Derimot: Var det korrekt det storaviser i USA fortalte om seksualisert vold etter 7. oktober? Journalist-professorer ber om uavhengig gransking av New York Times. – Derimot
derimot.no:
Journalistikk-professorar ber New York Times sette i verk ei «uavhengig vurdering» av avisas reportasje om seksualisert vald den 7. oktober
Brevet føyer seg til tidlegare kritikk mot ein artikkel som vart breitt sitert og delt av pro-israelske røyster som brukar den til å rettferdiggjere Israels militære stormløp i Gaza.
av Middle East Eye, 30. april, 2024
Over 50 professorar frå topp-universitet i USA signerte måndag eit brev der dei ber avisa New York Times gi fullmakt til ei uavhengig vurdering av avisas reportasje som skildra eit «mønster av kjønsbasert vald» under det Hamas-leidde 7. oktober-angrepet på sør-Israel.
Professorane sa dei kjende eit behov for å ta opp saka etter å ha sett «presserande rapportar» som stiller spørsmål ved journalistanes integritet i denne artikkelen.
Professorane, som kjem frå universitet som mellom andre New York University, University of Pennsylvania, Emory og University of Texas, rekommanderer at ei uavhengig gruppe av journalistikk-ekspertar «utfører ei grundig og totalt uavhengig vurdering av historias skrive-, redigerings- og publiseringsprosessar og gi ut ein rapport om funna.»
Brevet deira er sist i rekka av kritikk mot ein desember-artikkel som vart breitt sitert og delt av pro-israelske røyster som brukar den til å rettferdiggjere Israels militære stormløp på den kringsette Gaza-stripa.
Brukarar av sosiale medium avslørte i februar at medforfattaren av reportasjen hadde likt ein post på eit sosialt medium som kravde at Gaza skulle gjerast til eit «slaktehus» og gjentok motbeviste påstandar om at Hamas hadde kappa hovuda av på 40 babyar.
Familiemedlemmar av eitt av dei påståtte offera gjekk ut imot reportasjens påstandar og sa at ein enno ikkje visste om familiemedlemmen deira hadde blitt valdtatt, medan andre har nekta heilt for det.
Éin professor meinte at New York Times-artikkelen vart publisert før det var gjort grundige undersøkingar for å påverke USAs folkeopinion til å støtte Israel.
«Medan dødstala hopa seg opp i Gaza, og kritikken byrja fokusere meir på Israel, publiserte New York Times historia si – prematurt, verkar det som,» sa Sandy Tolan, University of Southern California.
Eit anna slag mot artikkelens kredibilitet, var ein New York Times-reportasje i mars som omtalte nye video-bevis som «underminerte» visse av detaljane i historia deira.
Journalisme-professorane sa avisas avgjerd om å ikkje publisere nokon korreksjon eller dementi av den opprinnelege artikkelen, var ei «uvanleg avgjerd».
New York Times har også møtt intern kritikk av artikkelen. Etter at nokre i reportasjeavdelingsstaben uttrykte bekymringar om artikkelen, kansellerte avisa ein planlagd podcast om den, ifølge The Intercept.
Middle East Eye, 30. april, 2024
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Lexica