Derimot: Ukraina-krigen var på ingen måte uprovosert. CIA var godt etablert på den russiske grensen før den startet. – Derimot

derimot.no:

NRK gjentar til det kjedsommelige at krigen i Ukraina var uprovosert. Denne meldingen forteller det motsatte og også at Russland hadde god grunn til å være bekymret for den CIA-innsatte regjeringen i Ukraina etter statskuppet i 2014.

Når NRK hele tiden gjentar at krigen var «uprovosert» og at det er en «fullskalakrig» fra russisk side kan vi regne med at det er det motsatte som er tilfellet. Ellers hadde de ikke trengt å gjenta disse to mantraene i det uendelige. Vi begynner å bli ganske flinke til å forstå hva NRK egentlig sier og vil.

Knut Lindtner
Redaktør

CIA bygde 12 spionbasar i Ukraina nær grensa til Russland over det siste tiåret

Ein reportasje frå The New York Times kastar meir lys over korleis CIA var involvert i Ukraina sidan 2014-kuppet

av Dave DeCamp

CIA hjelpte til med å bygge 12 hemmelege spionbasar i Ukraina langs grensa til Russland, som ein del av byrået si støtte til ukrainske etterretningstenester som starta i 2014, skreiv The New York Times på sundag.

Reportasjen skildrar ein av dei CIA-bygde basane som ein undergrunnsbunker brukt av ukrainske soldatar til å «spore russiske spionsatellittar og tjuvlytte til samtalar mellom russiske kommandantar».

NY Times-artikkelen kastar nytt lys over CIA sitt engasjement i Ukraina, som spelte ei hovudrolle i framprovoseringa av den russiske invasjonen. Ein offisiell, europeisk tenestemann fortalde avisa at medan Russlands president Vladimir Putin vurderte å invadere Ukraina seint i 2021, fortalde sjefen for ei av Russlands hovudetterretningstenester han at CIA og Storbritannias MI6 kontrollerte Ukraina og gjorde landet om til eit bruhovud for operasjonar mot Moskva.

Artikkelen seier at forholdet mellom CIA og ukrainsk etterretning kan sporast tilbake til 24. februar, 2014, rett etter at Ukrainas dåverande president Viktor Janukovitsj vart styrta i eit USA-støtta kupp. Den dagen ringde Valentyn Nalyvaichenko, sjefen for dei ukrainske etterretningstenestene (SBU), CIA og bad om hjelp til å gjenoppbygge Ukrainas etterretningskapasitet.

CIA gjekk med på å hjelpe til, då dei såg det som ein sjanse til å samle inn meir etterretningsinformasjon om Russland. Det US-amerikanske etterretningsbyrået hjelpte til med å opprette SBUs Femte direktorat, som bestod av unge ukrainarar som var fødde etter at Sovjetunionen kollapsa. Tanken var å lindre CIA si uro over at det ukrainske spionbyrået var fullt av eldre, meir russisk-venlege ukrainarar.

The Washington Post rapporterte først om korleis CIA oppretta Femte direktorat tilbake i oktober 2023. Post-reportasjen seier at CIA hadde brukt titals millionar dollar på å «transformere Ukrainas Sovjet-forma tenester til potente allierte mot Moskva».

CIA har i tillegg støtta Ukrainas militæretterretningsteneste, kjend som GUR. Ettersom GUR hadde lov til å samle etterretningsinfo utanfor Ukrainas grenser, kunne dei brukast av CIA inne i Russland. EinUS-amerikanske ex-etterretningsmann som snakka med Washington Post kalla GUR for «det vesle barnet vårt».

Kyrylo Oleksiyovych Budanov er en ukrainsk militærleder som har fungert som sjef for hoveddirektoratet for etterretning i Ukrainas forsvarsdepartement siden august 2020. (Fra Wikipedia)

NY Times- reportasjen seier CIA starta å trene ukrainske spionar som har operert inne i Russland, rundt om i Europa, på Cuba og andre plassar der russarane er sterkt til stade. CIA hjelpte også til med å opprette ei elite-kommandoavdeling kjend som Unit 2245, som samla inn russiske dronar og anna teknologi for å demontere, analysere og gjenskape dei. Ein av Unit 2245 sine medlemmar var Kyrylo Budanov, som no er sjef for GUR.

Ukrainske etterretningstenester byrja drepe separatist-leiarar i Donbas i 2016, og har fått skulda for mange drap inne i Russland, inkludert bilbomba som tok livet av Darya Dugina, dotter til den russiske filosofen Alexander Dugin. US-amerikanske offisielle tenestemenn insisterer på at CIA ikkje var involverte i drapa, men drapa har uansett ikkje påverka CIA si støtte.

Støtta frå CIA og anna US-amerikansk etterretning har auka signifikant sidan Russland starta sin invasjon den 24. februar, 2022. Det meste av USAs personell vart evakuert frå Ukraina rett før invasjonen, men ei gruppe CIA-offiserar vart att i ein fjerntliggande lokasjon i vest-Ukraina og leverte etterretningsstøtte under dei første vekene av kampane.

Ivan Bakanov, som var sjef for SBU då Russland invaderte, fortalde NY Times at utan CIA «hadde det ikkje vore mogleg for oss å stå imot russarane eller å slå dei.»

Omsett av Monica Sortland

https://news.antiwar.com/2024/02/26/cia-built-12-spy-bases-in-ukraine-near-the-russian-border-over-past-decade/

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...