Derimot: Vaksinene og maskene. Beskyttet de mot noe som helst? – Derimot

derimot.no:

Like før den opne fascismen bryt laus

Av Gunnar Sortland

Den 12. mars 2020 stengde Erna Solberg som statsminister store delar av Noreg. Ulike bedrifter, skular, universitet m.m. blei stengde ned. Det kom strenge reglar mot handhelsing, klemming og liknande. Mange verksemder tapte mykje pengar. Dei smitta fekk karantene og blei isolerte. Regjeringa laga reglar for kor mange som kunne møtast, og 17. mai-feiring og andre arrangement blei avlyste.

No i etterkant veit vi at pandemien var ein bløff. Det døydde ikkje fleire enn det som var vanleg under ein influensaepidemi. Snittalderen på dei døde var 84 år. Det vart sett i gang eit knallhardt press på dei uvaksinerte. Dei burde få portforbod, haldast borte frå arbeidsplassar, kaféar og ulike arrangement. Fleire innan spesielt helsesektoren mista jobben. Og braut du karantenen, vanka det kraftig bot.

mRNA-sprøytene vart opplyst å vere trygge og 94% effektive. Dette var ein gedigen bløff. Mest alle som tok den såkalte vaksinen blei smitta. Med «vaksinane» kom overdødelegheita for folk i alle aldrar. I etterkant har fleire land funne ut at sprøytene fører til at spike-proteinet angrip ulike organ i kroppen, ofte med døden til følgje.

Det er påvist at dei «vaksinerte» har fått eit klart svekka immunforsvar, noko som ml.a. kan føre til såkalt turbokreft. I etterkant av «pandemien» har ein undersøkt om bruken av andletsmasker (munnbind) eigentleg hadde ein verneeffekt. Konklusjonen var at dei med masker blei mykje lettare smitta enn dei utan.

Beskyttet vaksiner og masker mot noe som helst?

Så kva var det som skjedde?

Bak pandemibløffen stod dei mektigaste kreftene i verda. Dei største aksjonærane i dei største finansselskapa – Blackrock, Vanguard, State Street – og sjølvsagt rikmannsklubben Verdsøkonomisk Forum (World Economic Forum) hadde i fleire år planlagt «pandemien». 

Hensikten var å gå direkte inn i statskassane til dei råka landa. Desse måtte ta opp digre lån i dei største bankane i verda for å gi erstatning til ulike verksemder som tapte inntekter pga nedstengingane. Farmsøytisk industri, med Bill Gates i spissen, hova inn mange tusen milliardar dollar på sprøytesalet. EU kjøpte inn desse 15 gongar dyrare enn tilverkingsprisen. Dei rikaste i verda greidde å doble formuane sine.

Advokat Fuellmich, som vart kidnappa i Mexico og sendt til Tyskland der han vart dømd til over tre års fengsel, har prova at sprøytene ikkje var vaksinar, men inneheldt ulike giftstoff som skulle få kraftig ned folketalet på planeten vår, då 8 milliardar ikkje er berekraftig for det kapitalistiske systemet, då naturen er i ferd med å kollapse.

Folk må ved den neste ransbylgja frå dei rikaste klare å avsløre djevlane. Regjeringa braut Grunnlova under «pandemien». Retten til å halde møte og ytringsfridommen vart truga. Tiltaka gjekk særleg utover borna, som i mange tilfelle fekk psykiske plager.

Rett etter påsken i år (2025) skulle lova om sivilbeskyttelse – les: unntakslova – bankast gjennom i Stortinget. Takka vere jusprofessor Benedikte Moltumyr Høgberg sine mange artiklar i påsken på Facebook, der ho påviste kor farleg denne lova var, fekk fleire parti kalde føter og hoppa av i siste liten. Lova blei trekt attende til ny handsaming. Ho vil nok dukke opp att i blankpussa form, men innhaldet kjem nok til å stå: Stortinget gjev regjeringa fullmakt til å avgjere når ei krise eller krig trugar landet og setje til sides Grunnlova og innføre dei åtgjerdene dei finn for godt.

Dette kan vere tiltak som minner om fascisme.

Forsidebilde er KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...

Legg igjen en kommentar