Derimot: Vestens ledere.De har plassert seg i en politisk og militær hengemyr.

Derimot.no

derimot.no:

Dette innlegget er hentet fra den californiske bloggeren Andrei Martyanov som er ekspert på våpenutviklingen i verden. Han har skrevet flere bøker om temaet. Disse er ikke kjent blant mange i Norge, men for de som har leste dem (som jeg har gjort) fremgår det av hva han skriver, og det lenge før krigen brøt ut, at krigen i Ukraina i utgangspunktet var tapt for Ukraina og Nato. Og han får rett, slik det nå ser ut til.

Han leverer ofte meget skape kommenterer til det som skjer og her er en av dem. Naturligvis blir han ikke tatt på alvor av militæreksperter og politikere i vest som er høye på seg selv. Det ville de ha tjent på, men nå er det for seint.

Knut Lindtner
Redaktør

Spillet er snart over for vesten

Av Andrei Martyanov

Andrei Martyanov til høyre

Doktor Bhadrakumar legg ikkje fingrane imellom når han snakkar om Washingtons paranoia. Dette er faktisk eit av hans mest aggressive stykke på ei god stund. 

Arrest-ordren som Den internasjonale straffedomstolen (ICC) utstada mot Vladimir Putin kan ikkje sjåast som anna enn eit PR-stunt frå den angelsaksiske klikken si side, der USA sit i bakgrunnen med regien. Men ironisk nok agerte ICC på kvelden til 20-årsdagen for den angelsaksiske invasjonen av Irak i 2003, som førte til skrekkelege krigsbrotsverk medan «dommarane» i Haag sov seg igjennom det heile. Både Washington og London vedgår i dag at 2003-invasjonen var illegal — basert på oppdikta skuldingar mot Saddam Hussein. Sjansen for at arrestordren til ICC nokon gong skal takast alvorleg, er sjølvsagt lik null. ICC har ingen jurisdiksjon i Russland, som på same måte som USA ikkje har skrive under på Roma-statutten. Men intensjonen her er noko anna.

Skitkastinga mot Putin er eit anna uttrykk for president Bidens djuptfølte hat mot den russiske leiaren som stammar frå ein dyst i Moskva for godt over eit tiår sidan, då Putin bryskt sette han på plass, og timinga er vald for å trekke merksemda bort frå statsbesøket til Kinas president Xi Jinping til Moskva på måndag, ei hending som ikkje berre er spektakulær i framtoning, men som sikkert også vil styrke det «grenselause» partnarskapet mellom dei to supermaktene.. Den angelsaksiske klikken ser med skrekk på samtalane i Moskva i morgon. Utan tvil har Moskva og Beijing bestemt seg for å stå saman om å gravlegge det US-amerikanske overherredømmet.

Bhadrakumar finn ei superb skildring av den US-amerikanske – eller meir generelt den angelsaksiske klikkens – utanrikspolitikken, eller i alle fall det dei kallar utanrikspolitikk, i dei djupe gropene av angelsaksisk geopolitisk misære: skitkasting. Det er det det er, og som eg slo fast i eit tidlegare stykke om senator Kelly sine miserable løgner, så byrjar denne misæren å manifestere seg gjennom eit fullstendig tap av den profesjonalismen og menneskelege klassen dei alltid har hatt underskot på.

Dr. Bhadrakumar

 Men Bhadrakumar går vidare og konkluderer med, slik mange av oss óg gjorde, at spelet snart er slutt for Vesten. 

Biden trudde nok han sette Putin på plass med Reaper-stuntet og ICC-bedraget. Men Putin er nonchalant, han valde denne dagen til å gjere sitt  aller første besøk til Donbass. Putin turnerte Mariupol, hamnebyen som vart bitande utfordra av NATO-operatørane i forbund med den ukrainske nynazistiske brigaden, køyrde gatelangs og stoppa på ulike stadar og såg over gjenoppbyggingsarbeidet.  Det var eit trassig signal til Biden om at NATO har tapt krigen.

Desperasjonen er tydeleg, og føregripinga av morgondagens toppmøte i Moskva er fylt med frykt for ein gjeng grufulle amatørar som gjennom valfusk okkuperte maktstillingar i Washington og ikkje berre, med vondskap og dumskap, dreiv sitt eige land i grøfta, men sette heile verda på randa av ein global krig, utan å ein gong forstå at dei utset seg for ein brutal respons og at dei som overlever vil bli jakta på som krigsforbrytarar.

Som i dette nye russiske mimet:

«Om ikkje du sjølv forstår kva du gjer, så gjer heller ikkje fienden det.» (c) Joe Tzu. (Henspeiler på den kjente kinesiske strategen Sun Tsu klassiske verk «The art of war», Krigskunst, red)

Posta av smoothiex12

Fritt omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Hansjörg Keller

Les artikkelen direkte på derimot.no