Derimot: Våpenhvilen viser at Hamas er vinnerenHamas lokket Israel inn i fella.
derimot.no:
Hamas vinn kampen om Gaza – Scott Ritter
Posta på kolozeg.org den 24/11/2023
Den nyleg annonserte våpenkvilen (eller «humanitære pausen») er kjærkomen både for palestinarar og israelarar – ein sjanse til å utveksle fangar, distribuere naudhjelp til dei som treng det, og til å kjøle ned kjenslene på begge sider av konflikten.
Sjølv om våpenkvila, framforhandla mellom Israel og Hamas med Qatar som meklar, var godkjend av begge partar, må vi ikkje bli narra til å tru at det var noko mindre enn ein siger for Hamas. Israel haddetatt eit svært aggressivt standpunkt at dei, etter å ha erklært at målet deira var å øydelegge Hamas som organisasjon, ikkje under noko omstende ville gå med på våpenkvile.
Hamas hadde derimot som ei av sine primære målsettingar å få sleppt fri palestinske fangar i israelsk fangenskap, spesielt kvinner og barn. Sett i dette lyset representerer våpenkvila ein viktig siger for Hamas, og eit audmjukande nederlag for Israel.
Ein av grunnane til at Israel avviste ei våpenkvile, var at dei var visse på at offensiven dei hadde starta i nord-Gaza kom til å nøytralisere Hamas som ein militær trussel, og at ei våpenkvile – uavhengig av humanitær rettferdiggjering – berre ville gi den overvunne fienden Hamas tid til å kvile, omgruppere og førebu seg på nytt. At Israel signerte på våpenkvila er det sikraste teiknet så langt på at den israelske offensiven mot Hamas ikkje går berre bra.
Dette resultatet bør ikkje ha kome som ei overrasking på nokon. Då Hamas starta angrepet sitt på Israel den 7. oktober, sette dei i verk ein plan dei hadde brukt år på å utarbeide. Operasjonen viste at dei har planlagt i detalj, at dei har studert israelsk etterretning og militære styrkar, og avdekka svake punkt som så vart utnytta. Hamas-aksjonen representerte meir enn berre god taktisk og operasjonell planlegging og utføring – den var også eit meisterverk i strategisk konseptualisering.
Ei av hovudårsakene til Israels nederlag den 7. oktober, var det faktum at den israelske regjeringa var overtydd om at Hamas aldri ville angripe, same kva etterretningsanalytikarane som overvaka Haman-aktiviteten i Gaza sa. Denne mangelen på førestillingsevne oppstod fordi Hamas hadde identifisert dei politiske måla og hensiktene til Israel (å eliminere Hamas som motstandsorganisasjon med ein politikk for å «kjøpe» dei gjennom eit utvida program for arbeidsløyve til palestinarar som bur i Gaza). Ved å spele med, fekk Hamas den israelske leiinga lulla inn i sjølvtilfredsheit, noko som let Hamas gjennomføre førebuingane til angrepet på høglys dag.
7. oktober-angrepet til Hamas var ikkje ein enkeltståande operasjon. Det var heller ein del av ein strategisk plan med tre hovudmål: å sette spørsmålet om ein palestinsk stat tilbake på dagsordenen, å frigjere dei tusentals palestinske fangane som Israel held på, og å tvinge Israel til å stoppe øydelegginga av Al Aqsa-moskéen, som er den tredje største heilagdommen innan islam. 7. oktober-angrepet aleine kunne ikkje oppnå desse resultata. Angrepet var snarare utforma for å trigge ein israelsk respons som kunne skape dei nødvendige tilhøva for at Hamas sine mål kunne bli nådd.
7. oktober-angrepet var designa for å audmjuke Israel så mykje at dei skulle byrje te seg irrasjonelt, for å sikre at Israels respons ville bli styrt av eit emosjonelt behov for hemn, i motsetning til ein rasjonell respons designa for å nulle ut Hamas sine målsettingar. Her var Hamas vegleia av den etablerte israelske doktrinen om kollektiv avstraffing (kjend som Dahiya-doktrinen, oppkalla etter forstaden i vest-Beirut som vart tungt bomba av Israel i 2006 som ei slags avstraffing av det libanesiske folket for Israels mislykka forsøk på å vinne over Hizbollah i kamp). Ved å påføre Israel eit pinleg nederlag, som smadra myten om både Israels (IDFs) uovervinnelegheit og (etterretningas) ufeilbarlegheit, og ved å ta hundretals israelske gislar før tilbaketrekkinga til si undergrunnshole under Gaza, la Hamas ei felle for Israel som statsministeren deira, Benjamin Netanyahu, heilt føreseieleg rusa inn i.
