Derimot: Vi kan treffe dere hvor som helst inne i landet. Iran fortalte med angrepet sitt det Israel skulle vite. – Derimot

Derimot.no

derimot.no:

Vesten insisterer på at Iran sitt angrep kom til kort, men Iran gjorde nett det dei hadde planlagt å gjere i Israel.

 av Larry Johnson  15. april 2024

Dei fleste av Vestens analytikarar spretta i dag champagnen og proklamerte Israels «massive» siger over Irans kombinerte angrep med dronar, kryssarmissil og ballistiske missil mot mål i Israel den 14. april. Eg veit ikkje om dei verkeleg er så blinde for kva som skjedde, eller om dei frivillig deltar i ein psykologisk operasjon for å overtyde Israel om at dei hadde ein siger og ikkje treng eskalere. Uansett, la oss sjå på kjensgjerningane.

Iran fortalde USA og fleire naboland nøyaktig kva dei hadde tenkt å gjere. Dette veit vi på grunn av ein artikkel i Financial Times, publisert den 12. april — 36 timar før Iran starta kanonaden.

Iran har signalisert til allierte og vestlege nasjonar at dei vil hemne eit mistenkt israelsk luftangrep på konsulatet sitt i Damaskus på ein «kalibrert» måte for å unngå ein total regional konflikt, ifølge offisielle tenestemenn som har fått debrifing om samtalane.

Teheran vil sannsynlegvis ikkje angripe israelske diplomatiske fasilitetar i regionen, sa ein offisielle tenestemann som har fått debrifing om samtalane mellom Iran og Oman, Golf-staten som ofte har lagt til rette for bakkanalsdiplomati mellom Teheran og Washington.

US-amerikansk etterretning om faren for angrep verkar vere detaljert og spesifikk, ifølge dei offisielle tenestemennene som har fått debrifing om situasjonen, og det gir Israel eit vindauge til å førebu forsvaret sitt.

Sjølv eit direkte angrep på israelsk territorium vil truleg bli «kalibrert» på ein måte som vil vise ein robust respons, utan å trigge ein israelsk hemnaksjon som ville føre til desimering av iransk eigedom i Libanon og Syria, sa den vestlege offisielle tenestemannen, medan han åtvara om at feilvurdering er mogleg.

Dette er et iransk kryssermissil, Hoveyzeh.

Målet til Iran var å demonstrere at dei kunne råke Israel viss dei ville, men dei kom med ei åtvaring på førehand for å gi israelarane tid til å beskytte personell for å minimere tap av liv og helse. Iran prøvde ikkje å forårsake store tap av menneskeliv.

Reuters kom i dag med ei stadfesting av Financial Times’ reportasje:

Tyrkiske, jordanske og irakiske offisielle tenestemenn sa sundag at Iran gav åtvaring i god tid før sitt 

drone- og missilangrep på Israel, men US-amerikanske offisielle tenestemenn sa at Teheran ikkje åtvara Washington, og at dei hadde som mål å forårsake signifikant skade. . . .

Irans utanriksminister Hossein Amirabdollahian sa sundag at Iran gav naboland og Israels allierte USA 72 timars varsel om at dei ville starte angrepa.

Tyrkias utanriksdepartement sa dei hadde snakka med både Washington og Teheran før angrepet, og la til at dei hadde vidareformidla meldingar som mellomledd for å sikre at reaksjonane ville stå i forhold til gjerninga.

«Iran sa reaksjonen ville vere ein respons på Israel sitt angrep på den iranske ambassaden i Damaskus, og at dei ikkje ville gå utover dette. Vi var obs på kva som kunne skje. Forløpet kom ikkje som noka overrasking,» sa ei tyrkisk diplomatisk kjelde.

Ikkje overraskande nektar Biden-tenestemenn heftig for at dei hadde blitt åtvara på førehand, ifølge Reuters:

«Det er absolutt usant,» sa den offisielle tenestemannen. «Dei gav ikkje beskjed, og heller ikkje nokon slags ‘dette blir måla, så evakuer dei.’»

Teheran sende USA ei melding først etter at angrepa hadde starta, og hensikten var å vere «svært destruktive», sa den offisielle tenestemannen, og la til at Iran sin påstand om at dei hadde åtvara breitt, kan ha vore eit forsøk på å kompensere for mangelen på særleg stor skade etter angrepet.

