Derimot: Thierry Meyssan:Vil Zelensky bli ofra når USA trekk seg frå Ukrainakonflikten?

Derimot.no

derimot.no:

Zelensky lurt i fella av Moskva og Washington

av Thierry Meyssan

Utviklinga til maktbalansen på den ukrainske slagmarka og den tragiske episoden G20 på Bali markerer ei vending i situasjonen. Om Vesten enno skulle tru at dei snart vil slå Moskva, så har altså USA starta hemmelege forhandlingar med Russland. Dei førebur seg på å sleppe taket på Ukraina og legge skulda på Volodymyr Zelensky aleine. Som i Afghanistan, vil oppvakninga bli brutal.

Den ukrainske presidenten snakker til G20-møtet

Eg snakka med ein opensinna leiar av Det europeiske parlamentet i Brussel for ti dagar sidan, og eg høyrde på at han fortalde meg at den ukrainske konflikten visseleg var kompleks, men at det mest openberre var at Russland hadde invadert landet. Eg svarte med å seie at folkeretten forplikta Tyskland, Frankrike og Russland til å implementere resolusjon 2202, noko Moskva var aleine om å følge opp. Vidare minna eg han på ansvaret med å forsvare folk i tilfelle regjeringa deira sviktar. Han avbraut meg og spurde: «Viss regjeringa mi klagar på lagnaden til folket i Russland, og angrip det landet, vil du meine det er normalt?» Ja, svarte eg, viss du har ein resolusjon frå Sikkerheitsrådet. Har du ein? Forbløffa bytta han emne. Tre gongar spurde eg han om vi kunne snakke om dei ukrainske «integrerte nasjonalistane». Tre gongar nekta han. Vi skildest åt på høfleg vis.

Logoen til Azov-bataljonen med stedsnavnet Azov skrevet med det ukrainske kyrilliske alfabetet (Азов) og med varghake. Varghaken er et gammelt heraldisk tegn som har blitt et symbol på tredje posisjons politikk. Det er meget vanskelig for vestlige politikere å snakke om denne rasistiske brigaden.

Spørsmålet om ansvar for å forsvare [R2P] burde ha vore nyansert. Dette prinsippet gir ikkje løyve til krig, men til ein politioperasjon utført med militære middel. Derfor er Kreml varsam med å referere til konflikten som «krig», men i staden ein «spesiell militær operasjon». Begge talemåtane refererer til same røynd, men ein «spesiell militær operasjon» set grenser for konflikten. Så snart troppane hans entra Ukraina, sa Russlands president Vladimir Putin klart og tydeleg at han ikkje hadde til hensikt å annektere territoriet, men berre å frigjere folka som var forfølgde av dei ukrainske «nazistane». I ein tidlegare, lang artikkel påpeika eg at om uttrykket «nazistar» er korrekt i historisk forstand, så samsvarer det ikkje med det desse folka sjølva kallar seg. Dei brukar omgrepet «integrerte nasjonalistar». Vi må ikkje gløyme at Ukraina er den einaste staten i verda som har ei eksplisitt rasistisk grunnlov.

Det faktum at folkeretten er i Russlands favør, betyr ikkje at dei har blankofullmakt. Alle må kritisere måten dei brukar lova på. Vesten vil alltid kalle Russland «asiatisk», «usivilisert» og «brutalt», sjølv om dei sjølve har vore langt meir destruktive i mange tilfelle.

Vendinga av situasjonen

No som Russlands og Vestens synspunkt er avklarte, er det tydeleg at fleire hendingar har ført til ei vending i Vesten.

 Vinteren startar, ein tøff sesong i sentral-Europa. Folket i Russland veit, sidan Napoleons invasjon, at dei ikkje kan forsvare eit så stort land. Derfor lærde dei å dra nytte av storleiken og årstidene til å slå angriparane. Om vinteren er fronten frosen i fleire månadar. Alle kan sjå, i motsetning til diskursen om at russarane er slått, at den russiske arméen har frigjort Donbas og delar av Novorussia.

 Før vinteren kom, trekte Kreml ut dei frigjorde folka som budde nord for Dnepr, og deretter trekte dei ut arméen og gav opp den delen av Kherson som ligg på nord-banken av Dnepr. For første gong markerer ei naturleg grense, elva Dnepr, ei grense mellom Kiev-kontrollerte territorium og Moskva-kontrollerte. Under mellomkrigsperioden var det fråværet av naturlege grenser som fekk den eine makta etter den andre til å falle. No er Russland i posisjon til å halde fram.

 Sidan starten av konflikten har Ukraina kunna stole på uavgrensa støtte frå USA og deira allierte. Men mellomvala i USA har fjerna Biden-administrasjonen sitt fleirtal i Representant-huset. Frå no av vil Washington si støtte bli avgrensa. Den europeiske unionen har også funne sine grenser. Folket i EU skjøner ikkje dei stigande energi-prisane, stenginga av fabrikkar og at dei ikkje lenger kan varme opp heimane sine på normalt vis.

brown monkey outdoor during daytime
Hvorfor skal Folk i Europa fryse for et land som er svært korrupt som de ikke er i allianse med?

 Etter å ha beundra skodespelaren Volodymyr Zelensky sine talent som kommunikator, har dei no i visse maktsirklar byrja undre seg over rykta om hans brått oppstandne formue. På åtte månadar med krig vart han milliardær. Insinuasjonane lar seg ikkje bevise, men skandalen med Padora-papira (2021) gjer det truverdig. Er det verkeleg nødvendig å blø ihjel, for å sjå at støtta når fram til Ukraina, men forsvinn i offshore-selskap?

Anglo-saksarane (dvs. London og Washington) ønska å gjere G20 på Bali til eit anti-russisk toppmøte. Dei hadde først lobba for at Moskva skulle ekskluderast frå gruppa, slik dei greidde med G8. Men viss ikkje Russland hadde kome, ville heller ikkje Kina – den desidert største eksportøren i verda – ha dukka opp. Så ein gav franskmannen Emmanuel Macron oppdraget å få dei andre landa til å underskrive ei blodig erklæring mot Russland. I to dagar forsikra Vestens nyheitsbyrå om at saka var i boks. Men til sist, i den endelege erklæringa som summerte opp Vestens synspunkt, vart debatten konkludert med desse orda: «Det var andre synspunkt og ulike vurderingar av situasjonen og sanksjonane. Når ein tar omsyn til den kjensgjerninga at G20 ikkje er rette forum til å løyse sikkerheitsproblem, veit vi atsikkerheitsspørsmål kan få signifikante konsekvensar for den globale økonomien.» Med andre ord: for første gong har Vesten mislykkast i å tvinge sitt verdssyn på resten av verda.

Fella

Verre: Vesten tvang fram ein video-intervensjon av Volodymyr Zelensky, slik dei hadde gjort den 24. august og 27. september 27 i FNs Sikkerheitsråd. Men medan Russland forgjeves prøvde å få stoppa det i september i New York, aksepterte dei det i november på Bali. I Sikkerheitsrådet braut Frankrike, som hadde presidentskapet, prosedyre-reglane då dei gav taletid til eit statsoverhovud via video. Indonesia derimot hadde ein absolutt nøytral posisjon på G20-møtet, og ville sannsynlegvis ikkje ha gått med på å gi han taletid utan Russlands samtykke. Det var openlyst ei felle. President Zelensky, som ikkje veit korleis desse organa fungerer, gjekk rett i fella.

Etter at han hadde karikert Moskva sin aksjon, kravde han at dei skulle ekskluderast frå … «G19». Med andre ord: den vesle ukrainaren gav ein ordre på vegner av anglo-saksarane til statsoverhovuda, statsministrar og utanriksministrar for dei 20 største verdsmaktene, og vart ikkje høyrd. I røynda handla ikkje disputten mellom desse leiarane om Ukraina, men om dei skulle underkast seg USA sin verdsorden eller ikkje. Alle dei Latin-amerikanske og afrikanske og fire av dei asiatiske deltakarane sa at dette herredømet var over; at verda no er multipolar.

Dei Vestlege deltakarane må ha kjent marka riste under føtene sine. Det var dei ikkje aleine om. Volodymyr Zelensky såg, for første gong, at sponsorane hans, som fram til no hadde vore absolutte overherrar i verda, let han i stikka utan å stusse for å kunne behalde på posisjonen sin litt lenger.

man driving Audi car on asphalt road
Det er ikke lenger vesten som har hendene på rattet.

Sannsynlegvis spelte Washington på lag med Moskva. USA innser at ting går dei imot på den globale arenaen. Dei vil ikkje nøle med å legge skulda på det ukrainske regimet. William Burns, direktøren for CIA, har allereie møtt Sergei Narysjkin, direktøren for SVR, i Tyrkia. Desse møta kom etter dei som Jake Sullivan, USAs nasjonale tryggleiksrådgjevar, hadde med fleire russiske embetsmenn. Men USA har ingenting å forhandle i Ukraina. To månadar før konflikten i Ukraina forklarte eg at kjernen av problemet ikkje hadde noko med dette landet å gjere; heller ikkje med NATO. Det handlar eigentleg om slutten på den unipolare verda.

Så det er inga overrasking at Volodymyr Zelensky nokre dagar etter G20-kilevinken motsa sine US-amerikanske sponsorar for første gong offentleg. Han anklaga Russland for å ha skote eit missil mot Polen, og heldt på sitt sjølv når Pentagon sa han tok feil, at det var eit ukrainsk anti-missil. For han galdt det å framleis agere i samsvar med Warszawa-avtalen som blei inngått den 22. april, 1920, mellom Symon Petliouras integrerte nasjionalistar og regimet til Piłsudski; for å pushe Polen til å gå til krig mot Russland. Dette var andre gong Washington ringde med klokka i øyra hans. Han høyrde den ikkje.

Sannsynlegvis vil ikkje desse motsetningane lenger manifestere seg i det offentlege rom. Vesten sine standpunkt vil mjukne. Ukraina har blitt åtvara: under dei neste månadane vil dei måtte forhandle med Russland. President Zelensky ckan planlegge flukta si no, for hans slagne landsmenn kjem ikkje til å tilgi han for sviket hans mot dei.

Thierry Meyssan

Omsett av
Monica Sortland

Redaksjonen har lagt til bilder m/tekst.

10 har lest innlegget i dag.
Innlegget er lest totalt 10 ganger.

Post Views: 19

Les artikkelen direkte på derimot.no