Derimot: Svindel i alle ledd: Det var aldri en farlig pandemi, men det var nok av farlige vaksiner. – Derimot
derimot.no:
Det var aldri noko «nytt korona-virus», det var aldri ein pandemi
Global Research, 31. august, 2024
Forfattarens melding til lesarane:
Denne artikkelen, som fokuserer på det såkalte nye korona-viruset (novel coronavirus), er blant dei viktigaste artiklane eg nokon gong har skrive.
Teksten er noko forenkla, og ber preg av sunn fornuft. Målet mitt er at artikkelen skal nå mange lesarar og bli diskutert på grasrotnivå, ikkje berre av vitskapsfolk og legar. Kompleksiteten til denne krisa er overveldande. Det er ikkje berre ei «Folkehelsekrise».
Verknaden er omfattande fordi artikkelen motbeviser og ugyldiggjer «alt» vedrørande Covid-pandemien. Inkludert politiske tiltak i samband med nedstengingane (Lockdown) og Covid-19-«vaksinen», for ikkje å nemne den illgjetne Pandemi-traktaten og Verdsøkonomisk forums «Great Reset».
Det offisielle «korona-narrativet» er bygd på ei «Stor løgn» som korrupte politikarar har støtta opp om.
Den «offisielle konsensusen» er ekstremt skjør. Vi vil bidra til at den kollapsar som eit korthus så snart som mogleg.
Det som til sjuande og sist står på spel, er verdien av eit menneskeliv og framtida til menneskeslekta.
«Du hadde rett. Vaksinane drep millionar av våre kjære,» sa Japans tidlegare innanriksminister, Kazuhiro Haraguchi.
Målet vårt er å redde liv, inkludert liva til nyfødde spedbarn som blir offer for Covid-19-«vaksinen».
Ved dette knutepunktet i historia er prioriteten vår å avkrefte fryktkampanjen og kansellere vaksinen (inkludert å forkaste den såkalte Pandemi-traktaten).
Forhåpentlegvis vil dette bane veg for utviklinga av ei verdsomspennande solidaritetsrørsle som stiller spørsmål ved legitimiteten til dei mektige finans-elitane («Big Money») som står bak dette skjendige prosjektet.
Kjære lesarar, sprei denne artikkelen vidt og breitt!
Michel Chossudovsky, Global Research, 5. desember, 2023, 10. juni, 2024, 31. juli, 2024
***
Introduksjon
Å destabilisere den sosiale, politiske og økonomiske strukturen til 190 suverene land, kan ikkje vere noka «løysing» til å bekjempe eit nytt koronavirus som på mystisk vis oppstod i Wuhan, Hubei-provinsen i Folkerepublikken Kina seint i desember 2019. Det var løysinga vi vart pådytta – implementert i fleire steg heilt frå starten – som førte til nedstenginga i mars 2020 og utrullinga av ein såkalla Covid 19-«vaksine» i desember 2020, som sidan innsettinga har resultert i ein stigande trend for overdød (excess mortality).
Det er øydelegging av liva til folk over heile verda. Det er destabilisering av sivilsamfunn.
Falsk vitskap støtta denne øydeleggande agendaen. Løgnene vart haldne oppe av ein massiv desinformasjonskampanje i media. 24 timar i døgnet, heile veka, fekk vi uopphøyrlege og gjentatte «Covid-varsel» i over tre år. Fryktkampanjen hadde ein svært øydeleggande effekt på folkehelsa.
Den historiske nedstenginga den 11. mars, 2020 utløyste økonomisk og sosialt kaos over heile verda. Det var eit brotsverk av typen økonomisk krigføring, ein krig mot menneskeslekta.
Det nye viruset: 2019-nCoV
Den offisielle historia er at det farlege NYE VIRUSET vart oppdaga i Wuhan, Hubei-provinsen, Kina i desember 2019. Det fekk tittelen 2019-nCoV, som står for «2019 New/Novel (n) Corona (Co) Virus (V)”.
Den 1. januar, 2020 stengde kinesiske helsestyresmakter sjømatsmarknaden Huanan i Wuhan etter at Vestlege mediereportasjar hadde hevda at ville dyr som vart selde der kan ha vore kjelda til viruset.