«Vi mottok ei melding frå iranarane då dette pågjekk, via sveitsarane. Denne antyda at dei var ferdige etter dette, men det var framleis eit angrep på gang. Så det var meldinga (deira) til oss,» sa den US-amerikanske tenestemannen.

Utsegner frå US-amerikanske offisielle tenestemenn kan ikkje lenger aksepterast som nøyaktige, med den løgn-praksisen dei har etablert. Dette er ei “cover-my-ass”-fornekting. Kan du førestille deg det politiske raseriet dersom Biden-teamet hadde innrømt at dei hadde fått førevarsel frå Iran? Trur du at tenestemennene frå Tyrkia og Jordan ikkje vidareformidla til Washington det dei hadde blitt fortalde? Sjølvsagt gjorde dei det.

Iran sitt angrep i dei tidlege morgontimane på sundag var ein symbolsk represalie. Mullahane og kommandantane frå Revolusjonsgarden (IRGC) gav Israel beskjed om at vidare angrep på Iran, særleg iransk territorium, vil bli svart på med iranske angrep på Israel. Iran demonstrerte eit særs sofistikert angrep som brukte tre ulike våpensystem — dronar, kryssarmissil og ballistiske missil. Dei brukte ikkje sine mest avanserte våpen.

Dronane vart brukte på same måten som bøndene i sjakk – trekk ut opponenten og skap situasjonar som gjer han sårbar. Israel brukte opp over 700 Iron Dome-missil undier kontringa av Irans minst 300 dronar. Korfor? Normalt vil ein fyre av to Iron Dome-missil per angrepsmål for å sikre treff. Ditto for kryssarmissila.

Flere av de iranske missilene kan nå Israel

Det vi veit sikkert, er at dei fleste av dei ballistiake missila traff sine mål i Israel. Her er ein video av eit av angrepa. Iran demonstrerte ein utmerkt sofistikert kapasitet – eit manøvrerbart stridshovud. Legg merke til at det innkomande iranske missilet vik unna det israelske avskjeringsmissilet og treff målet. Wow!!

Scott Ritter summerte det opp best med denne meldinga på Xwitter (uttalt som Shitter):

USA har ein avansert radar av typen AN/TPY-2 X-band stasjonert i Har Qeren, i Negev-ørkenen. Den har til oppgåve å oppdage iranske missil-oppskytingar og vidaresende mål-data til israelske Arrow og David’s Sling og USAs THAAD ABM-batteri som er utplasserte for å forsvare sensitive israelske plassar, som t.d. [atomkraftverket] Dimona og flybasane Nevatim og Ramon.

Iranske missil råka både Nevatim og Ramon. Den beste overvakingsradaren i verda, som opererer i samspel med det mest sofistikerte anti-missilforsvaret i verda, var makteslaus i møte med det iranske angrepet.

Til alle som prøver å spinne ein myte om at gårdagens hending var ein israelsk siger, tygg litt på den kjensgjerninga: Verdas beste missilforsvarssystem greidde ikkje forsvare dei plassane dei hadde i oppgåve å forsvare mot angrep frå iranske missil.

Kven er overlegne i avskrekking? Ikkje Israel.

Eg er einig med Scott. Sjølv om Israel og deira Vestlege allierte viste at dei greidde skyte ned sakteflygande dronar, så kom dei til kort når det galdt å nedkjempe ballistiske missil væpna med konvensjonelle eksplosive stridshovud.

Vi er no i vent-og-sjå-modus. Frå Israel kjem det motstridande signal. Nokre insisterer på at det svært snart kjem ein israelsk gjengjeldsaksjon. Andre meiner at det ikkje kjem nokon gjengjeldsaksjon. Sjølv trur eg Israel er under kontrollen til ein genuint galen gjeng og vil prøve å råke ein iransk oljefasilitet eller ein militærinstallasjon i Iran. Når dei gjer det, vil Iran halde løftet sitt og starte eit mykje større, meir øydeleggande angrep på israelske etterretnings- og militære mål. Dette er ein kamp Israel ikkje kan vinne. Om dei vel å følge denne kursen vil det føre til at den militære innsatsen deira for å slå Hamas og redde gislar går i oppløysing.

Eg diskuterte følgene av Israels angrep med Judge under vår faste måndags morgon-samtale: https://youtu.be/Oefp-RK5Dto

Fritt omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Sohail Kasaei

Larry er, som vanleg, best på engelsk: https://sonar21.com/despite-western-insistence-that-iran-failed-iran-did-what-it-planned-to-do-in-israel/

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar