Derimot: Vi vet mye om Covid-19 injeksjonene nå. De er ikke vaksiner og de er farlige. – Derimot
derimot.no:
COVID-19-injeksjonane – det vi visste og det vi oppdaga
Heilt frå starten av visste vi at skota var giftige og at dei politiske styresmaktene laug.
av Dr. Mark Trozzi
Lenge før dei sleppte dei no illgjetne og kritisk viktige “Pfizer-dokumenta”, var det tydeleg at dei såkalla COVID-19-«vaksinane» var både svindel og giftige.
Det at dei vart brukt, var eit medisinsk overgrep og overlagt masseskade. Det er grunnen til at nokre av oss – sjølv før den første nåla vart stukken inn i armen på nokon – dedikerte oss heilt til å åtvare og beskytte folk. Vi gjorde alt i vår makt for å stoppe desse injeksjonane, same kva det kosta oss personleg. Vi slo alarm til kvar mann, kvinne og barn vi kunne nå, og bønfall alle som ville høyre.
I dag vil eg gi ei kort oppsummering av det vi forstod heilt frå starten av og av oppdagingane vi gjorde undervegs.
Det er ingen vaksine (januar 2021)
Ordet vaksine har tradisjonelt referert til eit preparat av svekka eller deaktiverte patogen eller fragment av patogen-strukturen som stimulerer ein immunrespons utan å forårsake alvorleg sjukdom. Dette prinsippet, attribuert til Louis Pasteur, involverer å presentere immunsystemet for harmlause antigen for å førebu det til framtidige møte med patogenet.
Til skilnad frå dette, opererer COVID-19-“vaksinane” med ein annan mekanisme. Ifølge naudbruksløyvets informasjonsmateriell, inneheld desse injeksjonane syntetisk messenger RNA (mRNA) som kodar for piggproteinet til viruset SARS-CoV-2. Når det er sprøyta inn i kroppen går dette genetiske materialet inn i celler og gir ribosoma beskjed om å produsere det virale piggproteinet, som deretter blir sleppt inn i sirkulasjonen for å trigge ein immunrespons. Til skilnad frå tradisjonelle vaksinar, bruker denne tilnærminga kroppens eigne celler til å produsere komponentar av viruset, noko som utgjer ein unik risiko og vekker bekymring. Denne eksperimentelle teknilogien skiller seg betydeleg frå etablert vaksine-vitskap, som har reist debatt og gransking av sikkerheit og langtidsverknadar.
Føresette farar (juni 2021)
Data frå USAs vaksineskaderegistreringssystem, Vaccine Adverse Events Reporting System (VAERS), avslørte ein sjokkerande auke i innrapporterte biverknadar etter utrullinga av COVID-19-injeksjonane. På berre nokre få månadar vart desse injeksjonane knytte til fleire dødsfall enn alle andre vaksinar samanlagt over dei føregåande 17 åra. Ei nærare gransking av ingrediensane og mekanismane til desse injeksjonane, viste at dette utfallet ikkje berre var føreseieleg, men også kunne ha vore hindra. Hundretals anerkjende vitskapsfolk slo alarm tidleg og åtvara om den ibuande risikoen som var knytt til denne eksperimentelle terapien.
Den eineståande raske utviklingsprosessen og løyvet til naudbruk (emergency use authorization) gjekk utanom veletablerte sikkerheitsprotokollar og mangla langsiktige studiar. Denne ringeakten for tradisjonelle sikkerheitstiltak har sidan eksponert millionar for føreseieleg skade som kunne ha vore hindra, noko som understrekar dei etiske og vitskapelege bekymringane rundt denne kriminelle helsekampanjen.
Det vart berre verre under gransking (september 2022)
Den tyske Working Group for COVID Vaccine Analysis, som består av over 60 vitskapsfolk, legar og yrkesutøvarar, undersøkte prøver av «vaksinane» til Moderna, BioNTech/Pfizer, AstraZeneca og Johnson & Johnson i tillegg til blodprøver frå mottakarar. Med hjelp av elektronmikroskop (Scanning Electron Microscopy) og spektroskopi (Energy Dispersive X-ray Spectroscopy) avdekka dei urovekkande funn.
Metalliiske framandlekamar vart oppdaga i «vaksinane», og BioNTech/Pfizer sin Comirnaty viste dei mest uvanlege strukturane. Ikkje innhaldsdeklarerte elements — inkludert alkaliske metall (cesium, kalium), alkaliske jordmetall (calcium, barium), overgangsmetall (kobolt, jern, krom, titanium), sjeldne jordmetall (cerium, gadolinium), aluminium, silisium og svovel — var til stades i AstraZeneca-, BioNTech/Pfizer- og Moderna-“vaksinar”. Gifta antimon vart funnen i prøver frå Moderna og BioNTech/Pfizer.
