Derimot: Viktig grensekrenking omtales ikke i våre medier.Egypt tolker hendelsen som en krigserklæring. – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Vil Israels inntaking av Rafah utløyse ein regional krig som inkluderer Egypt?

von Alfredo Jalife-Rahme

Dei store pressebyråa ignorerer den alvorlege krenkinga av Camp-David-avtalane som den israelske hæren (IDF) gjorde seg skuldig i då dei invaderte «Philadelphia-korridoren» for å ta kontroll over grenseovergangen Rafah utan å måtte krysse Gazastripa. Pressa i Vesten skjuler denne alvorlege hendinga trass i at Egypt har tolka den som ei krigserklæring frå Israels side. Dersom Egypt vel å forsvare seg, vil Israel stå overfor ein regional krig dei ikkje kan vinne.

VOLTAIRE NETWORK | MEXICO CITY (MEXICO) | 31. MAI 2024

Yitzhak Brik

Den pensjonerte israelske generalen Yitzhak Brik [1] hevda i avisa Maariv at ein konflikt mellom Egypt og Israel, på grunn av den israelske arméens nærvær i Rafah – i sør-Gaza, ved grensa til Egypt – ville bli eit «drama» for den hardt prøvde regjeringa til statsminister Netanyahu, sidan Israel manglar ei «løysing»  for å møte Egypt.

Ifølge Brik er den egyptiske arméen ein av dei sterkaste i Midtausten, med kring 4000 tanks, inkludert 2000 moderne, så vel som kraftige skip og kampfly: «å bryte freden med egyptarane ville vere ein katastrofe for tryggleiken til Israel på alle måtar,» og viss det bryt ut konflikt, vil Israel ikkje ha anna val enn å be til Gud.

Konflikten kan utløysast på grunn av det militære kvelartaket på den palestinske byen Rafah, der vi veit at nesten ein million sivile vart tvinga til å flykte til [2]. Samtidig kunngjorde Egypts utanriksminister Sameh Choukri at landet hans vil «vitne mot Israel i Sør-Afrika si rettssak mot Israel i Den internasjonale domstolen» (Court of Justice, ICJ), slik Voltaire Network rapporterte om i sitt siste internasjonale nyheitsbrev [3]. Egypt bad samtidig FNs Sikkerheitsråd sette seg imot Israel sin militære invasjon av Rafah.»

“Israel har brote Camp David-avtalane [4] ved å gå inn med tanks i den demilitariserte sona kjend som Philadelphia-korridoren: ei stripe land 14 km lang og 100 meter brei, som sidan 2005 har vore administrert av Egypt og dei palestinske styresmaktene» som no er leidde av Mahmoud Abbas. Voltaire Network slår fast at Egypt i ni år aleine har kontrollert grenseovergangen i Rafah, medan Israels armé okkuperer den palestinske sida og dermed blokkerer inngangen for naudhjelp.

Brik spår at vi ser «Israels verste krig» i horisonten: egyptarane «vil gravlegge Israel, det er eit raudt flagg og ein krisealarm alle israelske borgarar». Den pensjonerte generalen åtvarer om at den militære invasjonen av Rafah «vil bli den siste spikeren i kista for Israels evne til å vinne over Hamas» og han ottast for, trass i si profesjonelle krigserfaring, at ein regional krig som er farlegare og skrekkelegare enn den noverande konflikten på Gazastripa, lurer i horisontenzon. Han skulda «dei fem israelske leiarane» – han viser til krigskabinettet som består av statsminister Netanyahu, forsvarsminister Yoav Gallant, stabssjef Hertzi Halevi og dei to generalane Benny Gantz og Gadi Eisenkot – for å ha trekt Israel inn i ein “regional krig (sic)”.

Brik angrip dei fem medlemmane av krigskabinettet, som trekte tilbake dei israelske troppane tilbake etter å ha erobra «80 prosent av Gazastripa, unntatt Rafah, og såleis let Hamas ta tilbake kontrollen over heile området». “Ved å tape mot Hamas og Egypt, fører krigsleiarane Israel inn i katastrofen» [5].

Han hevdar at «den noverande situasjonen i den israelske hæren er at den ikkje har makt til å knuse Hamas, sjølv om krigen held fram. Dessutan kan dei ikkje halde Hizbollah unna på den andre sida av elva Litani» – tvert imot det Israel sin giftige krigspropaganda hevdar! Brik avslører “erosjonen (sic) som den israelske hæren lir av, og som kan spreie seg vidare dersom dei held fram med ein krig som allereie har mista sitt formål og ikkje har nådd sine mål».

Ni dagar etter Brik sin spådom om opprør, trua ein hettekledd israelsk soldat i Gaza med «militærkupp (sic)» i ein video adressert til statsminister Netanyahu – i Jalisco-kartellet “Nueva generación”-stil – med 100 000 reservistar (sic) for å hindre at styret av Gaza blir overlevert til noka palestinsk gruppe [6]. Videoen vart delt av Yair, den kontroversielle 32-årige sonen til statsminister Netanyahu, som no bur komfortabelt i Miami [7].

Alfredo Jalife-Rahme

Kjelde
La Jornada (Mexico)

[1] «General Yitzhak Brik’s prescient analyses«, Voltaire, International Newsletter, N°58, 27 October 2023. «Ex general israelí Yitzhak Brik exhorta a Netanyahu a declarar ’el fin de la guerra que ya perdió’«, Alfredo Jalife-Rahme, La Jornada, 8 de mayo de 2024. [2] «Israel-Egypt ties in the spotlight : Regional media smells blood – analysis«, Seth J. Frantzman, The Jerusalem Post, May 13, 2024. [3] «1243 Israel violated the Camp David Accords«, Voltaire, International Newsletter N°87, 18 May 2024. [4] «Camp David Accords. Egyptian-Israeli history«, Jimmy Carter, Britannica, April 1st, 2024. [5] «מפסידים לחמאס ומאבדים את מצרים : רניטי «, Maariv, 15 mai 2024.” [6] «PM Netanyahu’s Son Shares Video of Alleged IDF Reservist Threatening Military Coup in Gaza«, Josh Breiner & Bar Peleg, Haaretz, May 25, 2024. [7] «’Where is he?’ Netanyahu’s son draws backlash for being in US amid war«, The Times of India, October 25, 2023.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Lexica

https://www.voltairenet.org/article220951.html

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar