Derimot: Våre medier forbigår det i all stillhet.Det skjedde nettopp en begivenhet i verdensklasse.

derimot.no:

DET VART I DAG (21.03) SKRIVE HISTORIE I MOSKVA, OG DET VIL FÅ KONSEKVENSAR

21. mars, 2023 av Larry Johnson 

Larry Johnsen er X-CIA-analytiker

Det finst augeblikk som endrar verda. Hitlers invasjon av Sovjetunionen den 22. juni 1941 var eit slikt eit. Det japanske angrepet på Pearl Harbor den 7. desember 1941 var eit anna, og det var og 9. november 1989, då muren i Berlin, som var reist av sovjetarane, vart riven ned. Og du har vore vitne til eit anna i dag, med Russland og Kina som har signert historiske avtalar verda aldri før har sett.

Før 1642, hadde Russland og Kina inga diplomatisk eller militær samhandling.

Frå 1652 til 1689 dreiv Kinas hærstyrkar ut dei russiske nybyggaranemen etter 1689 slutta Kina og Russland fred med kvarandre og etablerte handelsavtalar.

I dei 334 åra imellom har Kina og Russland aldri etablert ein de facto allianse. Dei gongane det var gode sjansar for det, og under dei siste 50 åra, har USA gjort det til politisk prioritet å halde på plass kilen mellom Moskva og Beijing. Det er no over. Kina og Russland er no allierte, med Kina som verdas største industrimakt og Russland som største leverandør av kritisk viktige varer. Den politiske unionen mellom dei, markerer slutten for Pax Americana og USA sin dominans over den internasjonale ordenen.

Merk deg felleserklæringa til Vladimir Putin og Xi Jinping:

Den russiske føderasjonen ser positivt på Kinas standpunkt på Ukraina, og Kina ser positivt på at Den russiske føderasjonen sin vilje til å starte forhandlingar;

Russland og Kina er uroa over risikoen som danninga av AUKUS medfører og deira planar om å bygge atomubåtar;

Russland og Kina ber AUKUS om å strengt følge pliktene sine med omsyn til ikkje-spreiing av masseøydeleggingsvåpen;

Russland og Kina planlegg å styrke eit omfattande partnarskap på energisektoren.

Den russiske føderasjonen og Kina meiner at om ein skal kunne løyse Ukraina-krisa, er det nødvendig å hindre konfrontasjon mellom blokkene og incitament for konflikt;

Den russiske føderasjonen og Kina ser med bekymring på USA sine militær-biologiske aktivitetar; dei krev at saka blir avklart;

Russland og Kina vil auke vitskapeleg utveksling for å sikre teknologisk leiarskap for dei to landa;

Den russiske føderasjonen og Kina rår innstendig til at ein unngår at krisa i Ukraina får utarte seg til å gå over i «ein ukontrollerbar fase»;

Russland og Kina opponerer mot all innføring av unilateralesanksjonar som omgår FNs Tryggingsråd;

Russland og Kina pressar på for at USA raskare skal eliminere lagra sine av kjemiske våpen;

Russland og Kina vil styrke samarbeidet innan jordbruk for å sikre mat-tryggleiken;

Den russiske føderasjonen og Kina planlegg å promotere gjensidig og global energitryggleik;

Russland og Kina insisterer på at NATO gir streng akt på den defensive naturen til organisasjonen sin og respekterer utlandsk suverenitet;

Russland og Kina opponerer mot danninga av «lukka, eksklusive blokk-strukturar, blokkpolitikk og motståande leirar» i den asiatiske Stillehavsregionen;

Den russiske føderasjonen og Kina vil auke mengda på og optimere strukturen til handelen, inkludert gjennom utvikling av elektronisk handel;

Russland og Kina kjem til å auke graden av finansielt samarbeid og styrke samarbeidet på finansmarknadane;

USA lyt ta på alvor Den demokratiske folkerepublikken Korea si legitime uro, og skape eit reelt grunnlag for dialog;

Den russiske føderasjonen og Kina uroar seg over intensiveringa av USAs aktivitetar på feltet missil-våpen og ber om at dei sluttar å undergrave den internasjonale tryggleiken;

Russland og Kina er imot forsøka på å bruke verdsrommet til væpna konfrontasjon, og dei kjem til å opponere mot slik aktivitet;

Russland og Kina vil utvide den gjensidige tilgangen til landbruksprodukt og styrke investeringssamarbeidet på dette området;

Den russiske føderasjonen og Folkerepublikken Kina har som mål å samarbeide om gjensidig gunstig forsyning av basisgoder og mineralressursar;

Den russiske føderasjonen og Kina er imot militariseringa av informasjonsteknologi; dei er for ei multilateral, jambyrdig og transparent global styring av Internet.

Dette endrar spelet. Den verda vi har kjent, vil ikkje lenger ha USA som nummer ein blant jambyrdige. På same vis som Andre verdskrig markerte slutten på det britiske imperiet, er dagens hendingar i Moskva dødsstøyten for USA si evne til å opptre som den globale politimannen som tvingar orden på uregjerlege land.

Kina og Russland knytter seg stadig sterkere til hverandre.

Den jammerlege tilstanden til USAs makt vart vist fram då landet prøvde, forgjeves, å sabotere Putin/Xi-møtet:

  1. Ein informasjonskampanje som påstod at Xi Jinping ikkje ville kome
  2. Truslar mot Kina viss Xi Jinping skulle kome
  3. Krav om at Kina skulle fordømme Russland
  4. Krav om at Kina ikkje skal forsyne Russland med våpen. Berre Vesten har rett til å forsyne Ukraina med våpen.
  5. Påstandar om at eventuelle avtalar mellom Russland og Kina ikkje vil ha noka betydning
  6. Hastig organisering av den japanske statsministerens besøk til Ukraina på same dag som Xi sitt besøk
  7. Kinesiske arbeidarar døyr i Den sentralafrikanske republikken
  8. Kunngjering om raske leveransar av nye våpen til Ukraina
  9. Offentleggjering av tidlegare hemmelegstempla etterretningsdokument som kastar skulda for opphavet til koronaviruset på Kina
  10. Vi byrja utruste ein ny militærbase på Filippinane

https://t.me/sonar_21/1347

Biden-administrasjonen sin respons på denne nye alliansen er ein fånyttes kamp. Tapet av US-amerikansk innverknad i verda vil ikkje skje over natta, men prosessen har starta. Hugs denne dagen. Den vil endre liva til barna og barnebarna dine. La oss be om at det blir til det betre.

Omsett av Monica Sortland

Forsidebilde: Nguyen

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...