Derimot: Verden er i stor endring. Ukraina kollapser nå militært. Tyrkia invaderer Nord-Syria. – Derimot

derimot.no:

Den forvirrende situasjonen etter at den syriske regjeringen og staten brøt sammen er diskutert i to videoer nede i dette innlegget. Jeg har sett på begge to og vil anbefale dem. De oppklarer naturligvis ikke alle de uavklarte og forvirrende hendelsene i Syria den siste tiden, men de bidrar til å fjerne noe av propaganda-tåken som våre medier nå spyr ut for at folk ikke skal forstå hvilken katastrofe det syriske folket har vært utsatt for.

Knut Lindtner
Redaktør

Russland slår tilbake og Tyrkia invaderer Nord-Syria

Av Larry C. Johnson

X-CIA-analytiker

Russland kasta ikkje bort tida, men svarte raskt på Ukrainas mislykka angrep med seks ATACM-missil inne i sør-Russland denne veka. Eg hadde venta at Russland skulle bruke eit nytt hypersonisk Oreshnik-missil. Der tok eg feil. I staden starta Russland eit massivt missil- og droneangrep og råka sentrale energi- og transportknutepunkt over heile Ukraina. Men det er ikkje det som er den store nyheita – Russland har brote dei ukrainske forsvarslinjene rundt den viktige byen Pokrovsk, og ukrainske soldatar flyktar i panikk.

Telegram-kanalen Two Majors leverer ei fin oversikt over aksjonane langs kontaktlinja:

Over dei siste 24 timane har det halde fram med tunge kampar. RFAF [Luftvåpenet til Den russiske føderasjonen] har greidd å rykke fram i visse område:

I området #NikolayevoDaryino er det progresjon i skog-plantasjane. Dei rapporterte om intense kampar; AFU [Luftvåpenet tilUkraina] gjekk aktivt til motangrep, men mislykkast.

Aust for #Novoivanovka vart det og registrert ei betring av posisjonane til troppane våre. I området #Pogrebki gjer AFU også motangrep mot panservern. Frontlinja mellom #Pogrebki og #MalayaLoknya har skifta fram og tilbake fleire gongar allereie.

#CherkasskayaKonopelka er framleis under våre troppars kontroll, trass i at AFU regelmessig kjem med motangrep mot landsbyen. I området #Martynovka har russiske troppar konsolidert stillingane sine i skogar nord for byen. I området #Makhnovka har våre troppar også hatt nokre suksessar, og der er kampar i utkantane.

I området #Plekhovo starta AFU eit motangrep for å ta tilbake kontrollen over landsbyen, mista ein Bradley og trekte seg tilbake. Vest for #Plekhovo rykkar våre troppar fram og har allereie nådd #Kurilovka. Våre fronteiningar har kryssa elva Psyol sør for #Sudzha og rykkar fram i området med landsbyane #Guyevo og #Gornal. Våre troppar har enno ikkje gått inn i #Guyevo, massive artillerikampar føregår i nærleiken av landsbyen, langs elvebreidda.

Våre FPV droneoperatørar øydelegg med suksess #NATO-utstyr. Nær #Novoivanovka øydela dronane våre ein #US-amerikansk Abrams-tank, og spektakulære video-opptak av øydelegginga av ein britisk Challenger dukka opp ein stad i #Kursk-grenseområdet.

Forresten overvakar #USA utstyrstapet sitt nøye. Military Watch Magazine kunne såleis fortelle at AFU berre har 11 Abrams-stridsvogner att av alle varepartia som vart sende til #Ukraina.

Når det gjeld regionens sivil-liv, starta den nye fungerande guvernøren av ’#Kursk-regionen, Khinshtein, i går si «Direkte linje». Han mottok spørsmål frå innbyggarane i 2 timar. Trass i at mange ikkje kom igjennom på grunn av hacker-angrep mot call-senteret, viste dei hundretals spørsmåla kva som mest uroar folk no.

Først av alt er det problem med temporære immigrantar frå dei AFU-okkuperte territoria. Folk klagar på at når bustadssertifikat blir utstada, blir tomteareala deira i heimbyane konfiskerte. Og dei håpar på å returnere og bygge opp att. Alexander Khinshtein sa at også han syntest dette var urettvist, og at han vil hjelpe til med å endre denne ordninga.

Dei tok opp spørsmål om gjenoppbygging av øydelagde landsbyar og tradisjonelle problem med transport, bustadar og kommunale tenester, parkering, søppeltømming og tryggleik for barn. Om problemet med mangel på subsidierte medisinar, spesielt insulin, sa Alexander Khinshtein at han var klar over problemet og allereie hadde greidd å sikre allokering av 623 ekstra millionar rubel frå det føderale budsjettet, og det vil gjere at alle som treng det vil få hjelp fram til slutten av januar. Pengane har allereie blitt mottatt av regionen.

Her er ei kjekk video-oppsummering frå SouthFront:

https://www.bitchute.com/embed/g5hKOUBaCWa6

I mellomtida, tilbake i Syria, er det no snakk om at tyrkiske styrkar invaderer kurdisk territorium i nordaust-Syria. Tyrkias utanriksminister, Hakan Fidan, kom med følgande kunngjering:

Målet no er å eliminere organisasjonane PKK og YPG i Syria. Enten oppløyser dei seg sjølve, elles vil vi øydelegge dei.

Det gjenstår å sjå om USA, som har hovudbasen sin i Syria på kurdisk territorium, vil gi hjelp, inkludert militærstøtte, til kurdarane – eller om dei vil trekke seg unna og la tyrkarane gjere slutt på dei. Eg trur russarane i peisvarmen, knaskar på popcorn og iakttar kaoset som utspeler seg. Dei er ikkje ein part i denne kampen.

Eg diskuterte situasjonen i Syria i dag med Nima og, seinare på kvelden, med Ray og the Judge under vekas rundebordsamtale.

Omsett av Monica Sortland

https://sonar21.com/russia-strikes-back-and-turkey-invades-northern-syria

Forsidebilde: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...