Derimot: USA er ikke som før: Pisken din er skjør og gulrøttene dine visne. – Derimot

derimot.no:

Råd til president Trump om Ukraina

Av Helmholtz Smith21. november 2024

Gratulerer med ditt storslagne comeback, hr. Trump. Og eg håpar du kan MAGA og MAHA (Make America Great/Healthy Again, gjere USA storslagent/sunt att). Men eg trur du har nokre oppfatningar som er farleg utdaterte. Kan eg føreslå at du les, eller les om att, talen som John Quincy Adams heldt for to hundre år sidan. Her er essensen:

Men ho [Amerika] drar ikkje utanlands for å leite opp monster å øydelegge. Ho vil ha fridom og uavhengigheit for alle. Ho er forkjemparen og forsvararen til berre sine eigne. Ho vil tilrå den generelle saka med stemma si og gå føre som eit godt føredøme på velvillig sympati. Ho veit godt at når ein først har flokka seg under andre faner enn hennar eiga, om det så skulle vere faner for utlandsk uavhengigheit, vil ho involvere seg utover frigjeringsmakta i alle krigane om interesser og intrigar, om individuell grådigheit, misunning og ambisjon, som påtar seg fargane til og tilranar seg fridomsstandarden. Dei grunnleggande maksimane for politikken hennar vil gradvis endre seg frå fridom til tvang. Pannebandet over brynet hennar ville ikkje lenger stråle av den uttømmelege prakta av fridom og uavhengigheit, men i staden snart bli erstatta av imperiets diadem som glitrar i falsk og tilsmussa glans den mørke utstrålinga til dominion og makt. Ho kan bli diktator over verda. Ho vil ikkje lenger vere herre over sin eigen ande.

«Ho kan bli verdsdiktatoren. Ho ville ikkje lenger rå over si eiga ånd.» Og det var nett det som skjedde. «Monsteret» er heime. Amerika bør passe sine eigne saker. Vi kan ikkje endre verda. (Tilgi meg om eg preikar til dei som har konvertert – ein nyleg kommentar antyder at de fullstendig forstår sambandet. Det gjer i alle fall Vance og Gabbard – dei har vore der, gjort det.)

Eg vil tilrå at de les den russisk/kinesiske erklæringa frå februar 2022. Ignorert av «dei falske media» (sjølvsagt), her er den offisielle engelske omsettinga på den russiske nettsida. Dei viktigaste poenga er følgande:

  1. Verdsmakta er i endring («redistribusjon av makta i verda»)
  2. USA og undersåttane («Visse aktørar representerer berre minoriteten på den internasjonale skalaen») trur dei kan gjere som dei vil, men dei har ikkje makta til det.
  3. Multi-polaritet er framtida. Land er som dei er: lev med det.

Alt sant. I den nye verda – og den kjem raskt – vil USA bli éin spelar blant mange. Ein stor spelar, men ikkje den største – Russland har det sterkaste militæret og Kina den sterkaste økonomien. (Og viss teamet dykkar mislykkast, vil eit ruinert USA ikkje bli nokon spelar i det heile.

USAs enorme gjelds-berg.

No til Ukraina. Du har skrytt av at du skal stoppe krigen på 24 timar. Vel, det kan du ikkje. Med du kan greie ganske mykje på 24 dagar. Men berre om du skjøner to kjensgjerningar:

Den første er at USA ikkje er så mektig som du trur. Landet var ikkje så mektig som du trudde under din første presidentperiode, men veikskapen er mykje tydelegare no. 20 år i  Afghanistan gav Taliban ein militær styrke. Houthiane sparka US Navy ut av Raudehavet. Niger gav USA og NATO ordre om å kome seg ut. Den blanke sjekken til Israel framandgjer verda. Dollaren tapar terreng. Yuge mistak.

Den andre kjensgjerninga har dukka opp dei siste fire åra. Dei er ikkje redde for amerikanarane lenger. Landet er ikkje så skremmande, ikkje så mektig og ikkje så kompetent som dei trudde det var. Ryet det hadde i 1945 har dryppa bort. Alltid i krig, alltid tapande (Afghanarar! Houthiar! Niger!). 800 basar rundt om i verda er 800 gislar. Viss ikkje USAs hangarskip skremmer houthiane – korfor skulle dei skremme Kina?

Ukraina eksponerte bedraget. US-amerikanske/NATO-våpen er boutique-våpen – dyre, skjøre og produserte i små kvanta. Som din nye forsvarsminister kan fortelle deg, er ikkje generalane dine krigarar – dei er byråkratar med MBA-grad (Master of Business Administration) som drøymer om å bli salsagentar for det militærindustrielle komplekset. «Så lang tid det vil ta» er ikkje veldig lenge. Sende meir våpen? Kva er det att å sende? «Spelendrarane» er nedkjempa. Du har ingen stor pisk.

Kva er gulrota? Ikkje mykje. IMF fortel oss at Russlands økonomi rangerer som nummer fire i verda når det gjeld BNP uttrykt i kjøpekraftsparitet (PPP). Og dét under eit fjell av sanksjonar. Jovisst, Russland skulle gjerne sett at sanksjonane stoppa, men dei kan vente – sanksjonane gjer mykje større skade på opponentane. Nokre få år til og Europa er eit vrak.

Pisken din er skjør og gulrøtene dine er visna. Du har lite å tilby eller true Russland med.

Men sjølv om du hadde hatt ein god pisk og ei frisk gulrot, så er løfta til USA verdilause – NATO-ekspansjon, Minsk 1 og 2, Istanbul. For ikkje å gløyme støtta til Bandera, Stetsko og dei andre. Korfor skulle Moskva nokon gong tru på noko som Washington lovar? Som Putin sa for nokre år sidan: US-amerikanske presidentar kjem og går, men ingenting endrar seg.

Alt du kan gjere er å levere Ukraina. Levere dei til kva? Til Russlands krav. Så, herr Trump, om 24 dagar kunne du kanskje stoppe slaktet, men berre på Moskvas vilkår.

Lever Ukraina, aksepter USAs og NATOs ansvar for slaktet, gjer godt att alt du kan. Gå deretter heim og stell villnisset ditt av ein karrig og ugrastilgrodd hage.

Om 20 eller 30 år kan eit gjenoppbygd USA bli det respekterte førebiletet som John Quincy Adams håpa på.

Omsett av Monica Sortland

https://sonar21.com/advice-for-president-trump-on-ukraine-by-helmholtz-smith

Forsidebildet er KI-generert

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...