Derimot: Tiden renner fort ut for grådige vesten. Snart er 500 år med plyndring av andre forbi. – Derimot
derimot.no:
Vestens tid er over
Svein Grødaland: Exit Vesten?
Dei vestlege landa har vore overlegne i nokre hundre år. Vesten har vore litt flinkare på ein del område; som teknologi, militær kapasitet, bedre skipsfart, kort sagt vore litt flinkare på det som har vore viktig: Evne og vilje til makt.
Nå held dette på å rakna.
Vesten har falle for sitt eige grep; grådighet.
Me har overlete mykje av vår produksjon til land som kan produsera billigare enn kva me kan sjølv. Det er i prinsippet same tankegangen som låg bak slaveriet; Utnytta andre til eigen fordel. Dette har straffa seg.
Bedriftene har lete billig arbeidskraft i Asia gjera jobben, med alt frå skipsverft til klede.
Asiatane har nytta tida godt. Det gjekk ikkje lenge før dei kunne produsera desse tinga billigare og bedre enn oss. Japan, Sør-Korea og Kina lagar bilar billigare og bedre enn Europa og USA. Tyske kamera (Leica, Rollei, Voigtländer) er erstatta av japanske merke. Og så vidare. Me er kort og godt akterutseilt på område etter område. Og, me har bidrege til det ved å la Asia produsera for oss.

Det me har att, er pengebransjen, investorar, spekulantar, fondforvaltarar. Desse produserer ingen verdens ting. Corina-tida viste kven som er ryggrada i samfunnet. Helsepersonell, reinhald, ordensmakt.
Krisa grin oss i møte. Europa er i grunnen ein fattig verdsdel. Me har levd høgt på andre sine ressurser. Kolonitida, som ennå ikkje er heilt over. Råvarene er få. Me treng å kjøpa dei frå andre.
Me held på å tapa ein krig i Ukraina. Nato vaklar. EU bygger luftslott, løyver store summar til våpen som ikkje let seg produsera før om mange år. I mellomtida må me nøya oss med det forsvaret me har, eit forsvar som er godt nok mot ein fiende som ikkje er nokon fiende.
Ja, me treng ei kystvakt, eit heimevern som kan løysa mindre oppgåver, eit luftforsvar langs grensene våre. Vårt forsvar må i sin natur vera defansivt, retta mot angrep på vårt territorium.
Det me har av militærvesen, er alt for mykje retta mot operasjonar i utlandet, operasjonar som ikkje har noko å gjera med Nato sitt opphaveleg oppdrag.
Hovmod står for fall. Me har i århundrer vore overlegne. Me har velta oss i vår tilrana rikdom. Den tida er over.
Innlegget er hentet fra Politikus
Forsidebilde: Raamin ka