Frå starten av januar 2020 var dette gjenstand for omfattande mediedekning og ein global fryktkampanje som utfalda seg. Medias desinformasjon gjekk på høggir 24/7.
Dei kinesiske styresmaktene skulle angiveleg ha «identifisert ein ny type virus» den 7. januar, 2020, ved hjelp av RT-PCR-testen. Ingen spesifikke detaljar om isolasjonsprosessen vart gitt.
Mislykka identifisering av det nye koronaviruset
Seint i januar 2020 stadfesta WHO at dei ikkje hadde noko isolat av noko 2019-nCoV frå nokon infisert pasient, noko som betydde at dei ikkje greidde å stadfeste identiteten til det nye koronaviruset.
11. februar, 2020. Det påståtte «nye viruset» får nytt namn
Tidleg i februar 2020, etter at dei hadde feila i å identifisere det nye koronaviruset, vart det tatt ei avgjerd om å omdøype det til «Alvorleg akutt respiratorisk syndrom-koronavirus» (Severe acute respiratory syndrome corona virus) – SARS-CoV-2, som (ifølge WHO) «liknar» eit 20 år gammalt virus med tittelen 2003-SARS-CoV.
Eit tjue år gammalt 2003-koronavirus kategorisert i februar 2020 som «eit nytt virus»?
Stadfesta av WHO og The New England Journal of Medicine (NEJM), mai 2003:
«Eit nytt koronavirus assosiert med alvorleg akutt respiratorisk syndrom», som braut ut i Kinas sørlege Guangdong-provins i 2002 vartidentifisert og kategorisert som eit «nytt virus», kunne NEJM fortelle den 15. mai, 2003. (For over 20 år sidan).
Sjå skjermbilde av NEJM-artikkelen May 15 2003 under:


Video: Det ikkje-eksisterande «nye koronaviruset»
Michel Chossudovsky blir i videoen THE VIRUS THAT NEVER EXISTED intervjua av Caroline Mailloux, Lux Media.
«Big Money» og «Big Pharma» møtest i Davos
Det påstått nye viruset vart aktivt debattert på møtet til Verdøkonomisk forum (WEF) i Davos, Sveits (22. januar, 2020).
Den såkalte Coalition for Epidemic Preparedness Innovations (CEPI, Koalisjonen for epidemiberedskapsinnovasjonar) – ein organisasjon finansiert av Bill and Melinda Gates Foundation – la fram forslag til eit 2019-nCoV-vaksineprogram. Det vart kunngjort at det Seattle-baserte selskapet Moderna (støtta av CEPI) skulle produsere ein mRNA-vaksine som skulle bygge immunitet mot 2019-nCoV.
Utsegnene frå Davos og visse andre ting tyder på at 2019-nCoV-vaksineprosjeltet allereie var på veg tidleg i 2019. Og CEPI hadde førehandskjennskap til kunngjeringa av 2019-nCoV. (Michel Chossudovsky, Kapittel VIII).
Utviklinga av ein vaksine mot 2019 nCoV vart annonsert i Davos 2 veker etter kunngjeringa den 7. januar, 2020, og berre ei veke før den offisielle lanseringa av WHO si «globale helsekrise» (Worldwide Public Health emergency) den 30. january 30. Vaksinekunngjeringa til WEF-Gates-CEPI kom før helsekrisekunngjeringa til WHO, som spådde ei global helsekrise på grunnlag av 83 stadfesta positive tilfelle utanfor Kina-
Løgner og feiltaking
Alt dette utfalda seg på eit tidspunkt då det påstått nye koronaviruset med namn 2019-nCoV ikkje hadde blitt isolert, identiteten hadde ikkje blitt stadfesta og talet på innrapporterte tilfelle i Kina var svært lågt: «Den 3. januar 2020 var det rapportert inn 44 tilfelle, 11 er alvorleg sjuke, medan dei resterande 33 pasientane er stabile» (WHO-rapport).
Det fanst ikkje bevis for at det utfalda seg ein epidemi i Kina. Heller ikkje fanst det bevis for ein laboratorielekkasje. Det CEPI sa i Davos om ei «rask global spreiing av det nye koronaviruset» er ei stor, feit løgn.
