Derimot: Våre hovudstraumsmedium: Ei einsretta, upåliteleg og djupast sett kriminell presse. – Derimot

derimot.no:

Av Lars Longva

Kva rolle skal pressa ha i samfunnet – i landet vårt? Det er eit av mange spørsmål det er gode grunnar til å stille, kanskje meir no enn nokon gong. Lat oss like godt sjå litt stort på det og starte i den store, litt vel nærgåande, vide verda. Fleire enn meg har lagt merkje til at ein stor del av Dagsrevyen på NRK ikkje er anna enn USA-nytt. Her står den eine USA-reportaren etter den andre – dei er mange, på gata – alltid på gata, for å fortelje det som står å lese i all MSM-presse der i landet.

I desse dagar er NRK og all norsk MSM-presse fulle av kommentarar omkring innsettinga av ny president Her handlar det som vanleg om kva kommentariatet i det demokratiske partiet, inklusive MSM-pressa, meiner. NRK & co står fram som om landet vårt skulle ha vore ein stat i USA, ein stat med 100% demokratisk fleirtal.

Norsk MSM-presse, ja – her kan det vere grunn til ei klargjering. Og eg konkluderer med det same: Det som blir kalla den redaktørstyrde hovudstraumspressa her i landet er i praksis det same som det ein kallar MSM (MainStream Media) i USA, altså den totalt dominerande pressa som berre framstiller verda på den måten og til ei kvar tid fortel den soga, som eigarane ønskjer å høyre og å sjå på trykk. Og eigarane er dei som har dei største musklane, dei som både har den økonomiske og politiske makta i landet. I USA er det Israel-lobbyen, Big Pharma og, ikkje minst, våpenindustrien.

All presse og alle plattformer som formidlar nytt i verda har ein redaktør som har ansvaret for det som kjem på trykk. Dermed seier ikkje omgrepet redaktørstyrd presse oss noko som helst, og ein må vite litt meir om denne greina av pressa: At ho har eigarar og interesser i maktapparatet og at ho får store overføringar gjennom pressestøtte, på visse vilkår. Dessutan har dei fleste redaktørar i større medieverksemder vore på NATO-kurs. Dermed veit dei også til ei kvar tid kva som bør kome på trykk. Alle som har prøvd å meine noko anna enn det denne eliten meiner, veit at det dei skriv ikkje kjem på trykk. På den måten er det også ein sterk og stigande sensur i landet vårt.

Leiaren i Norsk journalistlag, Dag Idar Tryggestad, åtvarer mot USA-ske tilstandar, der berre litt meir enn 10% har tiltru til pressa (i landet vårt er det same talet framleis på over 60%), og han rår folket til å vere «kritiske», halde seg berre til den redaktørstyrde pressa og la alt ordskifte gå gjennom denne. Det han ikkje forstår er at dette er oppskrifta på det motsette. Presse, politikarar og akademia har i lang tid vore overtydelege og beint fram ein stor geisp for mange. Fleire og fleire som eg kjenner seier at dei ikkje lengre slår på tv-en for å sjå Dagsrevyen, om han ikkje står der og «surrar» likevel.

No siv det også ut nye forteljingar i vestleg presse, med opplysingar som slett ikkje stemmer med det NRK & co hardnakka har halde på. Me får m. a. vite det aldri har vore eit mål at Ukraina skulle vinne krigen mot Russland. Målet har vore å svekke Russland og å drepe flest moglege russarar – med å bruke Ukraina og ukrainarar som middel/offer. Denne krigen er også for lengst tapt for Ukraina, med katastrofale kostnader for folk og land. No er USA ferdig med nok ein tapt krig. Me får også vite at dei som sit med roret i USA skjønar at det er over og ut med den unipolare verdsordenen, at USA/Vesten skal rule over heile verda.

Dette tyder for det første på at meir enn ein million menneske truleg har mista livet på slagmarka i Ukraina og meir enn 10 millionar innbyggjarar har vorte flyktningar, alt saman til inga nytte. Og bakgrunnen er som vanleg ei katastrofalt dårleg krigsplanlegging kombinert med ein vanleg urealistisk vestleg hybris. I tillegg til dette er Europa no på den same måten grunnleggjande svekka både militært, økonomisk og politisk, og vil truleg aldri kunne kome på høgde med si eiga nære fortid.

Dette har alle som har brydd seg om å følgje med visst for lengst. Alle som kallar seg journalistar eller statsvitarar på eit tilnærma internasjonalt nivå, visste kva slags krig dette var, at han slett ikkje var uprovosert, at NATO saboterte alle fredsforhandlingar og at dette var ein proxy-krig mellom USA/NATO og Russland frå dag ein.

For om lag eit og eit halvt år sidan sa den norske forsvarssjefen også at Ukraina ikkje ville kunne vinne krigen. Då tok forsvarsministeren, som i våre dagar like gjerne kunne ha vore industri-, helse- eller kulturminister, forsvarssjefen med på ei danningsreise til Ukraina. Her var sjølvsagt NRK med då forsvarssjefen skifta meining i beste sendetid. For å få fram eit slikt resultat finst det fleire utvegar. Regimet i Ukraina har t. d. ei dødsliste (inspirert av CIA) med namn på fleire personar som ikkje har grunn til å kjenne seg trygge.

At Glenn Diesen, ein norsk professor med ei høg internasjonal stjerne, for lenge sidan både har forklart og skrive bøker om ein ny verdsorden, utan ein – og berre ein einaste hegemon, veit ingen som berre blar i dei redaktørstyrde avisene. Dette er elles noko resten av verda har visst for lenge sidan. Diesen er mellom dei som er boikotta og sensurert bort frå alle redaktørstyrde kanalar.

