Krigsindustrien – ikkje Putin – er vår farlegaste fiende.
av Chris Hedges
publisert av Jonas E. Alexis, seniorredaktør på Veterans Today, 8. juli, 2023
Dreieboka til krigshallikane som lokkar oss inn i den eine militære fiaskoen etter den andre, inkludert Vietnam, Afghanistan, Irak, Libya, Syria og no Ukraina, endrar seg ikkje. Fridom og demokrati er trua. Vondskap må gjendrivast. Menneskerettar må forsvarast. Lagnaden til Europa og NATO, saman med den «regelbaserte internasjonale ordenen» står på spel. Sigeren er garantert.
Resultata er også dei same. Rettferdiggjeringane og narrativa er eksponerte som løgner. Dei optimistiske prognosane er falske. Dei vi liksom kjempar for er like korrupte som dei vi kjempar imot.
Den mest kjente løgnen. Colin Powell (USAs utenriksminister) lyger i FNs sikkerhetsråd for å gi USA påskudd til å invadere Irak.
Den russiske invasjonen av Ukraina var eit krigsbrotsverk [sic], sjølv om den var framprovosert av NATO-ekspansjon og av USA si støtte til «Maidan»- kuppet i 2014 som styrta den demokratisk valde ukrainske presidenten, Viktor Janukovitsj. Janukovitsj ønska økonomisk integrasjon med Den europeiske unionen, men ikkje på bekostning av økonomiske og politiske band til Russland.
Krigen vil berre kunne løysast gjennom forhandlingar som lar etniske russarar i Ukraina få ha autonomi og Moskvas forsvar, så vel som ukrainsk nøytralitet, altså at landet ikkje kan bli medlem av NATO. Di lenger ein halar ut desse forhandlingane, desto fleire ukrainarar vil lide og døy. Byane og infrastrukturen deira vil halde fram med å få skambank.
Men denne proksykrigen i Ukraina er utforma til å tene USA sine interesser. Den gjer våpenprodusentane rikare, svekkar det russiske militæret og isolerer Russland frå Europa. Kva som skjer med Ukraina, er irrelevant.
«For det første, å utstyre vennene våre på frontlinjene til å forsvare seg, er ein mykje billigare måte – både i dollar og amerikanske liv – å degradere Russlands evne til å true USA på,» innrømde leiaren for det Republikanske Senatet, Mitch McConnell.
«For det andre, Ukrainas effektive forsvar av territoriet sitt lærer oss lekser om korleis vi skal betre forsvaret til partnarane våre som er trua av Kina. Det overraskar ikkje at senior-tenestemenn frå Taiwan er så støttande til innsatsen for å hjelpe Ukraina med å slå Russland.
For det tredje, det meste av pengane som har blitt overdratt til sikkerheitsassistanse til Ukraina, går ikkje eigentleg til Ukraina. Dei blir investerte i amerikansk forsvarsindustri. Dei finansierer nye våpen og ammunisjon til USAs væpna styrkar til erstatning for det eldre materiellet vi har forsynt Ukraina med. La meg seie det tydeleg: denne assistansen betyr fleire jobbar for amerikanske arbeidarar og nyare våpen for amerikanske soldatar.»
Krigen betyr kjempeprofitt og flere jobber i våpenindustrien i USA.
Med det same sanninga om desse endelause krigane siv inn i medvitet til folk, reduserermedia – som slavisk promoterer desse konfliktane – dekninga dramatisk. Dei militære nederlaga, som i Irak og Afghanistan, held fram, stort sett ute av syne. Når USA endeleg vedgår tap, vil dei fleste knapt hugse at desse krigane blir kjempa.
Krigshallikane som orkestrerer desse militære fiaskoane flyttar frå administrasjon til administrasjon. Mellom postane er dei trygt forskansa i tankesmier – Project for the New American Century, American Enterprise Institute, Foreign Policy Initiative, Institute for the Study of War, The Atlantic Council og The Brookings Institution – finansierte av storselskap og krigsindustrien. Når den ukrainske krigen ein gong kjem til sin uunngåelege ende, vil desse Dr. Strangelove’ane prøve å sette igang ein krig med Kina. USAs marine og militær driv allereie med truing og innsirkling av Kina. Gud hjelpe oss om vi ikkje stoppar dei.
Desse krigshallikane narrar oss inn i den eine konflikten etter den andre, med flatterande narrativ som målar bildet av oss som verdsfrelsarane. Dei treng ikkje ein gong vere oppfinnsame. Retorikken er tatt frå den gamle dreieboka. Vi svelger naivt åtet og trykker flagget til vårt bryst – denne gongen blått og gult – og blir uvitande agentar for vårt eige blodsoffer.