Blodanalysar avslørte abnormalitetar i vaksinerte individs, inkludert samanklumping av raude blodceller, redusert cellestabilitet og krystallinske strukturar som kolesterol og saltkrystallar – teikn på vaskulær skade. Kunstig intelligens greidde å skille mellom injisert og ikkje-injisert blod med 100% nøyaktigheit.
Studien knytte også nanopartikkel-kvaliteten i ulike vareparti av injeksjonane til biverknadar. Det var indikasjonar på at meir effektiv leveranse av mRNA korrelerte med høgare risiko for biverknadar.
Så oppdaga vi DNA’et (april 2023)
Som eit tillegg til den stadig veksande lista over grunnar til å sette utrullinga av desse injeksjonane på vent, avdekka etisk drivne vitskapsfolk som Kevin McKernan, Michael Palmer, Jonathan Gilthorpe og David Speicher DNA-forureining i mRNA-“vaksinar”. Denne alarmerande oppdaginga som vart gjort medan mange offer var på sin fjerde eller femte booster (oppfriskings-/forsterkingsdose) stadfesta ei lenge ulmande uro, og representerte eit klart på regelen om informert samtykke. Sjokkerande nok verka det som om ikkje ein gong tilsynsorgan var klare over denne forureininga. Dei hadde stolt på at farmasiselskapa gjorde si eiga testing – ein openberr svikt i tilsynet.
Denne avsløringa presenterte ein sjanse for regulatoriske instansar som til dømes Health Canada til å rette opp i si aktløyse og stille dei skuldige til ansvar. Men konfrontert med sjansen til å handle etisk, valde dei i staden å doble innsatsen med å forfølge varslarar, og dei verka prioritere skadekontroll over rettferd. Passiviteten og medverknaden deira forverra folks mistillit og stadfesta på ny rolla deira i denne kriminelle kampanjen.
Uløyste mysterium (april 2024)
Medan vitskapen for mange har blitt til ein pseudo-religion brukt til å dominere diskursen og undertrykke open debatt, er ekte viskap framleis ei kontinuerleg utforsking av mysterium. Dr. Ana Maria Mihalcea, MD, PhD, sertifisert lege og patologiekspert, gjennomførte omfattande forskning på innhaldet og effektane av COVID-19-“vaksinar”, og avdekka alarmerande funn av sjølvmonterande nanoteknologi.
Analysen hennar avslørte invasive element i injeksjonane som danna nettverk av filament og nanochips i det menneskelege blodet, som påverka til og med ikkje-injiserte individ. Desse teknologiane, saman med dei unaturlege, kvite, gummiaktige «blodproppane» funne i offer, var knytte til material i injeksjonane, miljøforureining og protein produserte av kroppen som svar på genetiske komponentar i sprøytene. Dr. Mihalcea sitt arbeid kastar lys over dei skjulte, mekanistiske transformasjonane som finn stad i menneskekroppen, og påpeikar behovet for open, transparent, vitskapeleg gransking.
Kva no?
Det finst ingen rasjonell sti til ei rettvis framtid som ikkje involverer tildeling av ansvar, erstatning og garantiar for at slik urettvise aldri meir skal skje. Å oppnå dette, blir verken enkelt eller greit. Gjennom år med utmattande rettslege kampar, der eg og andre har blitt forfølgde av statlege etatar støtta av medverkande domstolar, har dette systemets sanne natur blitt eksponert – det tener makta, ikkje sanninga.
Tilbaketrekkinga av min legelisens og dei alvorlege økonomiske vanskane som denne kampen har gitt meg, fordømmer meg ikkje i folkets auge. Dei fordømmer i staden dei som prøvde å kneble meg. For kvar dag som går kjem det stadig nytt som beviser at eg hadde rett. Sarndpunktet mitt var forankra i vitskap og etikk frå starten av. I mellomtida blir dei som forfølgde meg stadig meir avslørte for sine forsøk på å sløkke det lyset. Sanning og integritet vil til sist sigre, same kva det vil koste.
Pengar kan korrumpere dommarar, tvinge byråkratiske småbrikker i spelet til å sjå ein annan veg, og til og med tvinge legar til å svikte lege-eiden sin om å ikkje valde skade – men det kan ikkje endre sanninga. Så kva no? No hevar vi stemmene våre, held fram med å tale sanning til makta, forblir modige, er utrøyttelege og held fram med å presse på for rettferd. Enten det tar veker, månadar eller år, så vil sanninga sette oss fri.
Omsett av Monica Sortland
https://www.globalresearch.ca/covid-19-injections-knew-discovered/5874033
Forsidebilde: iStock