Hamas har laga eit nettverk av tunellar under Gaza-stripa , totalt 500 kilometer med underjordiske gangar. “Gaza Metro”, som dei spøkefullt kallar det, består av samankopla bunkerar djupt under jorda som blir brukte til kommando- og kontrollsenter, logistisk støtte, medisinsk behandling og innkvartering, saman med andre nettverk dedikerte til både forsvar og angrep. Tunellane er gravne djupt nok ned til å unngå øydelegging frå dei fleste av bombene til Israel, og dei er utstyrte for å tole ei kringsetting på opptil tre månadar (90 dagar).
Hamas veit at dei ikkje kan måle seg med Israel i ein klassisk styrke-mot-styrke-kamp. Så målet var i staden å lure israelske styrkar inn i Gaza, og deretter utsette dei for ei endelaus rekke hit-and-run-angrep frå små team av Hamas-soldatar som dukkar opp frå sine underjordiske skjulestadar, angrip ein sårbar israelsk styrke, for så å forsvinne tilbake under jorda. Med andre ord utsette Israel for det som tilsvarer død ved tusen stikk.
Og det fungerte. Sjølv om israelske styrkar har greidd å trenge inn i mindre urbaniserte område på den nordre Gaza-stripa ved å dra nytte av mobiliteten og eldkrafta til sine pansra troppar, så er progresjonen illusorisk, ettersom Hamas-styrkar kontinuerleg plagar israelarane med dødelege tandemstridshovurakettar som set Israels køyrety ut av spel, drep titals israelske soldatar og sårar hundretals fleire. Medan Israel har vore tilbakehaldne med å offentleggjere tala på pansra køyrety som har blitt tapte på denne måten, hevdar Hamas at det er snakk om hundretals. Den påstanden blir styrka av det faktum at Israel har stoppa salet av eldre Merkava 3-tanks, som dei no i staden set inn i nye reserve-panserbataljonar for å kompensere for dei tunge tapa både i Gaza og langs den nordlege grensa til Libanon, der Hizbollah-styrkar er i ein dødeleg utmattingskrig med Israel i operasjonar designa for å støtte Hamas i Gaza.
Men hovudårsaka til Israels nederlag så langt, er Israel sjølv. Etter at dei let seg lure, og gjekk i fella til Hamas, heldt Israel fram med isn Dahiya-doktrine mot det palestinske folket i Gaza, og angreip vilkårleg sivile mål i openlys forakt for krigens reglar. Anslagsvis 13 000 palestinske sivile har blitt drepne i desse angrepa, inkludert fleire enn 5000 barn. Mange tusen fleire offer ligg framleis under ruinane av sine øydelagde hus.
Israel fekk kanskje støtte frå det internasjonale samfunnet etter angrepet den 7. oktober, men den grove overreaksjonen deira har i staden snudd verda i mot dei – noko Hamas hadde rekna med. I dag blir Israel stadig meir isolert. Dei mistar støtte ikkje berre i det såkalla globale sør, men også i tradisjonelle bastionar for pro-israelske haldningar i USA, Storbritannia og Europa. Denne isolasjonen, kombinert med det politiske presset Israel ikkje er van med å motta, bidrog til den israelske regjeringas samtykke til våpenkvilen og påfølgande fangeutveksling.
Om våpenkvila vil halde eller ikkje, gjenstår å sjå. Det gjer og spørsmålet om våpenkvila kan gjerast om til eit varig stopp i fiendskapen. Men éin ting er sikker: ved å erklære at siger er definert med Hamas sitt totale nederlag, har israelarane lagt grunnlaget for Hamas sin siger, ein siger Hamas oppnår rett og slett ved å overleve.
Men Hamas gjer meir enn å berre overleve – dei vinn. Etter å ha kjempa mot Israel Defense Forces til stillstand på slagmarka, har Hamas sett kvart av dei strategiske måla sine bere frukter. Verda uttrykker aktivt at det er absolutt nødvendig med ei to-statsløysing som føresetnad for varig fred i regionen. Palestinarar som blir haldne fanga av Israel blir utveksla mot israelarane som Hamas tok som gislar. Og den islamske verda fordømmer unisont Israels krenking av den heilage Al Aqsa-moskéen.
Ingen av desse sakene låg på bordet den 6. oktober. At dei no blir adresserte, vitnar om suksessen til Hamas den 7. oktober, og i dagane og vekene som følgde, då israelske styrkar vart slagne av ein kombinasjon av Hamas’ seige hardnakkaheit og deira eigne hang til vilkårleg vald mot sivile. Hamas er langt ifrå utsletta som militær og politisk kraft, dei har tvert imot stått fram som den kanskje mest relevante røysta og autoriteten når det gjeld å forsvare interessene til det palestinske folket.
Av Scott Ritter
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Nick Wang