Sidan slutten av Andre verdskrig har styresmaktene brukt mellom 45 og 90 prosent av det føderale budsjettet på forgangne, aktive og framtidige militæroperasjonar. Det er den største vedvarande aktiviteten til U.S. government.
Kriger har vært USAs viktigste varemerke siden 1945.
Det har slutta å bety noko – i det minste for desse krigshallikane – om desse krigane er rasjonelle eller moralske eller ikkje. Krigsindustrien metastaserer inne i tarmane på det amerikanske imperiet, og holar det ut frå innsida. USA blir spotta i utlandet, druknar i gjeld, har ein arbeidarklasse som er blitt fattige, og plagast av ein forfallen infrastruktur så vel som dårlege sosialtenester.
Skulle ikkje det russiske militæret – på grunn av låg moral, dårlege generalar, utdaterte våpen, desertering, ein mangel på ammunisjon som liksom tvinga soldatane til å kjempe med spadar, og ein alvorleg mangel på forsyningar — liksom ha kollapsa for fleire månadar sidan? Skulle ikkje Putin ha blitt driven frå makta no? Skulle ikkje sanksjonane ha slynga rubelen inn i ein dødsspiral? Skulle ikkje det at dei kutta det russiske banksystemet sitt samband med SWIFT, det internasjonale pengetransaksjonssystemet, liksom ha forkrøpla den russiske økonomien? Korleis kan det ha seg at inflasjonsratane i Europa og USA er høgare enn i Russland trass i desse angrepa på den russiske økonomien?
Skulle ikkje dei nesten 150 milliardane dollar i sofistikert militær hardware, finansiell oghumanitær assistanse lova av USA, EU og 11 andre land liksom ha snudd krigen? Korleis kan det ha seg at kanskje så mange som ein tredjedel av stridsvognene som Tyskland og USA leverte, raskt vart gjort om til forkola metallhaugar av russiske miner, artilleri, anti-tank-våpen, luftangrep og missil, heilt i starten av den oppskrytte motoffensiven? Skulle ikkje denne siste ukrainske motoffensiven, som opprinneleg var kjend som «vår-offensiven», slå seg igjennom Russland sine tungt forsterka frontlinjer og vinne tilbake svære territorium? Korleis kan vi forklare dei titusentals døde ukrainske soldatane og tvangsinnskrivinga av soldatar som Ukrainas militær driv med? Til og med våre pensjonerte generalar og tidlegare tenestemenn i CIA, FBI, NSA og Homeland Security, som tener som analytikarar på kanalar som CNN og MSNBC, kan ikkje seie at offensivenhar vore vellykka.
Ødelagte vestlige tanks.
Og kva med det ukrainske demokratiet vi kjempar for å forsvare? Korfor avskaffa det ukrainske parlamentet den offisielle bruken av minoritetsspråk, inkludert russisk, tre dagar etter 2014-kuppet? Korleis skal vi rasjonalisere dei åtte åra med krigføring mot etniske russarar i Donbass-regionen før den russiske invasjonen i februar 2022? Korleis forklarer vi drapet på over 14 200 menneske og dei 1,5 millionane som flykta, før Russlands invasjon fann stad i fjor?
Korleis forsvarer vi avgjerda til president Volodymyr Zelensky om å forby elleve opposisjonsparti, inkludert Opposisjonsplattform for Livet, som hadde 10 prosent av seta i Det øvste rådet, Ukrainas éin-kamra parlament, samt Shariy-Partiet, Nashi, Opposisjonsblokk, Venstreopposisjon, Unionen av Venstrekrefter, Stat, Ukrainas Progressive Sosialistparti, Ukrainas Sosialistparti, Partiet Sosialistar and Volodymyr Saldo-blokka? Korleis kan vi akseptere at desse opposisjonspartia – mange av dei på venstresida – vart forbodne, medan Zelenskyy lar fascistar frå partia Svoboda og Høgresektor , så vel som den BanderistiskeAzov-bataljonen og andre ekstremistiske milits-grupper, florere?
Folk fra Azov-brigaden.
Korleis skal vi takle dei anti-russiske utreinskingane og arrestasjonane av såkalla «femtekolonistar», som sveipar gjennom Ukraina sidan 30 prosent av Ukrainas innbyggarar er russisk-talande? Korleis reagerer vi på dei nynazistiske gruppene, støtta av Zelenskys regjering, som plagar og angrip LGBT-samfunnet, Roma-folket, anti-fascistiskeprotestar, og truar byrådsmedlemmar, mediekanalar, artistar og utlandske studentar? Korleis kan vi akseptere avgjerda til USA og deira Vestlege allierte om å blokkere forhandlingar med Russland om å ende krigen, trass i at Kyiv (Kiev) ogMoskva openbert var på grensa til å forhandle fram ein fredsavtale?
