Derimot: Tucker Carlson intervjuer tidligere kongressmann Curt Weldon. Som med rapporten om Kennedy-drapet har 9/11-rapporten null troverdighet. – Derimot
derimot.no:
Game-changer?
Weldon/Carlson-intervju når ut til millionar
Av Craig McKee
Podcaster’ane Russell Brand og Benny Johnson sluttar seg til dei som kommenterer kontrollert sprenging
Nokre av dei mest populære podcaster’ane i verda snakkar om dei «eksplosive» påstandane om 9/11 som tidlegare Kongressmann Curt Weldon kom med denne veka under eit Tucker Carlson-intervju. Og takka vere Weldon, snakkar no desse podcasterane og mange andre mediekanalar for første gong om bevisa for den «eksplosive» rivinga av dei tre skyskraparane i World Trade Center-komplekset [WTC, New York den 11. september, 2001, mrk.]
Weldon har dei siste månadane blitt intervjua i mange ulike podcast’ar, inkludert Redacted, The Jimmy Dore Show, og sjølvsagt AE911Truth sin eigne 9/11 Free Fall. Men den til Tucker Carlson, lagt ut den 14. april, er i ein høgare liga. Carlson har meir enn 16 millionar følgarar på X, 3,9 millionar abonnentar på YouTube og litt over ein million på Rumble. Til saman har desse tre plattformane hittil hatt over 7,5 millionar visningar av intervjuet.
Størsteparten av Weldon/Carlson-intervjuet handlar om korleis etterretningstenestene tedde seg før og etter 9/11 (inkludert gøyminga av Osama bin Laden i Iran) og Weldon si personlege erfaring med å bli forfølgd av styresmaktene på grunn av spørsmåla han stilte rundt 9/11. Men ein god del tid vart brukt på bevisa for at World Trade Center vart rive ved kontrollert sprenging.
Weldon gjentok oppfordringa si om ein høyringskommisjon der ein kallar inn ekspertar – inkludert fleire enn 3600 arkitektar og ingeniørar som «har risikert karrierane sine» for å seie at tårna ikkje kunne ha kollapsa på den måten som USAs regjering hevdar dei gjorde.
«For det første har 9/11-kommisjonsrapporten null truverde,» sa Weldon – til noko Carlson svarte «Det kan eg tru.»
Då emnet skifta til kontrollert sprenging av World Trade Center, sa Carlson dette: «Ein kan sjå det når ein ser på TV, bygget berre imploderer rett ned. Mange truverdige, ikkje-galne folk har sagt at det liknar på kontrollert sprenging».
Intervjuet har blitt dekka av podcasterar som også har millionar av følgarar. Ein av dei er skodespelar, komikar og kommentator Russell Brand (6,82 millionar YouTube-abonnentar). Brand sin 20 minutt lange video om Weldon-intervjuet tar ikkje berre opp kontrollert sprenging, men set også fokus på WTCs Bygg 7 (Solomon building) i tittelen! (“Tucker Carlson Goes Into SHOCK When He Learns This About Tower 7”)
Og han seier dette om det 47 etasjar høge tårnet som fall:
«9/11 – om det hadde vore det vi vart fortalde at det var – ville ikkje ha hatt merkelege og avvikande, skjulte på høglys dag, fakta som Bygg 7. Kva skjedde med Bygg 7? Vi såg at nord- og sør-tårna vart råka av fly og styrta ihop, og mange ingeniørar til dømes stilte spørsmål ved korleis det kunne skje. … Men Bygg 7 – saman med angrepa på Pentagon, video-opptak som forsvann, den merkverdige oppdaginga av passa til dei som flaug flya – får det til å sjå ut som 9/11 var eit sentralt augeblikk, ikkje berre for Vesten, men for innbyggarane i den Vestlege nasjonane.»
Brand legg til at det verkar ha stått «mørke krefter» bak hendinga og «globale institusjonar og makter» som naut godt av den, og at «det amerikanske folket har blitt loge til.»
Brand, som er kjend for sine utprega vittigheiter, følgde opp Weldon sin pasjon for forsvaret av brannfolk med denne hyllinga:
«Brannmenn – kven elskar ikkje dei typane? Enten det er kalendrar, eller redding av kattar eller dei barske vaskebrettmagane».
Trump om eksplosiv
Den konservative podcasteren Benny Johnson, som har 3,6 millionar følgarar på X og 3,17 millionar YouTube-abonnentar, laga ein eigen 22 minutt lang reaksjon på Weldon-intervjuet, der han gjekk inn på Tvillingtårna, Bygg 7 og mangelen på tydelege filmopptak som viste at det var eit fly som råka Pentagon. Videoen gjekk under tittelen “Tucker Drops BOMBSHELL: Fed Whistleblower Reveals Dark TRUTH About 9/11 | ‘You Have Been Lied To!”
«Det landet eg vaks opp i slutta å eksistere den dagen,» sa” Johnson. «Ting vart mykje verre her. Familiemedlemmane mine drog ut i krig. For kva, eigentleg?»
Han viste klipp av Donald Trump som vart intervjua på morgonen den dagen, der Trump sa: «Eg tenkte at ikkje berre hadde dei eit fly, men dei hadde også bomber som eksploderte simultant.»
Johnson spelte også av kjende klipp av brannmenn, dekka av støv, som forklarte korleis dei hadde høyrd eksplosjonar i Tvillingtårna, saman med mange andre vitneutsegner om «sekundære eksplosjonar».
Sjølv om fleire og fleire podcastar og andre medium byrjar å ope stille spørsmål ved 9/11, så er det dette Weldon-intervjuet til Carlson, den tidlegare Fox News-programverten, som kan starte ein domino-effekt, ettersom sanninga om 9/11 blir tryggare og meir akseptabel å snakke om. Også etablissementets taktikk med å kalle dei som set spørsmålsteikn ved 9/11 «konspirasjonsteoretikarar» blir mindre og mindre effektiv i å marginalisere folk med andre meiningar.
Dette er sjansen som 9/11 Truth-rørsla har kjempa for! Det er ein sjanse vi ikkje bør la passere.
Omsett av Monica Sortland
https://www.ae911truth.org/news/1061-weldon-carlson-interview-reaching-millions
Craig McKee skriv for Architects & Engineers for 9/11 Truth og har oppretta bloggane Truth and Shadows og Thought Crimes and Misdemeanors. Han er også programvert for podcasten Truth and Shadows på YouTube og Rumble.
Forsidebildet er KI-generert