Derimot: Var det et kuppforsøk? Eller var det noe helt annet?
derimot.no:
Det er mange tolkninger av det angivelige «kuppforsøket» nylig i Russland. Fordi mye informasjon fortsatt ligget bak hemmligholdets slør, er vi overlatt til tolkninger av begivenheter vi bare kjenne deler av. Artikkelen under viser til mange tolkninger i etterkant av «kuppforsøket». Også Larry Johnson (tidligere CIA) har en egen tolkning som vi også publiserer.
Poenget er at det er umulig å vite på dette tidspunktet nøyaktig om motiver, mål og deltagelse, men det kan være greit å vite om noen måter ulike folk oppfatter dette på.
Knut Lindtner
Redaktør
«Kuppet» som ikkje var eit kupp: Har Putin og Prigozhin narra CIA for $6 milliardar?
Godt gjort, Jevgeny…. godt gjort. Nyt pensjonisttilværet. Mange blodtørstige, krigshissande, men djupt umedvitne-om-kva-som-skjer offisielle djupstatstenestemenn, som i 24 timar ekstatisk har støtta dei som dei fram til i går stempla som terroristar, driv i dag og slettar Twitter-meldingane sine og opplever ei brutal dagen-derpå- og post-masturbasjonsskuld. Wagner er no stasjonert mindre enn 100 km unna Kiev. Putin visste at Prigozhin planla noko minst 48 timar før, men stoppa han ikkje. Putin luka ut illojale figurar. «Forhandlingane» vart annonserte 1 time etter at Ukraina gjenopptok motoffensiven. Trur du framleis at det var eit kupp?
Her har vi ei historie om ein leigesoldatleiar. Han mønstrar ein svær milits over fleire år og hjelper sponsor-landet sitt i fleire konfliktar rundt om i verda. Han hjelper sponsor-landet sitt å invadere eit anna land, og troppane hans er ofte den mest effektive parten i krigsinnsatsen. Med tida veks spenningane mellom han og sponsor-landets militære leiarskap, og han anklagar dei for dårleg krigføring og at dei lar troppane hans rydde opp etter rotet deira. Til sist gjer han ein avtale med eit fiendeland for … la oss seie $6,2 milliardar for å rette våpena mot sponsoren sin i staden. Han anklagar sponsoren sin for å ha narra han og tatt livet av mange av soldatane hans, startar eit mytteri og tar over kontrollsenteret for krigsinnsatsen. Han gjer ein avtale med fienden og mottar pengar straks troppane hans nærmar seg sponsorens hovudstad. Så – som lyn frå klar himmel – avbryt han heile greia når han har pengane i handa, og kommanderer troppane sine tilbake til frontlinja. Og i ei sjokkerande vending, som ingen såg kome, viser det seg at leiarskapet i sponsor-landet var med på det heile tida. No har dei fleire milliardar til til krigsinnsatsen, fienden er tatt på senga, og han får behalde ein raus del av pengane til eige bruk.
Kim Dotcom: Har Putin og Prigozhin narra CIA for $6 milliardar? – Richard Abelson
Hackeren Kim Dotcom har har tilbydd sin versjon av «Wagner-kuppet» i Russland, der han antyder at Wagner-sjefen Jevgeny Prigozhin kan ha innkassert milliardar frå CIA for å iscenesette eit kupp, og deretter avbraut kuppet.
Fleire observatørar, som t.d. Rep. Majorie Taylor Greene har spekulert på om Wagner-Kuppet kan ha hatt støtte frå USA.
På laurdag tilbaud Kim “Dotcom” Schmitz si forklaring på bakgrunnen for den interne russiske striden:
«Dette starta som ein maktkamp mellom Prigozhin og (Russlands forsvarsminister Sergei) Shoigu. I starten av den spesielle militæroperasjonen gjorde Shoigu og teamet hans feil, og Prigozhin vart ein kraftig kritikar av Shoigu. Prigozhin hadde deretter suksess i Bakhmut med Wagner-gruppa, og presenterte seg sjølv som ein betre militær leiar enn Shoigu.
Slik eg ser det, har Shoigu deretter provosert Prigozhin ved å avgrense forsyningane av ammunisjon til Bakhmut, noko som resulterte i fleire tap for Wagner-gruppa og ein kraftig reaksjon frå Prigozhin. Mange av dykk har sett videoen av Prigozhin som angrip Shoigu og det russiske militære leiarskapet.
Ammunisjonsleveransane vart gjenoppretta og sigeren vunnen i Bakhmut, men video-utbrotet til Prigozhin verka truleg mot sin hensikt, for Kreml og politiske senior-leiarar i Moskva såg han som ein uføreseibar og ukontrollert person ein ikkje kan stole på. Prigozhin trappa opp og føresåg eit massivt tap for det russiske militæret, og påstod at dei ikkje var klare for den ukrainske motoffensiven. Han hevda at dei russiske troppane var dårleg utstyrte og dårleg styrte av Shoigu
Då det russiske militæret med suksess dreiv tilbake den ukrainske motoffensiven, hadde Prigozhin måla seg inn i eit hjørne, og tida hans var i ferd med å renne ut fordi Shoigu og generalane hans leverte ein svær siger for Kreml. Etter mitt syn var det ei desperat handling Prigozhin gjorde fordi han har tapt maktkampen mot Shoigu og truleg vil måtte betale for det.
Vestlege medium hevdar det er eit forsøk på kupp mot Putin. Det er nonsens. Populariteten til Putin i Russland og i den ikkje-Vestlege verda har aldri vore høgare. Men denne krigen mellom Prigozhinog Shoigu er ein uvelkomen distraksjon for Kreml, og det mest sannsynlege utkomet blir at Prigozhin blir enten arrestert eller terminert.»
Kim Schmitz gjekk så inn i ein diskusjon på Twitter Spaces med verten Mario Nawfal og argumenterte for at Vladimir Putin og Jevgeny Prigozhin ville forhandle seg fram til eit forlik, sjølv medan ei kolonne av Wagner-køyretøy nærma seg Moskva og mange ukrainske haukar andeslaust venta på kupp og anarki i verdas største atommakt.
Kim Dotcom posta deretter dette mimet som ymtar om at dei $6,2 milliardane til Ukraina som revisorar for Pentagon «oppdaga» i juni, eigentleg hadde hamna i lomma på Prigozhin som løn for hans avbrotne kupp-forsøk.
Serbias president Aleksandar Vucic hevda «utlandske tenester» var involverte i laurdagens kupp-forsøk: «Eg vil ikkje seie kven som var involverte frå utsida, med de treng ikkje tvile på det.» Read More
*
Artikkelen held fram med artiklar som andre har skrive om hendinga, mellom anna desse (på engelsk):
– Ulike scenario – analyse av Tom Luongo
– Trump åtvarar mot å håpe på regimeskifte i Russland — «Den neste kan bli verre!»
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: iStock