Derimot: Trenger klimasaken nye frontfigurer?Er Greta Thunberg oppbrukt?

derimot.no:

Greenpeace kjem til å droppe Greta

Av Martin Armstrong, Armstrong Economics. Omsett av og henta frå saksyndig.

Der sirkulerer rapportar om at Greenpeace snart kjem til å droppe sitt posterbarn for klimaendring, Greta Thunberg. Den svenske aktivisten vart kasta ut i berømmelse og vart berykta for lidenskapelege talar som ho sannsynlegvis vart tvinga til å lese og tru på. Klaus Schwab hadde til og med den unge jenta med i filmen sin, The Forum, for å promotere Agenda 2030.

Greta er no 19 år, og ikkje lenger den perfekte, barnlege marionetten med musefletter og uskuld. Eg åtvara at foreldra hennar visstnok manipulerte denne jenta for å sjølv tene på ho. Ho lid av autisme og depresjon, og foreldra hennar sa offentleg at å sende ho på paradar rundt om i verda var «medisin» for plagane hennar. Det høyrdest meir ut som utnytting.

Som vaksen avvik ho frå manus. I fjor sa ho at demokrati burde bli prioritert framfor klimaendring i eit trekk som gjorde hjelparane hennar sinte. Ved eit uhell delte ho eit bilete av «føreslegne innlegg» som hjelparane hennar bad ho dele i ymse sosiale medieplattformer. Greta kom til og med i elden med den indiske regjeringa etter at ho vart sett med popstjerna Rihanna som byrja å promotere protesten til dei indiske bøndene.

Ein snakkar no om at klimaendringsfolkken planlegg å kvitte seg med tenåringen. Andre aktivistar har byrja å offentleg kritisere ho, som aldri ville ha skjedd då ho var omringa av Al Gore, Jennifer Morgan og deira likesinna. «Sidan byrjinga har vi sagt at vi ønskjer å vere hierarki-fri – og likevel såg mange på Greta som ein leiar,» sa sveitsiske Jann Kessler. Andre har jamra seg over at ho ikkje var den fyrste til å protestere mot vêrsyklusen.

Til dei vaksne som misbrukte denne uskuldige jenta – korleis våger de!

Forsidebilde: Tobias Rademacher

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 20

Les artikkelen direkte på derimot.no

You may also like...