Og så, den 30. januar 2020, erklærte generaldirektøren for WHO, dr. TedrosAdhanom Ghebreyesus, ei folkehelsekrise av internasjonalt format med absolutt null bevis for ein truande epidemi.
På same dagen var det 83 positive tilfelle totalt i verda utanom Kina i ei befolkning på 6,4 milliardar menneske. Sjå tabellen under: 5 positive tilfelle i USA, 3 i Canada, 4 i Frankrike og 4 i Tyskland. Spør deg sjøl: er det verkeleg ei verdsomfemnande krise?
Og dei (kumulerte) tilfella var baserte på PCR-testen (RT-Polymerase Chain Reaction Test) som ikkje detekterer identiteten til viruset. (Sjå vedlegg).
Tre veker seinare, på ein pressekonferanse den 20. februar 2020, kom WHO-sjef Tedros med skremslar om at det var ein overhengande fare for pandemi:
«[eg er] bekymra for at sjansen til å halde koronavirusutbrotet under kontroll ‘lukkar seg’» …
«Eg trur vindauget for sjansen enno er der, men det vindauget blir stadig mindre.»
Kva slags bevis la dr.Tedros fram til støtte for den freidige påstanden?
Den 20. februar 2020 var det berre 1076 stadfesta [kumulerte] tilfelle utanfor Kina (inkludert dei på cruise-skipet Diamond Princess, som var stranda i territorialvatna til Japan).
Same dag la WHO ut data over stadfesta tilfelle «etter land, territorium eller område utanfor Kina»: 15 i USA, 8 i Canada, 16 i Tyskland, 12 i Frankrike, 9 i UK.
«Utanfor Kina er det no 1076 tilfelle i 20 land, med totalt sju dødsfall … Av alle tilfella utanfor Kina, er meir enn halvparten blant passasjerane på cruise-skipet Diamond Princess,» sa WHOs generaldirektør, dr. Tedros, Geneve, 20. februar 2020
Wow!
Utan tala frå Diamond Princess, er talet på såkalte stadfesta tilfelle globalt, utanom Kina, den 20. februar 2020 firehundreogfemtito, av ein folkemasse på 6,4 milliardar. (s. 18-19)
11. mars, 2020: Den historiske COVID-19-pandeminedstenginga, «nedstenging» av ca 190 nasjonale økonomiar
WHO-generaldirektøren hadde allereie lagt grunnlaget på pressekonferansen den 20. februar:
«Verda bør gjere meir for å førebu seg på ein mogleg koronaviruspandemi.»
WHO erklærte offisielt ein verdsomfattande pandemi på eit tidspunkt då det var 44 279 (kumulerte) PCR-positive Covid-tilfelle utanfor Kina av ei befolkning på 6,4 milliardar. (For detaljar og analyse, så Michel Chossudovsky, kapittel II).
Dei 80 981 tilfella for Kina er også stadfesta kumulerte PCR-positive tilfelle. Merk at dei nye positive PCR-RT tilfella for Kina nådde toppen den 12. mars, 2020: beskjedne «26 nye» indikerer at pandemien i Kina var over den 11.mars, 2020.
Sjølv om den påståtte 2019 nCoV hadde blitt detektert og skikkeleg identifisert, ville talet på stadfesta tilfelle den 12. mars (44 279), som vart brukt til å rettferdiggjere å tvinge nedstenging på over 190 land, latterleg lågt (og då er det ikkje tatt omsyn til feila ved RT-PCR-testen, som ikkje detekterer eller identifiserer viruset. Sjå vedlegg for ei vurdering av PCR-testen).
WHOs «risikovurdering» grensar til latterleg
Og likevel vart den akseptert av 190 FN-medlemsland.
Klikk her for å gå til WHO sine nettsider
Ifølge ‘WHO RISK ASSESSMENT – GLOBAL LEVEL’, datert 12. mars 2020, var det den 9. mars 2020 i USA regisrert 3457 «stadfesta tilfelle» (RT-PCR-positive) av ei befolkning på 329, 5 millionar [Linken til denne WHO-sida er ikkje lenger tilgjengeleg]


I Canada den 9. mars 2020 var det 125 «stadfesta tilfelle» av ei befolkning på 38,5 millionar.
