Derimot: Ukrainakrigen går mot slutten: Russland bruker missiler. Ukraina bruker folk.

derimot.no:

Har Ukrainas armé blitt redusert med nær 50%?

Larry Johnson er X-CIA-analytiker

30. november 2022 av Larry Johnson 

Ursula von der Leyen gjorde det utenkelege i dag – ho snakka sant. Under ein tale som fordømde Russland for krigsbrotsverk, nemnde ho i forbifarten at 100 000 ukrainske «offiserar» (sic) har blitt drepne sidan starten av Russlands spesielle militæroperasjon (SMO).

Ukraina var ikkje nøgde:

Ukraina har slått tilbake mot ein påstand som Europa-kommisjonens president kom med, om at 100 000 av Kyiv [Kiev] sine soldatar har blitt drepne sidan Russland invaderte i februar.

Ursula von der Leyen brukte talet i ein video-tale, og fekk Kievs væpna styrkar til å gå ut og seie at dødstala var «klassifisert informasjon». Opptak av talen hennar har sidan blitt redigert, der setninga er klipt bort.

https://www.newsweek.com/ukraine-russia-von-der-leyen-death-toll-1763553

Den europeiske unionen (EU) gjorde eit tåpeleg forsøk på å gjere det ugjort (“walk [it] back”) ved å slette påstanden til von der Leyen frå internett. Det feila. Og det reiser spørsmålet ’Kven er best på moon walk? Von der Leyen eller Michael Jackson?’

Michael Jackson: Historic moment star did his first moonwalk on TV - video - Smooth
Michael Jackson.

Eg veit. Michael Jackson, sjølvsagt. Eg trur ikkje at von der Leyen verken snakka feil eller fabrikkerte talet. Om det verkeleg hadde vore ein faktafeil, hadde ho berre trengt å seie det, t.d. «Mea Culpa, eg meinte å seie 10 000, ikkje 100 000.» Det gjorde ho ikkje. Ho let som ho aldri hadde sagt det ho sa.

Viss dødstalet på 100 000 er sant, så betyr det at Ukrainas totale tapstal – dvs. drepne og skadde – ligg på rundt 400 000. Med andre ord: Ukraina har hatt tap på omlag 40% sidan starten av kampane. Under 1900-talet hadde denne typen moderne krigføring normalt 3 skadde soldatar for kvar drepne. Brukar vi dét forholdstalet, får vi talet 400 000 for totale tap. 

Ved avsparket for krigen i februar hadde Ukraina eit bakkestyrketal på totalt 1 125 000:

Ifølge International Institute for Strategic Studies (IISS), har Ukraina 196 600 aktive militære.

Det er fordelt på 125 600 bakkestyrkesoldatar, 35 000 i luftvåpenet og 15 000 i marinen.

Dei kan også rekne med 900 000 reservistar, sjølv om nylege bilde av sivile som held tre-rifler tyder på at ikkje alle desse styrkane nødvendigvis godt utrusta.

https://ukrainewar.info/russian-ukrainian-war-how-big-is-the-ukrainian-army-size-of-the-armed-forces-compared-to-russia-uk-usa-and-nato/

Ukrainas krisetilstand står ved lag, og reservistane har fått innkalling til teneste. Faktisk har Ukraina overgått sin normale reserviststyrke og blitt nøydd å  innrullere også middelaldrande menn. Desse utgjer styrkane i «det territorielle forsvaret».

Det er forferdelige tall som presenteres.

Er dødstalet på 100 000 truverdig? Ja. Om ein tenker på at 275 dagar har kome og gått sidan starten av Russlands Spesielle militæroperasjon den 24. februar 2022, må det vere eit gjennomsnitt på 365 drepne i strid per dag. Om du har følgd dei daglege debrifingane frå russiske styresmakter, vil du forstå at dette er eit presist tal. Her er dagens rapport, som rapporterer om ca 190 drepne i strid:

I Donetsk har det,som resultat av russiske troppars offensive aksjonar, blitt eliminert opptil 50 ukrainske tenestemenn, 4 panservogner, 3 automatiske artillerieiningar og 6 motorkøyretøy nær Belogorovka og Persje Travnya.

I Kupyansk  . . . Med eldkraft har ein stagga og drive fienden tilbake til startposisjonane. Opptil 50 ukrainske tenestemenn, 10 stridsvogner, 1 infanteristridskøyretøy, 2 pansra personellkøyretøy, 1 automatisk artillerieining og 1 motorkøyretøy har blitt eliminert.

I Krasniy Liman har tre taktiske AFU-grupper (Armed Forces of Ukraine), forsterka med stridsvogner, utan suksess prøvd å angripe russiske stillingar nær Plosjtsjanka, Tsjervonopopovka and Zhytlovka (Lugansk Folkerepublikk). . .Som resultat av bombinga vart fiendetapa over 40 ukrainske tenestemenn, 1 stridsvogn, 4 infanteristridskøyretøy og 1 ammunisjonsvogn.

Russland bruker missiler som er svært presise. De er drone- og satellittstyrt

I sør-Donetsk prøvde tre taktiske AFU-grupper å gå til motangrep på russiske stillingar nær Novomikhaylovka, Novodonetskoye og Novosyolka (Donetsk Folkerepublikk). Motangrepa har blitt drive tilbake ved skyts og aktive aksjonar frå russiske einingar … Meir enn 50 ukrainske tenestemenn, 2 infanteristridskøyretøy, 2 pansra peronellkøyretøy, 1 MT-LB (amfibiestridsvogn), 1 pansra motorkøyretøy og 4 andre motorkøyretøy har blitt eliminert.

Som eg før har diskutert, følger ikkje den noverande russiske militære leiarskapen taktikkane som Sovjet-generalane brukte under Andre verdskrig (dvs. massetroppeoverfall). Russland har primært sett sin lit til massive angrep med artilleri og rakettar/missil før dei set i verk bakkestyrkeoffensivane. Mengda russisk artillerield per dag har aldri før blitt sett i historia. Viktigare: nøyaktigheita til artilleriet er betra med bruken av droner og satellitt til å justere skota med oppdaterte koordinatar som blir overførte til artillerieiningane i sanntid.

Ein annan faktor som bidrar til Ukrainas forferdelege tap, er landets mangel på luftvåpen og luftforsvarssystem til å kontre russiske batteri. Om ukrainske troppar prøver å angripe ei fast russisk stilling, er rørslene deira til fots eller med køyretøy ubeskytta og sårbare for russisk artilleri eller luftvåpen.

Det verkar som om einskilde Vestlege analytikarar som tidlegare kimsa av dei russiske metodane, endeleg byrjar innsjå at Russland meiner alvor med de-militariseringa av Ukraina via metodisk nedkverningstaktikk. Det vil kome til eit punkt der Ukraina går tom for stridsmenn og ikkje greier stille opp nokon effektiv kampstyrke. Den dagen ser ut til å nærme seg.

Fritt omsett av Monica Sortland

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 15

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...