Derimot: Tidlegare Kvite hus-lege om Bidens mentale forfall: «Dei må forklare det amerikanske folket kva som skjer»

Derimot.no

derimot.no:

Henta frå InfoWars. Omsett av og henta frå saksyndig.

Biden-administrasjonen er ikkje ærlege med det amerikanske folket når det gjeld den noverande presidenten sitt kognitive forfall, seier tidlegare lege i Det kvite hus under Obama, Ronny Jackson.

Legen, som no er republikansk representant i Huset for Texas, fortalde Fox Business’ Maria Bartiromo etter sist helg at der er talrike indikasjonar på at Biden er psykisk uskikka til å vere president.

«Du veit, det har berre blitt verre og verre sidan han var kandidat Joe Biden,» sa Jackson då han vart spurt om si meining om den «mentale kapasiteten» til presidenten.

For å illustrere poenget sitt, sette Jackson søkjelys på ei hending der Biden merkeleg nok gjekk hand i hand med Michigan-guvernør Gretchen Whitmer (Demokrat) då dei entra Detroit Auto Show sist veke.

«Då eg fyrst byrja å snakke om dette, hadde det amerikanske folket ei rekkje spørsmål om mykje av den bisarre åtferda hans, og denne hand-haldingshistoria er berre éi av dei. Måten han diktar opp historier, og han driv og fortel dei historiene som alle har dokumentert er usanne – det skjer temmeleg ofte,» sa Jackson. «Han har desse emosjonelle utbrota. Han subbar med beina når han går. Han har snøvlete diksjon. Han ser alltid skjør og skrøpeleg ut. Eg trur det berre blir verre og verre.»

Den tidlegare Kvite hus-legen, som tidlegare gav president Donald Trump ein plettfri legeattest og kommenterte dei «utrulege genane» hans, sa deretter at Demokratane og media har stadig større problem med å skjule, eller bortforklare dei nesten daglege blunderane til Biden.

«Eg trur at Demokratane og hovudstraumsmedia no byrjar å seie ‘vi kan ikkje ignorere dette so veldig mykje lenger’. På eit eller anna tidspunkt må vi adressere dette, vi må forklare til det amerikanske folket kva som skjer, veit du,» fortalde Jackson Fox News’ Sunday Morning Futures.

«Eg lyt spørje dei fleire gonger om å sjå hans komplette legejournal, sånn at det amerikanske folket får sjå han utføre kognitive testar, slik president Trump har gjort for å forsikre det amerikanske folket om at han kan gjere dette, fordi vi er på veg ned… langs ein dårleg sti. Noko gale kjem til å skje her i landet sidan potensielle terroristar kryssar grensene våre, eller noko gale kjem til å skje i utlandet frå ståstaden til nasjonal tryggleik,» heldt han fram.

Legen, som tente medan Biden var visepresident til Obama, åtvara at med mindre Det kvite hus er ærlege overfor det amerikanske folket om Bidens dårlege psykiske helse, kan amerikanske liv vere i fare.

«Vi kjem til å få mange amerikanarar drepne. Og det er når folk verkeleg ønskjer å grave og sjå kva som skjer. Det vil vere for seint då. Vi må forsikre oss om at han kan gjere jobben sin. Og eg trur ærleg tala ikkje at han kan det.»

Forsidebilde. Roman Melnychuk

1 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 1 ganger.

Post Views: 14

Les artikkelen direkte på derimot.no