I Tyskland den 9. mars 2020 var det 2948 «stadfesta tilfelle» av ei befolkning på 83,2 millionar.
Som eit resultat av fryktkampanjen og den verdsomfemnande ekspansjonen av PCR-testing, fauk talet på såkalte PCR-stadfesta tilfelle til himmels. (For detaljar, sjå Michel Chossudovsky, 19. mars, 2022)
«Event 201» i oktober 2019 – Simulasjon av eit «Farleg virus» kalla nCoV-2019
Event 201 var ein såkalt bordplate-simulasjon (table-top simulation) av ein koronavirus-epidemi, sponsa av John Hopkins og Gates Foundation.
WHO adopterte først det same akronymet, 2019-nCoV (for det nye koronaviruset), som det til denne pandemi-øvinga. Namnet til det nye koronaviruset var (bortsett frå plasseringa av ‘2019’) identisk med namnet som vart brukt i simuleringa til Event 201.
Men prominente deltakarar vart simulasjonen halden den 18. oktober, 2019, mindre enn tre månadar før kunngjeringa av eit nytt koronavirus tidleg i januar 2020.
Blant deltakarane var representantar (alias avgjerdstakarar) frå WHO, US-amerikansk etterretning, Gates Foundation, Global Alliance on Vaccines and Immunization (GAVI) (finansiert av Gates Foundation), Coalition for Epidemic Preparedness Innovations (CEPI), Verdsøkonomisk forum (World Economic Forum, WEF), Dei foreinte nasjonane (FN), US Centers for Disease Control and Prevention (CDC), Kinas Center for Disease Control and Prevention (CDC, Direktør dr. George Fu Gao), Legemiddelgigantane, Verdsbanken med fleire.
Desse ulike organisasjonane spelte ei nøkkelrolle då den såkalte pandemien gjekk live tidleg i 2020. Mange trekk ved 201-simulasjonsøvinga korresponderte faktisk med det som faktisk skjedde då generaldirektøren for WHO lanserte ei Global folkehelsekrise (Global Public Health Emergency, PHEIC) den 30. januar, 2020.
Dessutan var sponsorane av Event 201 — inkludert WEF og Gates Foundation — så vel som deltakarane heilt frå starten av aktivt involverte i koordineringa (og finansiering) av COVID-19-relaterte politiske tiltak, inkludert RT-PCR-testinga, nedstenginga i mars 2020 og mRNA-vaksinen som vart lansert i desember 2020.
Kinas CDC-direktør, dr. George Fu Gao – som deltok i Event 201-simulasjonen – spelte ei sentral rolle under oppsynet med COVID-19-utbrotet i Wuhan tidleg i 2020, då han agerte i tett samarbeid med mentoren sin, dr. Anthony Fauci, og med Gates Foundation, CEPI, et al.
Dr. Gao Fu er utdanna ved Universitetet i Oxford med kolingar til Big Pharma. Han var også i fleire år ein fellow i Wellcome Charitable Foundation, som er eigd av GlaxoSmithKline (GSK, plc).
Den mystiske «identiteten til det nye viruset»
Namnet på viruset vart først identifisert:
–Oktober 2019: Event 201 Simulasjonsscenario, oktober 2020: nCoV-2019
–Desember 2019, Wuhan: 2019 nCoV
Og så kom det på mystisk vis ei ny namneendring på det nye koronaviruset den 11. februar 2020
frå 2019-nCoV til SARS-CoV-2, som står for «Severe acute respiratory syndrome Corona Virus-2».
Det var ikkje lenger eit «n»-prefiks (som indikert at det var eit NYTT VIRUS). Prefikset «n» var erstatta av suffikset «2»
Kva betyr SARS-CoV-2? Kva betyr det mystiske suffikset «2»? Det dreier seg om eit 20 år gammalt virus dei kalte 2003-SARS-CoV, som på ingen måte kan kategoriserast som eit «nytt virus».
