Derimot: Trump prøver å manøvrere i ureint farvann. Zelensky ødelegger for seg selv. – Derimot
derimot.no:
Vi er litt seint ute med denne artikkelen og når vi skriver dette er det fortsatt uklart hva Trump vil gjøre etter at Zelensky var dum nok til blankt å avvise avtaleforslaget til fredsavtale som USA har lagt fram. Han skulle latt Russland avvise det, for det var heller ikke spiselig for dem. Men nå er det hans som sitter med skylden og han har gitt USA gode grunner til å trekke støtten.
Når det gjelder Iran-forhandlingene er jeg mindre optimistisk. Jeg tror Israel vil sørge for at disse ikke kommer i mål, men vi får se.
Knut Lindtner
Redaktør
Onsdag, eit vass-skille for fred i Ukraina og atomavtale med Iran

Onsdag blir ein svært aktiv dag på den diplomatiske fronten med tanke på Ukraina og Iran. La oss starte med Ukraina. New York Times skriv:
Utanriksminister Marco Rubio bestemde seg på tysdag for å droppe neste steg i dei ukrainske våpenkvileforhandlingane, mens Ukraina avviste eitt av president Trump sine viktigaste forslag til ein avtale som ville stanse kampane med Russland.
Forhandlarar frå USA, Europa og Ukraina vil likevel møtast i London på onsdag for å fortsette med å hamre ut eit våpenkvileforslag. Men rygg-til-rygg-utviklinga erbbel nedtur og reiser nye spørsmål om kor mykje progresjon som blir gjort i arbeidet med å trappe ned den tre år lange krigen.
Det korte svaret er … null progresjon. Rubios fråsegn førre veke etter eit møte med Ukraina i Paris, var at med mindre det blir framgang i fredsforhandlingane denne veka så vil USA trekke seg ut av prosessen og overlate det til europearane og Ukraina å avgjere korleis ein skal få slutt på krigen i Ukraina. Møtet i London skal visstnok fokusere på Kellogg Planen, som faktisk vart skriven av ein tidlegare CIA-mann, Fred Fleitz, i april 2024, men ber namnet Kellogg. Her er hovudpunkta i denne planen:
I sin artikkel i Foreign Affairs i april 2023, føreslo Richard Haass og Charles Kupchan at i byte mot å rette seg etter ein våpenkvile, ei demilitarisert sone og deltaking i fredsforhandlingar, kan ein tilby Russland ei avgrensa lette i sanksjonane. Ukraina vil ikkje bli bedd om å gi opp målet med å gjenvinne heile territoriet sitt, men dei vil gå med på å bruke diplomati, ikkje makt, med forståing for at dette vil kreve eit framtidig diplomatisk gjennombrot, noko som sannsynlegvis ikkje vil skje før Putin går av som president. Innan det skjer vil USA og deira allierte love å berre fullt ut oppheve sanksjonane mot Russland og normalisere relasjonane dersom Russland signerer ein fredsavtale som Ukraina finn akseptabel. Vi krev også at det vert innført avgifter på russisk energisal som skal brukast til å betale for gjenoppbygginga av Ukraina.
Ved å gjere det mogleg for Ukraina å forhandle frå ein styrkeposisjon, samtidig som Russland blir informert om konsekvensane viss dei ikkje rettar seg etter vilkåra i framtidige fredsforhandlingar, kan USA implementere ein framforhandla slutt-tilstand med vilkår som er i tråd med USAs og Ukrainas interesser. Ein del av denne endetilstanden bør inkludere foranstaltningar til å etablere ein langsiktig sikkerheitsarkitektur for Ukraina sitt forsvar som fokuserer på bilateralt sikkerheitsforsvar. Å inkludere dette i ein fredsavtale mellom Russland og Ukraina, tilbyr ein veg frm mot langsiktig fred i regionen og eit verkty til å hindre framtidig fiendskap mellom dei to nasjonane.
Ifølge fleire pressereportasjar inkluderer nøkkelpunkta i planen ein våpenkvile på plass, anerkjenning av Krim som russisk territorium og ein høgtidssam lovnad om å aldri invitere Ukraina til å bli medlem av NATO. Sjølv om Zelensky skal ha avvist den biten som handlar om Krim, ser eg ikkje bort ifrå at protestane hans kan bli ignorerte og at London-møtet vil produsere ei semje om å halde fram med Kellogg-planen … ikkje fordi den ukrainske delegasjonen og europearane trur den er levedyktig, men fordi dei antar at Russland kjem til å avvise den og få skulda for sabotering av fredsavtalen.
