Derimot: Tucker Carlson-oppseiinga: Skjerpa politiske fronter i USA.

Derimot.no

derimot.no:

Fox News sparkar Tucker Carlson

Innlegget er hetet fra Voltaire.net sitt nyhetsbrev nr. 38

Utan åtvaring eller grunngiving, stoppa Fox News samarbeidet med Tucker Carlson, USAs mest vidkjende TV-journalist. Showets lead executive producer, Justin Wells, skal og ha forlatt kanalen. Oppseiinga følger dommen i rettssaka mellom Fox News og røystemaskinleverandøren Dominion Voting Systems (som kosta Fox News $787 millionar) og den saka dei ventar med Smartmatic. 

Tvert imot slik det ser ut, så har Fox News underkasta seg Dominion utan grunn: Tucker Carlson hadde ikkje baktalt produsenten av røystemaskiner, men han gav taletid til ekspertar som forklarte at desse maskinene var knytte til Internet, og difor potensielt kunne fjernstyrast medan røystinga pågjekk, noko ingen har motsagt. [Ein av dei, Mike Lindell, på Tucker Carlson Tonight den 26. januar, 2021, var nemnd i dommen (side 127-29)mrk.]

Tucker Carlson Tonight var det nest mest sette politiske showet i USA. Pressa rapporterer om eit søksmål om seksuell trakassering som vart meldt inn for ein månad sidan av Tucker Carlsons show-sekretær Abby Grossberg. Men søksmålet gjeld ikkje han personleg, sidan det er retta mot ein av medarbeidarane hans.

Nyheita om oppseiinga vart helsa med applaus frå Demokratar og sterkt vonbrot frå Republikanarar. Steve Bannon sa Tucker Carlson var sjølve grunnen til å sjå på Fox News. Aksjane til Fox Corp, som eig kanalen, fall 5% etter at nyheita var sleppt. 

Forsidebilde: Keith Johnston

Les artikkelen direkte på derimot.no