«Nytt virus» versus «gammalt virus»:SARS-viruset frå 2002-2003
SARS-CoV-2 – som sidan 11. februar 2020 hadde blitt det offisielle namnet på «2019 novel coronavirus» – er på ingen måte eit nytt virus.
Tilbakeblikk til Kina, Guangdong-provinsen 2002-2003. Stadfesta av WHO og fagfellevurderte rapportar:
«Eit nytt koronavirus assosiert med alvorleg akutt respiratorisk syndrom» [SARS] braut ut i Guangdong-provinsen, Folkerepublikken Kina i 2002. (NEJM, mai 2003)
SARS var kategorisert som eit nytt («Novel») koronavirus i 2003; altså er det ikkje lenger nytt. Det vart oppdaga og isolert for 20 år sidan, tidleg i 2003.
Dei essensielle trekka ved viruset 2003-SARS-CoV
Stadfesta av WHO:
«Severe acute respiratory syndrome (SARS) er ein viral respiratorisk sjukdom forårsaka av eit SARS-assosiert koronavirus. Det vart først identifisert på slutten av februar 2003 [for over 20 år sidan] under eit utbrot som oppstod i Kina og spreidde seg til 4 andre land. …
Eit verdsomspennande utbrot av SARS har blitt assosiert med eksponering som kjem frå ein einskild helsearbeidar frå Guangdong-provinsen i Kina. Vi gjennomførte studiar for å identifisere den etiologiske agenten til dette utbrotet.
… eit nytt koronavirus vart isolert frå pasientar som stetta definisjonen av SARS-tilfelle. … Konsensus koronavirus primerar designa for å forsterke eit fragment av polymerase-genet ved revers transkripsjon – polymerasekjedereaksjon (RT-PCR) vart brukt til å skaffe fram ein sekvens som klart identifiserte isolatet som eit unikt koronavirus berre fjernt i slekt med tidlegare sekvenserte koronavirus.»
Det som er viktig i denne rapporten, er at WHO stadfesta at det nye 2003-koronaviruset med tittelen 2003 SARS-CoV hadde blitt isolert frå prøver tatt av pasientar, identifisert og tilknytt «severe acute respiratory syndrome» i mai 2003.
Identifiseringa av viruset blir skildra slik i NEJM (15. mai, 2003):


«Vi mottok kliniske prøver frå pasientar i sju land og testa dei ved hjelp av virus-isoleringsteknikkar, elektronmikroskopiske og histologiske studiar og molekylære og serologiske laboratorieprøver, i eit forsøk på å identifisere ei lang rekke potensielle patogen.
RESULTAT: Ingen av dei tidlegare skildra respiratoriske patogena vart eintydig identifisert. Men eit nytt koronavirus vart isolert frå pasientar som tilfredsstilte case-definisjonen for SARS. Cytopatologiske trekk vart observerte i Vero E6-celler innpoda med ei prøve tatt frå ei munnhole. Elektron-mikroskopisk undersøking avslørte ultrastrukturelle trekk som er karakteristiske for koronavirus. Immunohistokjemiske og immunofluorescente flekkar avslørte reaktivitet med gruppe I koronavirus polyklonale antistoff.
Konsensus koronavirus-primerar, designa for å forsterke eit fragment av polymerase-genet ved revers transkripsjon–polymerasekjedereaksjon (RT-PCR), vart brukte til å få fram ein sekvens som tydeleg identifiserte isolatet som eit unikt koronavirus som berre var fjernt beslekta med tidlegare sekvenserte koronavirus.»
Oppigjennom dei siste tjue åra, må det ha resultert i mange variantar av det opprinnelege 2003-SARS-koronaviruset.
Fråværet av eit isolat av «Det nye 2019-viruset (2019-nCoV)»
Medan 2003-SARS-CoV vart isolert slik det skulle, vedgjekk WHO i januar 2020 at dei ikkje hadde noka isolert og reinsa prøve av det nye 2019-koronaviruset frå nokon smitta pasient, noko som betydde at dei ikkje greidde å stadfeste identiteten til («det farlege») 2019 novel coronavirus som fekk tittelen 2019-nCoV. Det var grunnen dei gav. Høyrest absurd ut.