Steve Witkoff skal visstnok følge hr. Kellogg til møtet, og det blir hans plikt å ta forslaget med til Moskva og legge det fram for president Putin. Sørstatsfolka har eit ordtak: den hunden vil ikkje jakte. Kellogg-planen ligg daud så snart den landar i Moskva. Alle diplomatane og militærleiarane til din russiske styresmaktene, ikkje berre Putin, har uttalt at republikkane Donetsk, Lugansk, Kherson og Saporosje (Zaporhyzhia) no er og vil forbli russiske republikkar. Det er ikkje ope for forhandlingar.
Russland vil heller ikkje gå i forhandlingar med Ukraina før Zelensky er vekk, hans dekret frå september 2022 som forbyr forhandlingar med Russland er oppheva, og ukrainske styrkar trekk seg ut av russisk territorium og stoppar alle militære operasjonar. Det blir ikkje første gong iWitkoff høyrer denne kravlista frå president Putin. Han er berre ein aktør i eit stykke politisk teater. Etter at russarane har avvist planen som heilt uaktuell, vil Witkoff informere president Trump: det er ingen avtale.
Men eg trur Witkoff også har til hensikt å bruke møtet med Putin til å diskutere måtar som Russland kan hjelpe til med å sikre ein avtale med Iran som vil garantere at Iran ikkje bygger eit atomvåpen. Som bringer meg til onsdagens møte som skal finne stad i Oman:
Delegasjonar frå Iran og USA har blitt samde om ein ny runde med tekniske forhandlingar på ekspertnivå, som skal haldast i Oman på onsdag den 23. april, sa Irans utanriksminister Abbas Araqchi til lokale medium i Teheran….
Les meir her: https://www.omanobserver.om/article/1169312/world/asia/us-iran-technical-talks-in-muscat-on-april-23
Dette er eit kritisk viktig møte. Det betyr at ekspertar på kjernefysisk anriking vil diskutere kva Vesten vil og kva Iran er budd på å gi opp. Den potensielle snublesteinen er uran som er anrika til mellom 5 og 20 prosent, på engelsk kalla High-Assay Low-Enriched Uranium (HALEU):
HALEU er definert som uran som er anrika til meir enn 5% og mindre enn 20% av isotopen U-235.
Uran som finst i naturleg form består hovudsakleg av to isotopar, U-235 and U-238. Produksjonen av energi i kjernereaktorar skjer med ‘fisjon’, eller spalting, av U-235-atom, ein prosess som frigjer energi i form av varme. U-235 er den viktigaste spaltbare isotopen av uran.
Naturleg uran inneheld 0,7% av U-235-isotopen. Dei resterande 99,3% er for det meste U-238-isotopen, som ikkje bidrar direkte til fisjonsprosessen. Dei fleste av reaktorane som er i drift i dag er lettvassreaktorar (av to typar – PWR og BWR) og krev at uranet er anrika frå 0,7% til 3-5% U-235 i drivstoffet. HALEU er nødvendig for mange avanserte kraftreaktordrivstoff, og kring tre fjerdedelar av SMR-designa under utvikling.
Her er kjernespørsmålet: Iranarane brukar HALEU til å produsere medisinske isotopar. Desse radioaktive isotopane blir produserte ved å bestråle mål via eit uran-235-produsert nøytron-felt. Kva er medisinske isotopar?
Medisinske isotopar, eller radionuklidar, er radioaktive material brukt i nukleærmedisin. Spesialistar på nukleærmedisin brukar dei til å stille diagnosar og behandle ulike sjukdommar, inkludert kreft.
Medisinske isotopar dannar basisen – den aktive substansen – for nukleærmedisin. Den medisinske isotopen er knytt til målsøkande beremolekyl. Det gjer at den radioaktive substansen kan fraktast til rett plass i kroppen. Der strålar den radioaktive substansen ut det vi kallar ioniserande ‘radioaktiv’ stråling.
Dette blir truleg eit av hovudemna som ekspertane vil diskutere under onsdagens møte i Oman. Dei vil førebu ein rapport, vonleg eit fellesutkast, som vil bli lagt fram for hovudforhandlarame på laurdag. Utfallet av desse samtalane vil avgjere om USA bestemmer seg for å gå til krig mot Iran eller ikkje.
Eg spelte inn ein monolog om dei komande forhandlingane. Den er berre ni minutt lang: https://youtu.be/hp3ULOUbCVw
Omsett av Monica Sortland
Forsidebildet er KI-generert