Derimot: US-senator: Vi sender til Israel alle våpnene som skulle til Ukraina.

derimot.no:

Våpenindustrien må alltid prioriteres. Når viljen til våpen til Ukraina tørker inn er det alltid ny slagmarker som trenger forsyninger. De snakker aldri om fred og avspenning disse folkene. Ordene finnes ikke i vokabularet deres. Og i den krigshissende blodtåken som mediene sørger for er det alltid noen som snakker før de tenker. USA trenger sårt en militær seier etter nederlagene i Afghanistan og Ukraina.

Rart at de ikke vil bruke pengene på sitt eget land hvor de sosiale og politiske problemene tårner seg opp.

Knut Lindtner
Redaktør

Amerikansk senator: «Alle midlar øyremerkt Ukraina skal straks overførast til Israel»

For dei som meiner at Hamas-offensiven som dramatisk har eskalert situasjonen i Israel og Midtausten er ei avleiing frå den mislykka stadfortredarkrigen til NATO og USA i Ukraina, ser vi no det fyrste teiknet på nettopp dette. Nettstaden Information Liberation rapporterte 9.oktober 2023 at ein amerikansk senator har bede om at alle midlar som er øyremerkt Ukraina straks skal overførast til Israel.

Innlegget er hentet fra Saksyndig

Den republikanske senatoren Josh Hawley, som representerer delstaten Missouri, kom med dette kravet måndag 9.oktober. Alle amerikanske midlar som er tiltenkt Ukraina, skal no brukast på Israel og Gaza-krigen i staden for.

Josh Hawley

«Israel står overfor [ein] eksistensiell trugsel,» skreiv senator Hawley på X/Twitter. «Alle midlar for Ukraina skal overførast til Israel med éin gong.»

Information Liberation-skribent Chris Menahan skriv at han føresåg at dette ville skje for to dagar sidan i ein artikkel som vart publisert sundag 7.oktober. Der skreiv han at Breitbart-redaktør Joel Pollak bad om folkemord og etnisk reinsing i Gaza; barn, kvinner og eldre skal evakuerast før alle bygningar skal jamnast med jorda, og landområdet skal bli annektert til Israel. I direkte opposisjon til dette står den mykje omtala Andrew Tate, som for tida samlar inn pengar for å støtte palestinske sivile, fordi, som han skriv på X/Twitter «Allah krev rettferd» (Allah commands justice i den opphavlege engelske språkdrakta).

Pollak skriv i tillegg at der aldri vil bli ein palestinsk stat, og at det er over. Begge innlegga kan lesast her og her.

Dei som flammande forsvarte krigen i Ukraina frå USA og NATO sitt perspektiv, har no over natta gått over til å forsvare krigen i Gaza frå Israel sitt perspektiv: Palestinarane, som har blitt forsøkt tilinkjegjort av Israel i 75 år, er «terroristar» og «avskum» som må fjernast som om dei var kakerlakkar. Det er nesten ikkje anna å vente at den politiske eliten snur kappa etter vinden. Som Menahan skreiv i nemnde artikkel (mi omsetjing):

«Alle dei kjøpte og betalte Republikanar-bedragarane som simulerer opposisjon til krigen i Ukraina kjem snart til å stå i brodden for at USA sender soldatar, endelause mengder våpen og milliardar av ekstra skattepengar til Israel for å sparke i gang Tredje verdskrig.»

Senator Josh Hawley vart i 2019 skulda for «antisemittisme» for å ha kome med kritikk mot sokalla «kosmopolitanske elitar». I tilsvaret sitt uttrykte han si støtte til det jødiske folket, «deira storheit, deira historie, deira tryggleik og staten Israel». Då kan han vel, som skribent Menahan avsluttar artikkelen med, berre finne fram eit våpen og slutte seg til dei på frontlinja nede i Gaza, vel?

Forsidebilde: iStock

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...