Derimot: U-sving fra USA i Midt-Østen? Stokkes kortene på nytt? – Derimot
derimot.no:
Benjamin Netanyahu på lånt tid
av Thierry Meyssan
Benjamin Netanyahu sine provokasjonar har ført til reaksjonar som massakren på 29 000 sivile i Gaza ikkje framskaffa. Alle protagonistane i stor-Midtausten og Vesten, som konstant er i tottane på kvarandre, har plutseleg slått sine styrkar i hop mot han. Om enn alle har ulikt syn på framtida til Gaza, så er dei alle samde om at Israel ikkje kan halde fram med jødiske suprematistar i regjeringa si. Vi er på veg mot ei temporær omplassering av Gaza-folket til Egypt, følgd av ei reinsking i Israel.
Washingtons reaksjon, følgd av den til deira hovudallierte, på «Conference for the Victory of Israel» og den ståande applausen til Rabbi Uzi Sharbaf i nærvær av 12 ministrar, har verkeleg stokka korta om att i Midtausten.
Denne rabbien hadde før blitt dømd til livstid i fengsel i Israel for mord på arabarar. Han hevdar han tilhøyrer ei grein av «Stern-gjengen», som myrda den britiske koloni-ministeren i 1944 og FNs spesialutsending grev Folke Bernadotte i 1948.
Gruppa hans overlevde Den kalde krigen, utførte massakrar og andre uhyrlegheiter i Afrika og Latin-Amerika under dekke av å bekjempe kommunisme. På den tida hadde anglo-saksarane god nytte av desse kriminelle for planane sine [1]. Dette er ikkje lenger tilfelle, og verken London eller Washington, som veit kva dei er i stand til, kan la dei vende seg imot dei.
Denne «Konferansen for Israels siger» var ein direkte trussel for anglo-saksarane, som prøver å få Benjamin Netanyahu til å besinne seg [2]. Etter få timar tok Washington ekstraordinære tiltak mot dei jødiske suprematistane dei før hadde tolerert, nemleg eit forbod mot innsamling og overføring av middel via Vestlege bankar. London, Berlin, Paris og fleire av dei viktigaste allierte følgde snart opp.
USAs president Joe Biden prøvde ein siste gong å overtale Israels statsminister Benjamin Netanyahu til å gå med på ei seks vekers våpenkvile, men Netanyahu skifta ikkje standpunkt. Han ville halde krigen gåande og angripe Rafah. Det beste han kunne gå med på, var å sende ein delegasjon til Kairo, for å gjenoppta forhandlingane som hadde blitt avbrotne i Paris. Det ende med at Biden, sjokkert over å høyre han annonsere ein ny massakre på sivile, braut ut framfor fleire vitne at Netanyahu var eit «rævhol».
I mellomtida heldt Israel fram med sin kampanje mot UNRWA, FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten. Etter å ha bede om at organisasjonen skulle oppløysast, fordi 12 av dei tilsette der (dvs. 0,09% av organisasjonens tilsette i Gaza) angiveleg skulle ha deltatt i Operasjon Al-Aqsa Flood, hevda IDF at Hamas hadde sett opp hovudkvarteret sitt i ein tunell under UNRWA sitt Gaza-hovudkvarter. Og då organisasjonens direktør, Philippe Lazarini, sa at det var ukjent for han, tvitra Israels FN-ambassadør: «Det er ikkje det at de ikkje veit, det er det at de ikkje vil vite. Vi har vist fram terroristtunellane under UNRWA-skular og levert bevis for at Hamas utnyttar UNRWA. Vi bad dykk om å gjere eit grundig søk i alle fasilitetane til UNRWA i Gaza. Men ikkje berre nekta de, de valde og å grave hovudet ned i sanden. Ta ansvar og gå av i dag. Kvar dag finn vi fleire bevis for at Hamas=FN i Gaza og vice-versa. Ein kan ikkje stole på noko av det FN seier, eller noko av det dei seier om Gaza.
Fråtatt mykje av den økonomiske støtta, byrja UNRWA bu seg på å stenge dørene sine. Dei informerte regjeringane i Libanon og Jordan om at dei ikkje lenger ville klare å hjelpe verken folket på Gaza og Vestbreidda eller dei hundretusentals flyktningane dei hadde å ta hand om.
Den anglosaksiske heilomvendinga endra brått stemninga. Visse land fekk på plass att pengestøtta si til UNRWA, medan Iran oppfordra til ro. Angrep på US-amerikanske militærbasar vart sjeldne. Anglosaksarane og Motstandsaksen, som månaden før hadde vore uforsonlege fiendar, snakka igjen saman via middelmenn, og kanskje og direkte. Avbrotne forhandlingar vart tatt opp att overalt.