Korleis vart denne saka løyst? Etter råd frå Gates Foundation, samarbeidde WHO med Berlins Institutt for virologi ved Charité Hospital.
Under den vitskapelege rettleiinga til dr. Christian Drosten, fekk virologistudien frå Berlin tittelen Detection of 2019 Novel Coronavirus (2019-nCoV) by real time RT-PCR.


Studien frå Berlins stadfesta at:
«[Sjølv om]… fleire virale genomsekvensar hadde blitt sleppte, … var virus-isolat eller –samples [av 2019-nCoV] frå infiserte pasientar ikkje tilgjengelege …»
Det teamet i Berlin rekommanderte til WHO, var at i fråver av eit isolat av 2019-nCoV- viruset, skulle eit liknande 2003-SARS-CoV-virus bli brukt som ein «proksy» (referansepunkt) for det nye 2019-koronaviruset:
«Genomsekvensen tyder på nærvær av eit virus nært beslekta med medlemmane av ein viral art kalla alvorleg akutt respiratorisk syndrom (SARS)-relatert CoV, ein art definert av agensen i 2002/03-utbrotet av SARS i menneske [3,4].
Vi rapporterer om etableringa og godkjenninga av ein diagnostisk arbeidsflyt [prosedyre] for screening og spesifikk stadfesting av 2019-nCoV [med bruk av RT-PCR], designa i fråvær av tilgjengelege virusisolat eller originale pasient-eksemplar. Design og godkjenning vart mogleggjort av den nære genetiske slektskapen med 2003 SARS-CoV, og understøtta med bruken av teknologi for syntetiske nukleinsyrer.» (Eurosurveillance, 23. januar, 2020, utheving lagt til).
Det desse tvetydigheitene tyder på, er at identiteten til 2019-nCoV ikkje var påkravd og at «stadfesta tilfelle av COVID-19» (også kjent som «infeksjon frå 2019 novel coronavirus») ville bli godkjende utifrå «den nære genetiske slektskapen med 2003 SARS-CoV».
Korleis kunne det nye viruset bli kategorisert som «liknande» utan at det hadde blitt identifisert, det vil seie utan eit «isolat»? Hugs dessutan på at sjølv om PCR-testen ikkje detekterer viruset, så detekterer den genetiske fragment (av mange virus).
Rykande revolver
Det det betyr, er at eit koronavirus som vart oppdaga for 20 år sidan (då dette vart skrive) i Guangdong-provinsen i Kina (2003 SARS-CoV) har blitt brukt til å «godkjenne» identiteten til eit såkalla «nytt (novel) koronavirus» som først vart oppdaga i Kinas Hubei-provins seint i desember 2019.
Tilrådingane frå Drosten-studien (finansiert med eit stipend på $249 550 frå Gates Foundation) vart så overførte til WHO.
Dei vart deretter tatt inn i varmen av WHOs generaldirektør, dr. Tedros Adhanom Ghebreyesus.
WHO hadde heller ikkje det «virusisolatet» som trengdest til å identifisere det nye viruset.
«Samma det.» Det vart fatta vedtak om at eit isolat av det nye koronaviruset ikkje var påkravd.
Det er klart at viss PCR-testen brukar viruset 2003 SARS-CoV som ein proksy eller eit «referansepunkt», så kan det ikkje finnast eit einaste «stadfesta tilfelle» som gjeld det nye koronaviruset, 2019-nCoV.
2019 nCoV vart den 11. februar 2020 omdøypt til SARS-CoV-2 av Den internasjonale komitéen for klassifisering av virus ( International Committee on Taxonomy of Viruses). Det forklarer suffikset «2».
«2019 novel coronavirus» blir sagt å vere «likt» 2003-SARS-CoV, som i ettertid vart omdøypt til SARS-CoV-1 (for å skille det frå SARS-CoV-2).
Det NYE viruset (2019 nCoV) er «ikkje-eksisterande» (ingen RT-PCR-stadfesta tilfelle).
WHO erklærer RT-PCR-testen ugyldig
Det er rikeleg dokumentert at RT-PCR-testen påviser genetiske fragment av mange ulike virus utan å kunne identifisere viruset.
