av frykt for å få barna sine kastrerte og dei heilage skytevåpena sine konfiskerte. Men ein slik prekær balanse kan bli vanskeleg å få til, og eit langt meir sannsynleg scenario er eitt med stabil uorden, der oligarkiet samlar opp sine mest verdifulle menneskelege ressursar i nokre få vel-forsvarte enklavar, medan resten av befolkninga får bukke under for dødbringande strid.
Men verken Plan A eller Plan B kan takle eit ruvande hovudproblem: korleis ein skal bli kvitt (altså oppheve, heller enn oppfylle) pliktene og ansvaret til den føderale regjeringa i landet. Dei største og viktigaste gjeld sosial tryggleik (Social Security, Supplementary Security Income), helse (Medicare) og forsvar. Grovt rekna halvparten av hushaldningane i USA mottar betydeleg finansiell stønad frå dei føderale styresmaktene , medan forsvar er det største velferdsprogrammet verda nokon gong har sett. Den føderale gjelda er allereie astronomisk, grovt sett like stor som halvparten av verdas samla brutto nasjonalprodukt. Om den var eit fysisk objekt, ville den ha vore godt synleg frå verdsrommet med det blotte auge. Den veks framleis i lynfart. 2022-budsjettunderskotet er venta å overgå tusen milliardar dollar, ned frå ca. 2 tusen milliarder dollar dei to føregåande åra, men framleis sjokkerande mykje.
Kor lenge denne finansielle farsen kan halde fram, kan ein berre gjette på, men når alle dei store kreditor-nasjonane no kappast om å selje unna det dei sit på av US-amerikanske statsobligasjonar og statskassevekslar [US debt holdings], er skrifta på veggen tydeleg nok. Korleis ein skal dele tvillingbyrdene på utanlandske kreditorar og innanlandske avhengige? Her hadde det vore svært effektivt å få ein borgarkrig som kunne gi Washington DC sparken og oppløyse den føderale regjeringa. Uansett kva slags lokale politiske strukturar som vart igjen, ville dei forkaste den tunge og meiningslause føderale gjelda, og nekte å overta føderale forsvarskostnadar og program for sosiale stønadar. Problemet løyst!
Joe Biden ser ut til å tenke på slikt allereie. I ein tale han nyleg heldt i Philadelphia, sa han: «Til dei modige høgrevingsamerikanarane … viss de vil kjempe mot landet, treng de ein F-15. De treng noko litt meir enn ein pistol.» Har han, saman med sonen Hunter, nokre F-15-jagarfly dei skulle ville selje til desse modige høgrevingsamerikanarane? Observer at han nemnde F-15, ikkje F-35: han vil levere eldgamle, men effektive, kampklare fly for bomberaid mot USAs hovudstad, ikkje forgylte, fulle-av-feil, aldri-heilt-klare-for-kamp «kvite elefantar» som F-35 er. Men før Washington DC er klar for å bli utsletta frå det politiske kartet, må det skje ei storplyndring, via ein gigantisk tørn politisk korrupsjon.
Ukraina, som har vore Joe og Hunter Biden sin personlege leikeplass i fleire år no, har blitt brukt som hovudknutepunkt for pengevaskinga. Av dei over ti milliardane dollar som Biden-administrasjonen har brukt på Ukraina så langt, har svært lite faktisk endt opp i Ukraina; resten vart brukt til smøring og valkampsbidrag eller anna i USA. Av dei våpena som nådde fram til Ukraina, vart minst ein tredel selde på den internasjonale svartemarknaden av Kiev-juntaen.
Sjølv dei våpena som nådde frontlinjene blir raskt selde av utlandske leigesoldatar og skipa ut til ukjende partar. Dei bitane som når gjennom troppefilteret blir blåste til himmels eller overtatte som troféar av dei nådelaust (om enn sakte og forsiktig) framrykkande russarane. Under Spesialoperasjonen har russarane samla seg litt av ei skattekiste av kolossalt dyre, men heller ineffektive, overkompliserte og lite robuste våpensystem som ikkje lar seg vedlikehalde ute i felten og difor vart etterlatne av tilbaketrekkande ukrainarar.
Ein annan stor bit ekstrainntekt har kome frå salet av ein svær porsjon av sine strategiske petroleumsreservar (SPR) til Kina og andre nasjonar: 300 millionar av dei 700 millionane fat er no selde, og SPR’en står no på sitt lågaste på 40 år. Dette er eit interessant resultat, for skiferolje-bonanzaen toppa seg i 2019, og med boringa no konsentrert i eitt einskilt felt i Permian Basin (i Texas) og ein svært høg tappingsfart, trur ein den vil bli redusert til sildring om berre 2 eller 3 år. Sjølv om faktasjekkarar frå mediekanalar for falske nyheiter har ropt ’feil’, er det sagt at einingar assosiert med Hunter Biden har vore involvert.
Sjølvsagt vil vi aldri finne ut av alle detaljane, for Hunter Biden er magisk, plassert langt over lova: om han slepp unna med pedofili, narkolanging, menneskehandel og andre slike brotsverk, kva betyr då litt (eller mykje, for den saks skuld) kvitsnippskriminalitet mellom skurkekumpanar? For ikkje å bli overgått av sonen, verkar Biden-far og resten av det Demokratiske etablissementet vere klare for å stele det komande Kongressvalet på mest mogleg openlys og høgrøysta måte, og gjere det umogleg å halde fram med å hevde at USA framleis er eit demokrati av noko som helst slags slag. Når bodskapen om at demokratiet er daudt og at Washington er ei røvarhole har blitt hamra inn i alle hovud, vil vegen vere klargjort for Plan Bs skotsalvar.
Men dersom dei «modige, høgrevingsamerikanarane», som Biden ser ut til å sette sitt håp til, ikkje gjer som forventa, og Plan B ebbar ut med eit klynk, og ikkje eit brak; kva då? Kva om dei berre blir sittande rundt om på pubane og tutar ned i ølet sitt, og så går heim og pussar pistolane sine? Vel, ikkje vent at russarane eller kinesarane skal kome til hjelp! Dei kunne ha fridd USA frå sorgene deira – men det vil dei ikkje. Russarane har fulle lager av solsikkefrø (som dei vel framfor pop-corn), og kinesarane har på same måte lagra opp på ris-chips. Dei vil lene seg tilbake og følge med på denne pan-eurasiske feiringa av skadefryd, og ikkje løfte ein finger for å hjelpe til.
Omsett av Monica Sortland
Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst
Forsidebilde: Erica Marsland Huynh
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 1