Derimot.no

Derimot: Verden står overfor noe skremmende og nytt: Overdød og avfolkning. – Derimot

derimot.no:

Overdød og avfolking: Skal vi sitte ubekymra og berre la det skje?

av Dr. John CampbellDr. Paul Craig RobertsMakia FreemanPeter KoenigDr. Joseph MercolaJeremy KuzmarovStop World Control, og Prof Michel Chossudovsky

Global Research, 25. november, 2024

[Denne artikkelen er tidlegare publisert på GR, den 2. januar 2024.]

Intro

Overdød – korfor blir det ikkje diskutert i mainstream-media? Korfor er det ikkje øvst på agendaen i Kongressen eller parlamentet?

Samansettinga av relevante Global Research-artiklar som fokuserer på fleire underliggande årsaker til overdød vart først publisert av dr. Paul Craig Roberts

Korte utdrag frå desse artiklane vart deretter laga av Global Research, følgd av video-produksjonen til John Campbell. 

Takk til dr. Paul Craig Roberts og John Campbell.

Michel Chossudovsky. Global Research, 2. januar, 2024

***

1. 5G-faren: 13 grunnar til at 5G trådlaus teknologi vil bli ein katastrofe for menneskeslekta, sjå dette.

Faren ved 5G kan ikkje overdrivast.

5G (5. Generasjon) blir no aktivt utrulla i mange byar rundt om i verda. Samtidig,, etterkvart som vi blir medvitne om dei forferdelege verknadane på helsa vår og privatlivet, er det mange plassar som skriv ut moratorium eller forbyr det, til dømes heile nasjonen Belgia, kantonet Vaud (i Sveits) og San Francisco (USA). Radiofrekvent stråling (RF eller RFR) og elektromagnetiske felt (EMF) blir i aukande grad rekna som nye typar forureining – miljøforureining. Her er 13 grunnar til å eksponere 5G-faren, som kan bli til ein uformilda helse- og privatlivskatastrofe viss ikkje nok folk reiser seg og stoppar det.

Av Makia Freeman

2. Avfolking: Avisa New York Times spår massiv reduksjon i folkesetnaden, sjå dette.

«Færre spedbarns gråt.

Fleire forlatne heimar.

Fram imot midten av dette hundreåret, når dødstalet byrjar overgå fødselstalet, vil det kome endringar som er vanskelege å fatte.»

Skjermbilde av NYT-artikkelen

«Over heile verda møter land folketalsstagnasjon og fertilitetskrise, ei svimlande reversering utan sidestykke i menneskets oppteikna historie som vil gjere den første bursdagsfesten til eit sjeldnare syn enn gravferder, og tomme heimar til eit vanleg sårt syn.»

Og det held fram:

«Fødeavdelingar stenger allereie ned i Italia. Spøkelsesbyar dukkar opp i nordaustre Kina. Universitet i Sør-Korea finn ikkje nok studentar, og i Tyskland har hundretusentals eigedommar blitt jevna med jorda og marka omgjort til parkar.»

Er alt dette sant? Det gjenstår å verifisere. Utelating?

Artikkelen nemner ikkje på noko tidspunkt den eugenistiske naturen til villa populasjonsreduksjon, i samband med covid-plandemien, den påtvinga og i mange fall giftige vaksinasjonskampanjen med ein ikkje-vaksine, men i staden med ein ny type totalt utesta «gen-terapi» av mRNA-typen, som CDC i USA har gitt løyve til kan bli brukt som eit «krisetiltak» i desse dystre pandemi-omstenda, som faktisk manglar alle kjenneteikna på ein pandemi, men må pumpast opp til å få det til å sjå ut som ein pandemi – der praktisk talt alle dødsfall av kva grunn som helst – sjølv bilulykker – kan bli – og må bli – kategorisert som covid-dødsfall. 

Av Peter Koenig

 

3. Bill Gates planlegg ny katastrofal smittebølge, sjå dette.

«Den 23.oktober 2022 var Gates, Johns Hopkins og Verdshelseorganisasjonen (WHO) medarrangørar for «ei global kriseøving» kalla «Katastrofal smitte» (Catastrophic Contagion) 3,4 som involverte eit nytt (og på dette tidspunkt fiktivt) patogen kalla «alvorleg epidemisk enterovirus respiratorisk syndrom 2025» eller SEERS-25 i kortform.

