Derimot: Til tross for folkelige protester: Zelensky lot store utenlandske selskaper kjøpe jorda i Ukraina.
derimot.no:
Av F. William Engdahl, 18.august 2022. Omsett av og henta frå saksyndig.
Eit stort humanitært ramaskrik i seinare veker som krev den trygge sendinga av ukrainsk korn for å lette på svoltkrisa i Afrika og andre stader, er svikefullt på mange nivå. Ikkje minst er kven som eig landet der kornet veks, og kor vidt det kornet i røynda er ulovleg, GMO-patentert korn og andre korntypar. Eit korrupt Zelensky-regime har i det stille gjort avtalar med dei større GMO-landbruksbusiness-selskapa i Vesten, som i musestille har drive og teke kontroll over noko av verdas mest produktive «svart jord»-jordbruksland.
CIA sitt 2014-kupp
I februar 2014 tvinga eit statskupp støtta av den amerikanske regjeringa den valde presidenten i Ukraina til å flykte for livet til Russland. I desember 2013 hadde president Viktor Janukovich annonsert etter fleire månaders debatt, at Ukraina ville slutte seg til den Russiske eurasiske økonomiske union utifrå lovnader om eit 15 millionar dollars russisk kjøp av ukrainsk statsgjeld og 33% reduksjon i kostnaden av importert russisk gass.
Det konkurrerande tilbodet hadde vore eit trivielt «tilslutta medlemsskap» i EU bunde til Ukraina sin aksept av eit drakonisk IMF [Det internasjonale pengefondet] og Verdsbank-lånepakke som ville ha tvinga gjennom privatiseringa av Ukraina sitt uvurderlege landbruksland, tillate dyrkinga av GMO-avlingar, so vel som å påføre alvorlege kutt i pensjon, og sosialt tronge kår. I byte mot eit lån i IMF på 17 milliardar, ville Ukraina òg ha måtte heve personleg inntektsskatt med so mykje som 66% og betale 50% meir for naturgass. Arbeidarar ville ha måtte arbeide ti år lenger for å få pensjon. Målet var å opne Ukraina opp for «utanlandsk investering». Den vanlege IMF-valdtekta av økonomien på vegner av globalistiske konsern-interesser.
Ein nøkkelprovisjon i USA og IMF sine krav rundt post-kupp-regjeringa til USA-utvalde statsminister Arseniy Jatsenjuk, ein leiar av den CIA-støtta Maidam-protesten mot Janukovich, var å endeleg opne Ukraina sitt rike landbruksland til utanlandske landbruksbusiness-kjemper, framfor alt GMO-kjemper inkludert Monsanto og DuPont. Tre stykker i Jatsenjuk-kabinettet, inkludert viktige finans- og økonomiministrar, var utanlandske statsborgarar, diktert av Kiev av det amerikanske statsdepartementets Victoria Nuland og dåverande visepresident Joe Biden. Dei Washington-påførte IMF-lånevilkåra sette som krav at Ukraina òg skulle trekkje tilbake forbodet sitt mot genetisk konstruerte avlingar, og late private selskap slik som Monsanto plante sine GMO-frø og spraye åkrane med Monsanto sin Roundup.
Sidan Ukraina erklærte uavhengigheit frå Sovjetunionen i 1991, har det å bevare kontrollen over Ukrainas verdifulle «svarte jord» vore eit av dei heitaste temaa i innanrikspolitikken. Nylege spørjeundersøkingar viser at 79% av ukrainarar ønskjer å beskytte landet sitt mot å bli overteke av utanlandske aktørar. Ukraina, som sørlege Russland, inneheld verdifull svart jord eller chernozems, eit mørkt, humus-rikt jordsmonn som er særs produktivt og treng lite kunstgjødsel.
2001-moratoriet
Ein ukrainsk lov frå 2001 påførte eit moratorium på privat sal av jordbruksland til større selskap eller utanlandske investorar. Moratoriet bestod i å stogge oppkjøp gjort av korrupte ukrainske oligarkar og deira utlån til utanlandske landbruksaktørar av det rike jordbrukslandet. Innan då hadde Monsanto og andre vestlege landbruksaktørar bana betydeleg veg inn i Ukraina.
Då Ukraina forlét Sovjetunionen i 1991, vart bønder som hadde jobba på dei kollektive sovjetiske jordbruka gjevne små parsellar av landet. For å hindre sal av parsellane til svoltne utanlandske jordbruksaktørar, vart 2001-moratoriet stemt inn. Sju millionar ukrainske bønder skulda små parsellar på til saman 79 millionar acres [om lag 319 700 kvadratkilometer; oms.an.]. Dei gjenverande 25 millionar acres [vel 101 000 kvadratkilometer] vart eigd av staten. Dyrking av GMO-avlingar var strengt forbode.
Trass moratoriet, byrja Monsanto, DuPont, Cargill og andre vestlege GMO-forsynarar å i hemmelegheit og på ulovleg vis å spreie sine patenterte GMO-frø i den svarte jorda i Ukraina. Små landeigarar ville leige ut landet sitt til store ukrainske oligarkar, som i sin tur ville inngå hemmelege avtalar med Monsanto og andre om å plante GMO-mais og soyabønner. Innan slutten av 2016 ifølgje ein no sletta rapport frå det amerikanske landbruksdepartementet, vart rundt 80% av ukrainske soyabønner, og 10% av maisen, dyrka ulovleg frå genetisk modifiserte frø. Zelensky sin lov frå 2021 har late denne opne døra til GMO bli enormt utvida.
Og inn kjem komikaren
I mai 2019 vart Volodymyr Zelensky, ein ukrainsk TV-komikar og protesjé av den notorisk korrupte ukrainske oligarken Igor Kolomoisky, valt til president i eit tragisk populært opprør «mot statleg korrupsjon». Ei av Zelensky sine fyrste handlingar i 2019 var å prøve å avskaffe landmoratoriet av 2001. Bønder og borgarar samla seg i digre protestar gjennom 2020 for å blokkere endringane som Zelensky hadde føreslått.
Endeleg, ved å utnytte covid-restriksjonane og forbodet mot offentlege demonstrasjonar, signerte Zelensky i mai 2021 Lovforslag nummer 2194, som deregulerte land, og kalla det «nøkkelen» til «jordbrukslandsmarknaden». Han hadde rett. I eit listig trekk for å roe ned opposisjonen blant bønder, hevda Zelensky at den nye loven berre lét ukrainske borgarar kjøpe eller selje det verdifulle jordbrukslandet dei fyrste åra. Han nemnde ikkje det enorme smutthòlet som lét utanlandsk-eigde selskap som Monsanto (i dag del av Bayer AG) eller DuPont (no Corteva), eller andre selskap som hadde operert i Ukraina i meir enn tre år, å òg kjøpe det ettertrakta landet.
2021-loven gav òg eigarskap til notorisk korrupte kommunale og landsby-styresmakter som kan endre føremålet til landet. Etter januar 2024 kan ukrainske borgarar so vel som konsern kjøpe opptil 10 000 hektar land. Og eit tillegg frå april 2021 til landmarknadsloven – «Vedrørande tillegg til land-koden til Ukraina og andre lovgjevande vedtak relatert til forbetringa av styresystemet og deregulering i feltet landrelasjonar» – opna eit anna digert smutthòl for utanlandske landbruksaktørar å ta kontroll over den rike ukrainske svartjorda. Tillegget går utanom forbodet om sal av land til utlendingar ved å endre føremålet til landet, til dømes frå avlingsland til kommersielt land. Zelensky signerte lovforslaget og gjekk tilbake på lovnaden han gjorde under kampanjen om å halde ei nasjonal avstemming på noka slags endring i eigarskapen av land.
Om det burde vere nokonsom helst tvil om kva interesser amerikanske GMO-tilknytte landbruksaktørar har i å grafse til seg utmerka ukrainsk jordbrukslnad, er ein titt på det noverande styret av direktørar i det amerikanske Ukraine Business Council vere instruktivt. Det inkluderer den største korn- og landbrukskjempa i verda, Cargill. Det inkluderer Monsanto/Bayer, som eig patenterte GMO-frø og den dødelege skadedyrgifta Roundup. Det inkluderer Corteva, den digre GMO-samanslåinga av DuPont og Dow Chemicals. Det inkluderer med-kartellgigantane Bunge og Louis Dreyfus. Det inkluderer den digre konstruktøren av jordbruksutstyr John Deere.
Desse var dei mektige landbrukskonserna som visstnok stod bak Zelensky sitt bedrag av valløftet sitt. Med Bayer/Monsanto, Corteva og Cargill som allereie kontrollerte etter seiande 16,7 millionar hektar av utmerka ukrainsk svartjords-jordbruksland, og med ein de facto bestikkelse frå IMF og Verdsbanken, gav Zelensky si regjering etter og selde seg ut. Resultatet vil vere svært dårleg for framtida av kva som inntil nyleg var «brødkorga til Europa». Med eit Ukraina som no blir rive ope av GMO-kartellselskap, etterlét det berre Russland som forbaud GMO-avlingar i 2016 som den einaste større forsynaren av korn utan GMO. EU jobbar visstnok på ein ny lov som vil avskaffe den veletablerte kritiske godkjenningsprosessen for GMO-avlingar, og opne demningane der til GMO-overtakinga.
http://www.williamengdahl.com/englishNEO18August2022.php
Forsidebilde iStock
1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.
Post Views: 1