Sjå denne artikkelen: The WHO Confirms that the Covid-19 PCR Test is Flawed: Estimates of “Positive Cases” are Meaningless. The Lockdown Has No Scientific Basis, av professor Michel Chossudovsky, 10. desember, 2023
Sjå også vår vurdering av RT- PCR i vedlegget til denne artikkelen.
Betydninga av, og tvetydigheita ved, avgjerda til WHO – etter råd frå Berlin Virology Institute – gjeldande problemet med å «isolere» det nye koronaviruset, har blitt oversett. «Ikkje spør».
Media i Storbritannia rapporterte den 6. februar 2020 om namnebytet til viruset:
«[Det] Dødelege koronaviruset skal ENDELEG få eit namn: Vitskapsfolk planlegg å sette merkelapp på sjukdommen i løpet av nokre dagar – men den vil ikkje bli oppkalla etter nokon plass eller noko dyr. Den internasjonale komitéen for klassifisering av virus har levert inn eit namneforslag.»
Big Money, Big Pharma. Patentrettar
La oss hugse på: Covid-Krisa som framleis føregår, er ein global Big Money-operasjon med talrike produkt frå Big Pharma(storprodusentane av legemiddel), alt frå den verdsomspennande misbruken av RT-PCR-testen, til multimilliard-dollar-vaksineprosjektet som til stor grad var dominert av Pfizer.
Handla namneendringa til SARS-CoV-2 eigentleg om honorar («royalties») og patentrettar til vern om intellektuell eigedom? Patentet som handla om 2003 SARS-CoV vart søkt om i april 2004 og gitt i mai 2007 til U.S. Department of Health and Human Services: Patent No.: US 7,220,852 B1 Dato for patentet: 22. mai 2007. (Dette er ei sak for vidare granskingar.)
Den store løgna og det ikkje-eksiterande nye viruset. Kva blir konsekvensane?
Som dokumentert over (stadfesta av WHO), vart det nye 2019 koronaviruset aldri identifisert.
Bruken av eit 20 år gammalt virus kalla 2003 SARS-CoVsom ein proksy for det påstått nye viruset, stadfester at det ikkje var nokon pandemi på grunn av eit nytt koronavirus i januar-mars 2020.
DET VAR IKKJE NOKO «NYTT VIRUS»THERE WAS NO “NEW VIRUS”.
Dette betyr at både den ruinerande nedstengingspolitikken som vart pålagt 190 land den 11. mars 2020 og den globale utrullinga av Covid-19-vaksinen i midten av desember 2020 var bedragersk. Dei var basert på ei stor løgn som har bidratt til å øydelegge liva til folk i nesten fire år.
Dei uopphøyrlege fryktkampanjane hadde svært øydeleggande verknad på helsa til folk, deira mentale helse, inkludert ei verdsomspennande bølge av sjølvmord. I mange land vart det registrert sjølvmord blant barn i skulealderen (Sjå Michel Chossudovsky, kapittel VI)
Den store løgna framskunda nedstenginga
Den uuttalte sanninga er at det nye koronaviruset har gitt påskott og rettferdiggjering for mektige pengeinteresser og korrupte politikarar til å slynge heile verda inn i ein spiral av massearbeidsløyse, konkursar, ekstrem fattigdom og desperasjon.
Nedstenginga (lockdown) var økonomisk og sosial krigføring. Arbeidsstyrken vart innskrenka, arbeidsplassen vart frosen, og det førte til ein konstruert global økonomisk kollaps.
Denne krisa er på ingen måte over. Heile verda er i kvelartaket på den alvorlegaste gjeldskrisa nokon gong i verdshistoria. Alle kategoriar av gjeld (privat og offentleg). Den nasjonale gjelda til USA har for første gong i historia overstige $35 billionar (35 tusen milliardar dollar), ifølge budsjettkomitéen til US House of Representatives, kunngjort den 29. juli, 2024.
Som WEF-milliardærane seier til dei som har mista heimane sine eller ikkje kan betale den månadsvise husleiga: «Eig ingenting. Ver glad.»
mRNA-«vaksinen» som skulle beskytte folk mot eit ikkje-eksisterande nytt virus
Det er rikeleg dokumentert at mRNA-«vaksinen» som skulle beskytte folk mot eit ikkje-eksisterande nytt koronavirus som var omdøypt til SARS-nCoV-2 har resultert i ein stigande overdødstrend.