Enterovirus D685 er typisk assosiert med forkjøling og influensaliknande sjukdom hos spedbarn, barn og tenåringar. I sjeldne tilfelle har det også forårsaka viral meningitt og AFM (ei form for akutt myelitt, ein nevrologisk tilstand som resulterer i muskelsvakheit og tap av refleksar i ein eller fleire ekstremitetar.

Enterovirusa A71 og A6 er kjende for å forårsake hand-, fot- og munnsjukdom,6 medan poliovirus, prototypen på enterovirus, forårsakar polio (poliomyelitt), ein potensielt livstruande type paralyse som primært påverkar barn under 5 år. Så viruset dei modellerte i denne simulasjonen ser ut til å vere noko som liknar på enteroviruset D68, men verre.

Opptrening av afrikanske leiarar til å gå med på narrativet

Øvinga «Katastrofal smitte» fokuserte talande på å få involvert leiarskikt i afrikanske land og trent dei opp i å følge manus. Deltakarane inkluderte 10 noverande og tidlegare helseministrar og høgare folkehelsetenestemenn frå Senegal, Rwanda, Nigeria, Angola, Liberia, Singapore, India og Tyskland, så vel som Gates sjølv.»

Av dr. Joseph Mercola

4. Israels ekspertise i å pasivisere palestinarar er høgt etterspurd av kapitalistiske elitar når verdas folk byrjar slå seg vrange, sjå dette.

«Medan verda ser med skrekk på Israels militære angrep på folket i Gaza, lurer folk på korfor verdsleiarane ikkje gjer meir for å fordømme Israel og tillet at Israel får sleppe unna med massedrap.

Jeff Halper, ein amerikansk-israelsk antropolog som har skrive fleire bøker om israelsk historie, har eit klart svar. Han seier at leiarar for land rundt om i verda kjenner seg meir utrygge når rikdommen blir konsentrert på hendene til ein ørliten kapitalist-elite, og folkeleg misnøye og trusselen om opprør veks.

Israel blir beundra, nettopp for si meistring av befolkningskontroll-teknikkar mot palestinarane, som mange leiarar gjerne vil etterlikne mot dissidentar eller minoritetsgrupper innanfor deira eigne grenser.

Ein del av Israels ess i ermet, ifølge Halper, er utviklinga deira av ein formidabel våpenindustri som let dei forsyne andre land med høgteknologiske våpen til å kontrollere befolkninga.

Israel er i frontlinja når det gjeld utvikling av overvakingssatellittar, våpenberande og overvakande droner., kunstig intelligens (KI), målidentifikasjonssystem, spionverkty og cyberkrigsteknologi for kontroll med store folkemengder, som dei sel rundt om i verda.

Av Jeremy Kuzmarov

5. WHO planlegg for 10 år med pandemi (2020-2030), sjå dette

«Filmen THE PLAN viser den offisielle agendaen til Verdshelseorganisasjonen om å ha ti år med pågåande pandemi, frå 2020 til 2030.

Det er blitt avslørt av ein WHO-virolog, Marion Koopmans. Du vil også få sjå sjokkerande bevis for at den første pandemien var planlagd og rikeleg annonsert rett før den skjedde.

Sørg for å sjå den, og del dette overalt.

Meir informasjon, og for å sjå alle dokumenta i THE PLAN, gå til: https://www.stopworldcontrol.com/proof

Video: The Plan 

«Ei gruppe på nesten tusen legar i Tyskland, kalla ‘Legar for informasjon’, som er støtta av meir enn 7000 fagfolk, inkludert advokatar, forskarar, lærarar osv., kom med ei sjokkerande melding på ein nasjonal pressekonferanse: (1)

‘Korona-panikken er eit skodespel. Den er eit bedrag. Ein svindel. Det er på høg tid vi forstår at vi står midt oppe i eit globalt brotsverk.’

Video: 23 Year-Old Killed by Pfizer COVID VaccineDenne svære gruppa av medisinske ekspertar publiserer ei avis med opplag på 500 000 eksemplar kvar veke for å gjer publikum merksame på feilinformasjonen i hovudstarumsmedia om koronaviruset.»

Av Stop World Control

 

6. Video: Overdød. Analyse av John Campbell 

Omsett av Monica Sortland

https://www.globalresearch.ca/rulers-determined-kill-happen/5844843

Forsidebilde: Lexica.art

Les artikkelen direkte på derimot.no

Legg igjen en kommentar