Derimot: Valget som felte partiet Venstre. Hadde småpartia samla seg ville de fått 10 mandater. – Derimot
derimot.no:
Exit Venstre
Av Svein Grødaland

Var det tanken på å måtta regjera i lag med FrP som gjorde at veljarane snudde ryggen til Venstre? Nokre påstår det.
Eg trur forklaringa ligg ein annan stad. Valgkamp slår to vegar. Nokre saker er så framande for oss at me heller finn eit anna parti. Vil me har slutt på løyvingar til krigen, vert Venstre sistevalget. Venstre (Guri Melby) har hamra inn kravet om større løyvingar til krigen i Ukraina. Det har folk fått med seg.
Det har nok vore litt ekstremt for mange å røysta på FOR. Då er det mykje lettare å la vera å røysta på det største krigshissarpartiet i landet. Venstre.
***
Espen Aas i Dagsnytt18 kommenterte litt tørt at nå vert det interessante tider for journalistar som arbeider med politikk. Eg ser poenget. Samlinga med småparti med rundt ti mandat kvar, må få sjølv den mest sjølvsikre statsminster til å riva seg i håret.
Støre sine støttespelarar spriker med Raudt og MDG på den eine fløyen, Senterpartiet på den andre. SP ha alt signalisert at Støre ikkje bør ta støtta for gitt. Partiet ligg i grenselandet mellom borgarleg og venstreorientert politikk. Dei har skifta side før, for tjue år sidan. Dersom det er politisk gevinst å henta, kan dei finna på å gjera det same ein gong til.
Nokre kommentatorar spekulerer på om også Venstre kan gjera eit linjeskifte. Dei ha eit mektig FrP på si side, sekundert av småpartia Høgre, KrF og Venstre. Vert kompaniskapet med FrP utriveleg nok, kan det henda dei skiftar side. Spriket mellom Venstre og FrP er formidabelt.
Det er på moten å vera anti FrP, har vore det sidan partiet vart etablert. Det er litt arrogant av oss andre å sjå på FrP sine folk som mindreverdige individ. Det er dei ikkje. Dei er berre usamde med oss andre i ein god del saker.
Eit døme:
Eit par parti vil stengja oljekranane, helst på dagen. Det handlar om klima, grønt skifte og global oppvarming. FrP anerkjenner ikkje desse mytene som grunnlag for politikk. FrP ser at utan olje er det over og ut med alt som heiter moderne samfunn. Her støttar eg FrP. Trur dei fleste av oss gjer det, dersom me tek inn over oss kva som kan verta konsekvensen av oljetørke. Diverre er det ofte slik at ideologi trumfar fakta og sunn fornuft.
Med mitt parti? Ei kjelde opplyser at parti som får færre enn ein prosent av røystene, må samla førti tusen underskrifter for å få stilla neste gong. Mitt parti fekk tre promille, tre av tusen. Eg har støtta ein eksklusiv klubb, me som trur at fred er den aller viktigaste kampsaka. Eit tankekors at det er så få av oss. Utan fred og godt naboskap kan det ikkje verta noko godt samfunn. Då spelar det liten rolle om regjeringa er raudgrøn eller blå.
Innlegget er hentet fra Politkus.
Forsidebilde: Foto: Svein Grødaland