Den konfidensielle Pfizer-rapporten, som vart offentleggjort ved dom ved offentlegheitslova Freedom of Information Act, stadfester – basert på Pfizers eigne data – at vaksinen er ein giftig substans. (Deler av) rapporten kan lesast her.
Bevisa er overveldande: sjå dr. William Makis sin gode dokumentasjon på kva innverknad «vaksinen» har hatt på folk frå alle samfunnslag: pilotar, helsearbeidarar, skulebarn, studentar, atletar, gravide kvinner og nyfødde spedbarn (og mange fleire).
Overdødelegheit
Det finst talrike studiar på vaksinerelatert mortalitet. Under er ei oppsummering av ein flengande studie utført av Edward Dowds team, som handlar om kreftrelatert overdød i England and Wales som resultat av mRNA-vaksinane.
Dowd sin metode var å analysere talet på dødsfall som var tilskrivne kreft i England og Wales mellom 2010 og 2022 (basert på dataa til det britiske statistiske sentralbyrået, U.K. Office for National Statistics).
Tabellen under gjeld dødsfall utover normalen (overskytane dødsfall, overdød) relaterte til vondarta neoplasi (kreft-tumør) i England og Wales, registrerte i åra 2020, 2021 og 2022, sett i forhold til den 10-årige trenden for åra 2010 til 2019.
Dataa for overdød i 2020 (året før vaksinen) er negative, med unntak for «vondarta neoplasi utan spesifikasjon av lokalisering».
Vaksinen mot COVID-19 vart rulla ut i fleire fasar i England og Wales med start den 8. desember, 2020 og fram til mars-april 2021.
Den stigande overdøden (%) held fram i 2021. Auken i overdødelegheit relatert til vondarta neoplasi er ordna i tabellform for dei to første åra med vaksinen.


Under er ein liknande tabell for overdød i Tyskland, som peikar på avviket mellom observert død og forventa død (etter aldersgruppe) i åra 2020, 2021 og 2022.
Legg merke til endringa til det verre i 2021 og 2022 etter utrullinga av Covid-vaksinen i desember 2020:
Tyskland: overdødelegheit etter aldersgruppe (%)


Japan. Overdødelegheit (2020-2022): Sprang i overdøden i 2021 og 2022 (Januar-oktober 2022)


Grafen under: Alle dødsfall innrapporterte til (databasen over vaksinebiverknadar) VAERS sidan 1990. Ein observerer at talet på dødsfall auka dramatisk i 2021, korresponderande med første året med Covid-vaksinen som vart lansert i USA i midten av desember 2020.


Feilinformasjon frå media, frekke løgner
Det finst talrike studiar på overskytande mortalitet etter vaksinering, noko media ignorerer.
Ufråvikeleg hevdar pressa med autoritet at det er viruset som er «farleg» eller «dødeleg», når det faktisk er «vaksinen» som har trigga ein stigande mortalitetstrend.
The Daily Mail refererte den 6. februar, 2020 til eit «dødeleg koronavirus», og skremde med at det spreidde seg over heile verda.
Nemninga «Det farlege viruset» er ei frekk LØGN:
Det er stadfesta av WHO, CDC og fagfellevurderte rapportar at 2019 nCoV-19 ikkje er farleg. Sjå vedlegg under.
Når løgna blir sanninga, er det ingen veg tilbake
SENSUR: Den opprinnelege Global Research-videoen som Ariel Rodriguez produserte i februar 2021 vart fjerna frå Vimeo den 5. mars, 2022. Her er versjonen på Rumble
***
Vi takkar Vaccine Choice Canada
Omsett av Monica Sortland
Av omsyn til lengda på artikkelen den korta kraftig ned. Mellom anna er ikkje vedlegget omsett til norsk.
Om du vil lese VEDLEGGET, kan det finnast (på engelsk) i originalartikkelen: https://www.globalresearch.ca/there-never-was-a-virus-there-never-was-a-pandemic/5841105
Forsidebilde: Lexica