Derimot: Ungarns statsminister: EU ledes av folk som lukker øynene for det som skjer. – Derimot
derimot.no:
Når vi holder oss med virkelighetsfornektere som ledere må det gå galt. Det er i praksis det den ungarske statsministeren sier. Men mange norske ledere vil at vi skal inn i denne unionen og underkaste oss disse folkene. De er ikke-valgte og driver «EU-butikken» som om de var mafia-bosser. Det er egentlig helt utrolig at vi frivillig vi overgi slike mennesker det norske arvesølvet.
Knut Lindtner
Redaktør
Orbán: EU er i fornekting om nederlag i Ukraina
Russia Today (RT) rapporterer:
Den ungarske statsministeren Viktor Orbán har skulda Den europeiske unionen for å vere i fornekting over si manglande evne til å sikre siger for Ukraina i konflikten mot Russland. I ein samtale med kringkastaren M1 sundag [22.desember 2024] kritiserte Orbán leiarane i blokka for å ignorere realiteten på bakken, og vurderte at deira noverande tilnærming berre forlengar konflikten utan å oppnå meiningsfulle resultat.
Dei siste månadene har russiske styrkar avansert raskt i Donbass-regionen, og har jamleg rykt vestover sidan dei fanga den strategiske småbyen Avdeevka i februar. I oktober fanga dei eit anna ukrainsk nøkkel-sikringspunkt, småbyen Ugledar, og er no nærare ved å ta kontroll over Kurakhovo, eit større ukrainsk logistisk knutepunkt.
«Realiteten er at Ukraina ikkje vinn på slagmarka,» sa Orbán under intervjuet. «Leiarar i Brüssel lever i ei sjølvskapt boble, og nektar og anerkjenne at denne krigen ikkje kan bli vunnen på den måten dei førestiller seg.»

Han argumenterte at vedvarande militærstøtte og sanksjonar mot Russland er kontraproduktivt, og skader europeiske økonomiar meir enn dei oppnår dei meinte måla. «Sanksjonane har mislykkast,» hevda Orbán. «I staden for å uskadeleggjere Russland, har dei gjort Europa svakare. Likevel nektar Brüssel å innsjå denne sanninga.»
Ungarn har ofte vore i strid med EU-partnarar over tilnærminga deira til konflikten. Medan blokka har vore urokkelege i å gje militærhjelp og påføre sanksjonar mot Russland, har Orbán gjentekne gonger bede om omgåande fredssamtalar.
«Vi må slutte å drøyme om ei militærløysing,» sa han. «Den einaste måten framover er gjennom forhandlingar. Nederlaget til Ukraina er ikkje berre mogleg, men stadig meir sannsynleg, og dess lengre denne krigen dreg ut, dess verre vil det bli for heile Europa.»
Kommentarane til Orbán har trekt til seg kritikk frå andre EU-leiarar, som argumenterer at kommentarane hans underminerer einskapen blokka har mot Russland i konflikten.
Trass motbøren, har Orbán insistert at Ungarn ikkje kjem til å støtte tiltak som eskalerer konflikten vidare. «Ungarn vil stå for fred og interessene til folket sitt,» sa han. «Det er på tide å prioritere diplomati framfor vrangførestillingar om siger.»
Russland har gjentekne gonger insistert at vestlege våpen forsynte til Ukraina ikkje vil hindre dei [Russland] i oppnå sine militære mål, ei heller vil det endre utfallet av konflikten. Heller vil det å væpne Kiev-regimet berre tene til å forlenge fiendtlegheitene, trur Moskva.
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
Innlegget er hentet fra Saksyndig
Redaksjonen har lagt til bilde m/tekst
Forsidebilde er KI-generert