Diesen har også skrive bøker om sokalla tenketankar, som også er ein del av maktapparatet. Dei mektigaste av desse er finansierte av sterke økonomiske og militære krefter, først og fremst i USA. Fleire av våre tidlegare statsministerar har ytt store summar frå felleskassa til slike organisajonar, som i mange tilfelle fremjar krig og USA-ske interesser framfor det som er klare norske interesser. For pressa er det berre trist at ein i regelen ikkje øver den minste kjeldekritikk når ein brukar tenketankane som kjelder. Ein gidd ikkje ein gong å gå til wikipedia for å undersøkje opplagde samanhengar. – Eller ein veit vel så altfor godt kva ein skal skrive/meine. Det dobbelt triste er at dette då heller ikkje kan kallast seriøs journalistikk. I det heile er det svært mykje som både kunne og burde ha vore problematisert gjennom ei seriøs presse, både i dette og i det følgjande.

Parallelt med tenketankane har me NGO-ane som ein sterk påverknadsfaktor. Dette er ogå eit internasjonalt fenomen med eit misvisande namn. Ein Non-Governmental Organisation er tungt finansiert av styresmaktene for at han skal tene dei same. På denne måten kan t. d. Leger Uten Grenser og Redd Barna vere med og støtte terroristorganisasjonar i Syria, og fleire slike NGO-ar vere med på regimeskifte-aksjonar i det eine landet etter det andre.

Når ein ønskjer å dekkje til noko ein ikkje ønskjer skal kome klart fram, brukar ein knep som ovanfor, med misvisande og/eller uklare namn, nemningar og oppgåver for dei involverte organisasjonane. På denne måten er også Den Regelbaserte Internasjonale Orden ikkje anna enn det USA og Vesten til ei kvar tid vil at denne skal vere. Det ser me klarast i folkemordet i Gaza. Det same gjeld omgrepet demokrati og demokratiske val. Globalisme er i praksis kolonialisme eller imperialisme, alt etter som. Og slik kunne me halde fram.

Ei eiga grein innanfor denne sjangeren er nyord og nytale. Her har me uttrykk som konspirasjonsteori, whataboutisme og fake news, alt saman tollfri USA-import og nyttige reiskapar når ein ikkje ønskjer å argumentere, berre karakterisere. Putinisme og Putin-apologet fell klart inn under den same kategorien. I nytale får ord og uttrykk nytt innhald gjennom eit propagandasystem som gjer løgn til sanning og omvendt. George Orwell brukar for første gong omgrepet nytale i den dystopiske romanen 1984 frå 1949. I tre postulat i boka til Orwell heiter det at krig er fred, at fridom er slaveri og at vankunne er styrke. Det første er framførd av NATO-sekretær Stoltenberg og grundig sanksjonert av USA/NATO/Vesten/Noreg.

Det siste postulatet står mellom andre pressa for i dag. Me skal ikkje vite det som heile verda veit, t. d. den falske bakgrunnen for og dei katastrofale følgjene av dei tallause USA-ske regimeskiftekrigane. Ukraina-krigen høyrer inn under desse. Det soleklare folkemordet i Gaza, der USA/NATO deltek aktivt saman med Israel, skal balanserast opp med og mot forteljingar frå Israel, slik at det heile blir om lag fifty-fifty. Og «revolusjonen» i Syria, der dei same har brukt det dei sjølve har definert som terroristar for å fremje eigne maktinteresser. Resultatet er som vanleg, etter ein omfattande og langvarig regimeskifte-krig, eit øydelagt land i kaos. Dei som har lidd i meir enn eit tiår, og framleis får lide under sanksjonar, krig og kaos, er syrarane. Her gjer presse og politikarar alt for å dekkje over fakta, og plutseleg omdefinere ikkje-syriske terroristar til «våre beste menn» – på same tid som norske kvinner, som først og fremst har vore hushjelper for dei internasjonale terroristane, får lange fengselsstraffer.

Folkemordet i Gaza er elles ikkje det einaste folkemordet dei same har stått for. I år er det t. d. 60 år sidan folkemordet i Indonesia, der mellom 2 og 3 millionar menneske måtte late livet. Ikkje denne gongen heller ville den «siviliserte verda» gripe inn. Naturleg nok, sidan det også då var dei som stod bak folkemordet.

Skjer det så noko med dei skuldige? Må dei nokon gong stå til ansvar for drap på millionar menneske? Då Biden-regimet sette ein offisiell sluttstrek for si regjeringstid, tok mellom andre den uavhengige journalisten Max Blumenthal eit personleg oppgjer for opa scene, der han skulda Biden & co for folkemordet i Gaza. Han sa etterpå at desse kjeltringane elles aldri på nokon annan måte får stå til rette for ugjerningane sine.

Kva så med norske kjeltringar, av desse også kjeltringar av eit litt anna kaliber? Kva med dei som er med på å halde liv i eit folkemord, dei som held løgner om NATO-krigar levande, dei som hindrar at krigar som tek tusenvis av liv kvar dag, og til inga nytte, held fram?

Den verdskjende australske journalisten John Pilger spurde ein gong, i enden av ein av Irak-krigane, ein journalist-kollega om han trudde det hadde vorte noko av denne (totalt øydeleggjande) krigen, om ikkje den vestlege pressa også denne gongen hadde køyrd på med massiv krigspropaganda. Svaret han fekk var eit klart nei.

Forsidefoto: Lexica.art

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar