Derimot: Tidligere-CIA Larry Johnson spør: Hvem styrer USA? – Derimot
derimot.no:
Judge Napolitano og eg diskuterer Trump-attentatet, medan Joe og Kamal dumpar Netanyahu
av Larry Johnson, 22 juli, 2024
Eg fortalde Judge før sendinga at Kongressen har godkjent ei lov som forbyr han å ta ferie i framtida. Avgjerda hans om å sette av garde til Lake Cuomo for ein velfortent kvile framskulda visst at heile helvetet braut laus i USA. Han kjem tilbake på måndag, og det reduserer sjansen for at det skal bryte ut atomkrig. Herregud!
Den sittande Secret Service-direktøren, Cheatle, er ein vandrande katastrofe. Eg byrjar tru at ho er etterkomar av avdøde Stonewall Jackson, for ho har gjort «stonewall’ing» til ein kunstart. Men ho sørga i alle fall for ei viss semje i Representanthuset. Eg såg litt av høyringa, og vart angripen av både Demokratar og Republikanarar. Sjølv den ultravenstrevridde Dan Goldman frå New York City hamra laus på ho. Eg spytta nesten kaffi gjennom nasa då han skjelde ho ut.
Huset og Senatet treng å utnemne ein granskingskomite som kan ta hand om denne saka. Det finst plenty med pensjonerte, pålitelege eks-Secret Service og FBI som kunne kallast inn for å gjere det undersøkande fotarbeidet som trengst for å bygge ei sak. Eg gjentar at eg trur det var eit komplott som involverte medlemmar av Biden-administrasjonen. Crooks kom ikkje på denne planen på eiga hand.
Eg er fullt ut klar over lyd-analysen som seier at meir enn eitt skytevåpen vart avfyrt. Problemet med desse opptaka er at lydsignaturen ikkje tydeleg kan identifisere om dei andre skota kom frå Secret Service, lokalt politi eller nokon andre.
Sjølv om eg trur at dette var eit organisert komplott for å drepe Trump, så var ikkje folka bak det svært kompetente. Kanskje svært vondsinna, men ikkje kompetente i å gjennomføre eit attentat. Altfor mange lause trådar. Til dømes: korfor bestemde CNN seg for å dekke akkurat dette valkampsarrangementet på direktesendt TV, når dei har ignorert tidlegare Trump-valkampsarrangement? Korfor hadde NY Times-fotografen innstilt kameraet sitt på høghastigheitsopptak og fanga eit bilde av ei av kulene i flukten? Rein flaks?
Fleire varslarar kjem til å stå fram, og narrativet om at Crooks var ein einsleg ulv med ein einmannsoperasjon kjem til å smuldre opp før Demokratane entrar Chicago for å finne ut kven dei skal velge til presidentkandidat. Kampen om å nominere nokon annan enn Kamala heitnar til og vil bli uhyggeleg under dei komande vekene.
Samtidig har vi Netanyahu sitt besøk til USA midt oppe i ståket i Det demokratiske partiet etter kuppet som kasta Biden ut av valkampen. Seint i ettermiddag kom nyheita om at Joe Biden og Kamala Harris nektar å møte Netanyahu, og at Harris ikkje vil vere til stades når han talar til Kongressen, sjølv om ho er president for Senatet. Dette vil visseleg gle dei som støttar den palestinske saka, men det vil hisse opp Demokratiske jødiske donorar som støttar sionismen. Det vil truleg auke støtta til Republikanarane og føre til fleire brot blant trufaste Demokratar.
Då Netanyahu landa i Washington i dag, var det ingen frå Det kvite hus eller utanriksdepartementet der for å helse han velkomen. Det sender ein kraftig bodskap som sannsynlegvis vil alarmere det israelske etablissementet. Sjå om ikkje Trump og Republikanarane vil tene på det. Og Demokratar som representerer jødisk-tette valkrinsar vil vere forbanna på Kamala. Akkurat det ho treng når ho prøver å sanke delegatrøyster til det komande landsmøtet.
Same kva du måtte meine om Biden eller Trump, er dette ein katastrofe både for USA og verda. USA er utan ror, og Biden er naken, lik keisaren utan klede. Folk i og utanfor USA lurer på kven i h*lvete som har styringa. Svaret er enkelt og alarmerande – ingen.
Omsett av Monica Sortland
Forsidebilde: Lexica