Roen vil sannsynlegvis bli kortvarig, men akkurat no har Vesten same interesse som alle folka i Midtausten: å stoppe den mordariske galskapen til dei revisjonistiske sionistane. Washington ser ikkje lenger eit israelsk nederlag som sitt eige nederlag. Dei kjenner seg ikkje lenger forplikta til å hjelpe dei, mot sin vilje, med massakrane på Gaza-folket. Tvert imot ville ein siger for Israel vere eit nederlag for USA, som då ville bli oppfatta som ute av stand til å bevare freden og også medskuldige i ein massakre.
Denne U-svingen endrar alt.
I Tel Aviv sitt krigskabinett har vissa om full straffefridom forsvunne: utan støtta til Washington ville Hizbollah lage kjøtdeig av Israel.
I Libanon framstår ikkje Hizbollah lenger som ekstremistisk, når dei krev at heile Resolusjon 1701 skal implementerast. Dei vil trekke sine styrkar frå sør-Libanon dersom Israel trekk sine styrkar bort frå grensa – ikkje frå demarkasjonslinja, men frå grensa.
Verken USA eller Frankrike refererer lenger til sine fredsforslag for Israel/Libanon. For Washington bør alt gjerast for ein separat fred og ei splitting av Motstandsaksen. Sameleis for Paris, men med eit meir komplekst juridisk rammeverk i tråd med Naqoura-avtalen (1996) og Resolusjon 1701 (2006). Dei håpar tvert imot at Hizbollah skal halde oppe presset på IDF på nord-grensa, for å hindre dei i å angripe Rafah på Gaza-stripa.
Midtaustens tungvektarar, Egypt, Saudi-Arabia, Tyrkia og Iran, legg all usemje til sides og samlast om konfrontasjon med den felles fienden, dei revisjonistiske sionistane. Saudi-Arabia og Iran fornya banda sine for eit år sidan, takka vere god oppfølging frå Folkerepublikken Kina [3].
Tyrkias president Recep Tayyip Erdoğan drog til Egypt for å møte motparten Abdel Fattah al-Sissi, som han tidlegare hadde nekta å snakke med. General al-Sissi sørga i 2013 for at president Mohamed Morsi vart styrta fordi han hadde kome til makta ved valfusk [4] og 40 millionar egyptarar demonstrerte mot han, medan 33 millionar feira fallet hans [5].
Egypt orgraniserte i hui og hast ein svær leir i Sinai til 1 million flykningar frå Gaza. Al-Arjani-gruppa er venta å fullføre arbeidet med marka og gjerdene innan 23. februar [6]. Palestinarar kan få flykte unna dei israelske bombene og søke tilflukt der. Tyrkia og Saudi-Arabia har lova å hjelpe dei.
Sjølvsagt er det ingen som ønsker at palestinarane skal kastast ut frå landet sitt. Så alle planlegg kva neste steg skal bli: korleis skal ein styrte Benjamin Netanyahu og dei revisjonistiske sionistane rundt han?
Vi kan derfor forvente ein politisk kataklysme i Israel gjennom dei komande vekene. Viss Benjamin Netanyahu forsvinn frå den politiske scena, vil også Volodymyr Zelensky kome tilbake i fokus.
Spørsmålet er: vil kvar aktør i alt dette rotet overhalde sine plikter og følge den felles planen til slutten, eller vil nokre av dei utnytte forvirringa til å fremje sine eigne løysingar?
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Cody Nottingham
[1] “The veil is being torn: the hidden truths of Jabotinsky and Netanyahu”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 25 January 2024. [2] “In Jerusalem, the «Conference for the Victory of Israel» threatens London and Washington”, by Thierry Meyssan, Voltaire Network, 13 February 2024 [3] “China brokers peace between Saudi Arabia and Iran”, Voltaire Network, 11 March 2023. [4] “Egypt Presidential Elections Fraud In Favor Of Mohamed Morsi”, Voltaire Network, 20 June 2012. [5] “Does Morsi’s fate foreshadow that of the Muslim Brotherhood?”, by Thierry Meyssan, Translation Roger Lagassé, Voltaire Network, 8 July 2013. [6] السلطات المصرية تشرع في بناء منطقة أمنية عازلة محاطة بأسوار لإستقبال فلسطيني غزة, Sinai Foundation for Human Rights, February 14, 2024.Les artikkelen direkte på derimot.no