Eg rapporterte frå aust- og sentral-Europa i 1989, under oppbrotet til Sovjetunionen. NATO hadde blitt overflødige, trudde vi. President Mikhail Gorbatsjov føreslo avtalar medWashington og Europa om sikkerheit og økonomi. Utanriksminister James Baker i Ronald Reagans administrasjon, saman med den vest-tyske utanriksministeren, Hans-Dietrich Genscher, forsikra Gorbatsjov om at NATO ikkje ville utvidast utover grensene til det foreinte Tyskland. Vi trudde naivt at slutten på Den kalde krigen betydde at Russland, Europa og USA ikkje lenger ville måtte bruke massive ressursar på militæret.
Men den såkalla «fredsdividenden» var ein kimære.
Enten Russland ville eller ei, så vart dei tvinga til å bli fienden. Krigshallikane rekrutterte tidlegare Sovjet-republikkar inn i NATO ved å måle bildet av Russland som ein trussel. Land som slutta seg til NATO, som no inkluderer Polen, Ungarn, Den tsjekkiske republikken, Bulgaria, Estland, Latvia, Litauen, Romania, Slovakia, Slovenia, Albania, Kroatia, Montenegro og Nord-Makedonia, omstrukturerte militæra sine, ofte med hjelp av millionar i lån frå Vesten, for å bli kompatible med militærutstyret til NATO. Dette gav våpenprodusentane milliardar i profitt.
Krig er penger – for noen.
Alle i aust- og sentral-Europa forstod at NATO-ekspansjon var unødvendig etter kollapsen til Sovjetunionen, og ein farleg provokasjon. Det var geopolitisk meiningslaust. Men det gav kommersiell meining. Krig er god forretning.
I ei hemmelegstempla diplomatisk (elektronisk sendt) melding – skaffa til vege, og publisert, av WikiLeaks – datert 1. februar, 2008, skriven frå Moskva og addressert til Joint Chiefs of Staff, NATO-European Union Cooperative, National Security Council, Russia Moscow Political Collective, Secretary of Defense og Secretary of State, var det ei utvetydig oppfatning av at om ein ekspanderte NATO, så risikerte ein konflikt med Russland, særleg om Ukraina.
«Ikkje berre oppfattar Russland ei omringing [av NATO], og forsøk på å underminere Russlands påverknad i regionen, men dei fryktar også uføreseibare og ukontrollerte konsekvensar som alvorleg kan påverke russiske sikkerheitsinteresser,» stod det imeldinga. «Ekspertar fortel oss at Russland er spesielt uroa over at den sterke splittinga i Ukraina om NATO-medlemskap, der store delar av det etnisk-russiske samfunnet er imot medlemskap, kan føre til ei verkeleg stor splitting som involverer vald eller, i verste fall, borgarkrig. I så fall vil Russland måtte avgjere om dei eventuelt skal intervenere; ei avgjerd Russland helst vil unngå. …»
«Dmitri Trenin, visedirektør for Carnegie Moscow Center, uttrykte uro over at Ukraina var, på lang sikt, den største potensielt destabiliserande faktoren i relasjonane mellom USA og Russland, på grunn av alle emosjonane og nervesmertene utløyst av jakta deira på NATO-medlemskap…» stod det i meldinga. «Fordi medlemskap framleis var splittande i ukrainsk innanrikspolitikk, skapte det ei opning for russisk intervensjon. Trenin uttrykte uro over at element innan det russiske etablissementet ville bli oppmuntra til å blande seg inn, stimulere ei US-amerikansk openlys oppmuntring av opposisjonelle politiske krefter, og føre til at USA og Russland hamna i ei klassisk konfrontasjonell stilling.»
Den russiske invasjonen av Ukraina ville ikkje ha skjedd dersom den Vestlege alliansen hadde halde løfta sine om å ikkje ekspandere NATO utover Tysklands grenser og Ukraina hadde halde seg nøytralt. Krigshallikane visste om dei potensielle konsekvensane av ein NATO-ekspansjon. Men krig er det einspora kallet deira, sjølv om det skulle føre til eit kjernefysisk holocaust med Russland eller Kina.
Krigsindustrien, ikkje Putin, er vår farlegaste fiende.
Chris Hedgeshar, som journalist, vunne Pulitzer-prisen. Han var i femten år utanrikskorrespondent for The New York Times, der han tente som sjef for Midtaustenkontoret og for Balkan-kontoret. Han jobba tidlegare for The Dallas Morning News, The Christian Science Monito og NPR. Han er også vert for showet The Chris Hedges Report.