Derimot: Tsjekkia og fødselsrater: Vaksinerte kvinner får langt færre barn enn uvaksinerte. – Derimot
derimot.no:
Data frå Republikken Tsjekkia: Vaksinerte kvinner har 66% mindre sjanse for å få barn enn uvaksinerte kvinner
Men i USA held CDC fram med å tilrå gravide kvinner å ta COVID-vaksinar.
av Steve Kirsch

Global Research, 4. februar, 2025
Steve Kirsch’s newsletter 2 February 2025
Samandrag
I 2023 vart det fødd omlag 114 barn per tusen uvaksinerte kvinne i alderen 18–39. Berre omlag 42 barn vart fødde av vaksinerte kvinner per tusen vaksinerte kvinner i alderen 18–39. Kjelde.
Med andre ord: i 2023 i Den tsjekkiske republikken (der dei nøye fører opp sikkerheitsdata) er det for vaksinerte kvinner 66% mindre sannsynleg at dei får barn, samanlikna med uvaksinerte kvinner.
Det er ein katastrofe.
Men styresmaktene vil ikkje ta skulda for det, så dei snakkar ikkje om det, og dei sikrar seg at ikkje media dekker det. Dei hevda at det er normalt for fødselsratar å minke, og DEI NEMNER IKKJE at fødselsrateskilnaden mellom vaksinerte og uvaksinerte held fram med å stige.
I mellomtida rekommanderer CDC framleis COVID-skota for gravide kvinner her i USA.
Tydelegvis er det ingen av senatorane som har noko problem med desse dataa, sidan det ikkje vart tatt opp under RFK si stadfestingshøyring kva han ville gjere for å stoppe dei underlege tilrådingane til CDC. Eg lurer på korleis USAs senatorar ville ha forklart fødselsrate-divergensen.
.

.
Sjå desse to artiklane:
- Ifølge folketellinga i 2021 var det ca 1 296 000 kvinner i alderen 18–39. Altså i fruktbar alder. Av desse kvinnene hadde ca 875 000 blitt vaksinert med minst éin dose av Covid-vaksinen innan slutten av 2022 (ca 68% av den aktuelle befolkninga), og ca 421 000 (32%) hadde ikkje blitt vaksinert. Ifølge data frå Institute of Health Statistics, var det totalt 84 525 fødslar i denne aldersgruppa i 2023, og av desse var 36 326 av mødrene vaksinerte med minst éin dose av Covid-vaksinen før tidspunktet for fødselen (43%), og 48 199 fødslar vart gjort av uaksinerte kvinner (57%). Så det er ein odds ratio på OR= 0,57, det vil seie at vaksinerte kvinner hadde 43% lågare sannsyn for å føde enn uvaksinerte kvinner.
- I 2023 vart det endå verre: OR=0,34 som er 66% lågare sannsyn. Så ting blir verre.
Fallande fødselsrate: korreksjon av feila til den tsjekkiske statsministeren.
Sjekk ut denne kommentaren frå Hana i Den tsjekkiske republikken: Kjelde.
Eg er frå den tsjekkiske republikken (uvaksinert). Først har eg eit lite tillegg til artikkelen din.
Reservasjonar for ein spesifikk «vaksine» var mogleg via eit online reservasjonssystem som kom i drift cirka 2 månadar etter starten på vaksineringskampanjen.
Eg har ein annan studie til deg frå Den tsjekkiske republikken, som handlar om dei rekordlåge fødselsratane.
Studien viser at fødselsraten har falle betydeleg blant vaksinerte kvinner.
68% av kvinner mellom 18 og 39år i Den tsjekkiske republikken er vaksinerte, men i 2023 stod dei for færre enn 43% av fødslane.
32% av kvinner mellom 18 og 39 år er uvaksinerte, og déi står for 57% av fødslane.
Sjølv om berre rundt ein tredel av kvinnene er uvaksinerte, var det flest fødslar blant uvaksinerte kvinner.
Fødselsraten blant vaksinerte kvinner har hatt eit veldig skarpt fall.
Under finn du linkar til spesifikke artiklar om emnet, men du må få dei omsett (dei står på tsjekkisk):
Regjeringa vår er ikkje interessert; statsministeren sa det var ein «konspirasjonsteori».
Den regjeringa vi har her i landet no liknar Demokratane i USA (søppel).
Vi skal ha val no i september, men den neste regjeringa blir den same som tvinga på oss «vaksinar», så déi har heller inga interesse av å få dette granska.
Mainstream-media, som promoterte «vaksinar», er sjølvsagt óg stille.
Og uavhengige medium blir sensurerte av EU, blir utsette for diskriminering i søkemotorar og på sosiale nettverk.
Derfor håpar eg at denne informasjonen, takka vere RFK, vil nå fram til den amerikanske mainstream’en, og derifrå også nå Europas mainstream.
Oppsummering
Eit fall på 66% for sannsynet for å få barn, er starten på ei eksistensiell krise. Dette er offisielle data frå styresmaktene. Dei nektar ikkje for desse tala. Dei berre forsikrar oss om at det ikkje er noko å uroe seg over.
På same måten vil medlemmar av Kongressen i USA, med unntak av senator Ron Johnson, også ignorere dette og hevde at vaksinane er trygge og effektive.
Det er derfor vi absolutt treng å få stadfesta RFK Jr. [som helseminister, mrk.]. Vi får ikkje fiksa helsa i USA ved å halde fram med å gjere dei same gamle tinga igjen og igjen og forvente eit anna resultat.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebildet er KI-generert